Ally er så tjukk og god at eg måtte filme litt :) Og så gjekk banda i surr da..... Flexiband er ikkje for pyser :O Men så må Ally få sleppe å gå i trioband med dei to andre virrelusene no når ho er drektig og vil gå i sitt eige tempo. Ho er forøvrig kjempesprek for tilstanden sin og hopper fortsatt opp og ned sofaen før eg får stoppa ho ;)
0 Comments
Stakkars lisje Anemone i kveld....ho har vore på Ålesund Dyreklinikk og fått tatt bort en liten fettkul på halen. Den satt godt sa dei så det var bra vi tok den bort no før den kanskje blei større og vanskeligare. No er haletutten barbert og blitt sydd igjen. Med smertestillande innabords og en liten antibiotikakur så søv ho søtt i jakka til mor med varmeflaske på ryggen....og vi håper det går fort over <3 Oppdatering: Søndagskveld kan vi puste letta ut, halen er i god bedring og Anemone like så :)
I desse deilige vår-sommerlige dager så tenker eg at eg har lyst å skrive litt om dette med pels og barbering.
Eg vil nemlig oppfordre om at du kun stusser/klipper din cavalier hvis det absolutt er nødvendig! Barbering er nemlig ikkje så lurt av fleire grunner. Det er ein stor risk for at pelsen vil bruke veldig lang tid på å bli skikkelig att. Og viktigast: det reduserer funksjonen til pelsen slik at den ikkje held hunden varm på kalde dager og kald på varme dager. Ja faktisk – er det ikkje rart? Den hjelper hunden til å halde seg sval i varmt ver også! Cavalieren har som mange andre (men ikkje alle) hunderaser to-lags pels. Eg har hørt at noken påstår annleis men ok, så langt har ingen forska på at dette er heilt sikkert hos cavalier(så vidt eg veit pr no), men eg vil la tvilen kome til gode og eg trur at den har fleire typer hår. (på Amerikansk Cavalierklubbs heimeside har det tidligare stått at den er singel silky men det er no tatt bor og det står kun silky) Cavalierpelsen er ikkje tydelig dobbel som andre hunderaser (pomeranien og border collie for eksempel) men jo dei ulike håra er der. Overhår/pels kan vere tjukkare og striare og eller meir silky, kan vere lengre og ligg meir over(kan til og med vere meir vannavisande). Og så har vi for eksempel puddel og yorkshire terrier med ett lags/hår –pels (som må klippast men ikkje røyter så mykje/raskt) - til sammenligning. Teikninga på bildet under er frå ein husky-lignande pels og der er jo to-delinga meir tydelig. Det er ikkje så tydelig todeling hos Cavalier(ei heller så tjukk og/eller tydelig i funksjon som hos husky sjølvsagt, men til og med labradorens korte pels er todelt), eg tipper den er meir sammensatt. Men vi må alle huske at cavalierer er også forskjellige og nokre har tjukk pels og andre har tynn. Ein av grunnane til at eg meiner pelsen til cavalieren er todelt er at når dei er kvalper så har ikkje pelsen overpels, den kjem seinare. Ergo vil eg tru at ein vil finne to typer hår/hårsekker om ein Innimellom hytteturer og påskeferie blei det tid til litt våronn i dag. Hagen har trengt ei oppgradering av gjerdet i hekken og no er det (nesten) ferdig. Vi kjøper 90 cm plastlaminert gjerde på rull a 10 meter og det passer perfekt inn i hekken. Tidligare hadde vi hatt ein mindre tynnare variant men den blei for mjuk og lett for dei å pirke seg igjennom her og der. No er det berre å vente på at hekken veks seg godt inn i gjerdet og så blir det (nesten) usynlig. Slik får vi ein hundeglad hage :) Så var den her da...våren...med båndtvang. Håper alle bruker sunn fornuft og båndtvang likeså. Her er frå dagens tur ...fangst av både påskeliljer og rusk og søppel folk har slengt frå seg i naturen. Så til slutt ei lita oppfordring å bruke langline så hundane får strekt på beina av og til der det er fornuftig og ingen små rådyrkalver ligg og sole seg. God vår! Det er høgtid i heimen når medlemsblada kjem i postkassa. Her er Danske "Cavalierposten" og Norske "Cavalieren", 2 koselige blad :)
Eg anbefaler alle som har cavalier eller som tenker på å skaffe seg ein å melde seg inn i klubben vår. Då blir ein medlem i moderorgianisasjonen Norsk Kennel Klub (NKK) som også gir ut 4 blad i året: "Hundesport". Ja det er vanskelig å la vere sånne fristelser på nett... Eg har altså meldt meg på eit kurs som går på nett over eit års tid. Det er "ELITE Hundeeiger" hos Nordisk Neste- og Hundeterapiskole med 9 moduler og masse ekstra nerde-godis. No kan eg kose meg i eit år framover med mykje god lære om korleis hundens kropp fungerer og det å trene/forebygge skade mm.
I tillegg går eg (mitt fjerde; AB2) kurs hos Emma Garlandt i "Hun om Hund". Emma er adferdsbiolog og tek for seg adferden til hunden -Vitenskapelig basert hundekunnskap. Her går vi heilt i dybda på dei biologiske fenomena som styrer adferd(følelser, sanser, gener, evolusjon/seleksjon, nervesystemer osv) - Etologi. ELITE går meir på det med korleis resten av kroppen fungerer. Så da tenker eg at eg har litt å gjere framover :) No er det ca 1,5 mnd sidan dei tre muskedusker har fått bada seg. Dei var ganske så seige og grå i pelsen pga grusveier så det var på høg tid. Eg sjamponerer to gonger og har i balsam før eg skyller veldig godt alle såperester ut. Eit sammenleggbart babybadekar er ganske genialt syns eg :) For tida bruker vi favoritten Chris Christensens-produkter men oss liker også Plush Puppy sine.
Denne helga har mor kursa seg igjen. Ja en kan no ikkje gå glipp av det når Turid Buvik frå Trondheim Hundeskole har komt til Sunnmøre Hundeklubb for å lære oss meir om hundeadferd!
Og gjett kem som stakk av med Ona-sjokolade-og-kaffebrenneriet-premien for beste kommentar på kurset.....hihi...nomnom :))) Og påskestrikket veks i takt med hjernecellene... :) Når mor er blitt skikklig forkjøla så må jentene får seg noke ekstra å bryne seg på.... Her er brukt do-/tørkeruller, gamle kluter stappa oppi med godbiter....tredd på ein tråd og festa godt på begge sider i passe høgde. Tidsforbruk; 7 min. Artig :) Ein halvtime seinare har Bonnie gitt seg mens dei to andre strever enda med dei mest vridne restane, hehe. Mor kan snyte seg for ørtande gong og legge seg under teppet igjen med god samvittigheit for kvelden. Vi kom jo i avisa gitt...hihi. Det eg fekk sagt ... (etter full panikk i mitt indre av å få spørsmål av ein journalist sånn heilt plutselig) ...var igrunn noke som eg syns er veldig viktig!
Det les eg akkurat om også for eg tek endå eit kurs hos HunomHund-Emma; "Adferdsbiologi2". I heimelekse les eg bladet "Tufts Now" at Temlpe Grandin snakker om det at vi gjer hundane våre ei bjørnetjeneste. Ironisk nok ( i dobbel forstand...tok du den?, hehe) når hunden stammer frå ulven så er den alikevel ein eigen rase og ulik. Kort fortalt frå artikkelen: "Mange studier er gjort for å sammenligne ulv og hund. Ulven er opptatt med å løyse problemer mens hunden er opptatt av å få hjelp av oss. Vi har gjort hunden hyper-sosial, og med dagens strenge båndtvang-lover får ikkje hundane lov å vere det. Han meiner at hundande lir under dette og det er årsaken til mange problemer hundane får i samfunnet." Derfor var min beskjed i Sunnmørsposten at: Sunnmøre Hundeklubb sitt område er viktig for samfunnet. Uten ein plass å møtest, leike, trene og sosialisere mister hundane evna til å opptre korrekt i samfunnet ellers! ...er det tid for å ta ut den overflødige skogen...
Altså, pelsstell. Her er nokre bilde av pelsstellet etter turen i dag. Eg bruker kam og etter ca 10 minutt er Anemone god som ny. Ein halvtime seinere er pelsen tørr att også. I dag gjekk vi på skitur frå Fylling mot Svartløken. Det er nok med 3 km så då tok vi pause i skogholtet før vi rann nedatt. Hvis du lurer på kva dei har på så er det Jægerens superdekken str 1 for tisper. Den er super i klabbever og gjer også at dei held passe på varmen når dei tross alt er godt i bevegelse på heile turen og ikkje treng tjukke klede. Det har hendt det har vore kaldare enn -5 og då vurderer eg dekken utanpå. Desse damene er litt frostpister som mor si og frys og skjelv fort hvis det blir stopp. Det var på hengande håret vi trengde potesokker men vi hadde smurt godt på med potesalve så det blei ikkje isdannelse før litt heilt på slutten av turen for Ally og Anemone såvidt. Bonnie har ein litt annan type pels så den klabber mindre.
Vi bruker aldri flexiband i løypa for det kan faktisk vere livsfarlig, (jo eg gjorde det ein gong og aldri meir!) Vi bruker eit joggeband kjøpt på Felleskjøpet (merke Kennel Equip). Og ein tredeler av samme kaliber kjøpt på Ebay. Jentene har lært å gå til høgre for skisporet som eg går i. Det kan dei hvis det er hardt underlag som tillet det slik som i dei flotte løypene på Fylling. Hvis dei går over så stopper eg.(prøver iallefall å vere konsekvent men det er ikkje så lett på ski...hehe) Dette gjer at sikkerheita for både dei og meg blir litt bedre for det kan bli kræsj om dei spring foran meg og eg ikkje klarer å stoppe. Så er det sikkert kjekkare for dei som er redd hunder eller dei som vil skjøyte midt i løypa. Eg vil forresten herved beklage til den som måtte bremse litt ned ein bakke då eg slapp Ally nokre sekund...(vi var åleine i bakken sekuna før) Eg måtte berre sjekke om ho gjekk ok for eg mistenkte noke rart ei pittelita stund. Eg må jo heile tida passe på at dei har det bra og det er ikkje alltid like lett å sjå om alt er ok når dei går i trespann. Normalt sett er dei alltid i band i løypa men det er altså ikkje alltid så lett å garantere noke. Vil tru det gjekk veldig bra å slakke litt på farta for min baby. Det var mange andre tobeinte små unger også i løypa denne dagen. Mange seier...ååååå sjåååå mamma så søøøteeeee :)))) Fole kjekt det! Men vi kan ikkje stoppe for alle, hihi ;)))) Det må eg berre lage eit lite innlegg om fordi eg syns det er så viktig. Halsband kan skade nakken ved rykk og napp av hund eller eier. Det kan vere direkte livsfarlig for små kvalper som leiker seg i feks fleksiband eller langline som er umulig å ha kontroll på. Tenk deg ein bråstopp i fullt galopp :O Vi anbefaler sele for både kvalper og vaksne. Det er ei myte at hunden dreg meir i halsband enn sele. Det er berre å google litt så finn ein mange argumenter. Feks her. Er du framleis ikkje overbevist så gå eit par turer med halsband på deg sjølv og sjå kva du syns. Husk berre å ta av selen inne :)
PS! Sjølvsagt kan halsband brukast, men med forsiktigheit på vaksne hunder som ikkje dreg i bandet. Får du ikkje trent hunden til å gå pent kan du jo prøve ein slik anti-dra sele med festet framme på brystet. ...og nei vi er ikkje sponsa av Huntersele desverre..... ;) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
April 2024
Framheva sider:
|