På vegen heim fann vi ei bøtte....og ja, kan man få ein klarare beskjed om å plukke opp?
Den vart full på 650 meter med forholdsvis rein og fin natur. I dag har vore den store fugletelledagen. Då blir det lang frokostkos med kikkert og tellesaker. Frokosten varer heilt til lunsj og det er ekstra koselig på kjøkkenet med fyr i ovnen og lys på bordet. Ally har fulgt med i vindauget, Anemone har hatt ei fortvilt lyst å fare ut heile tida mens Bonnie tek livet med ro.
Det er så kjekt å gå tur sammen med andre av og til. Vi fekk helse på herlige Elvis igjen og han var iallefall overlykkelig for å springe laus sammen med så mange damer + ein annan herremann.
Tusen takk for turen Kairo, Elvis, Ally, Bonnie, Anemone, Rosa og Linn :) Vi gler oss allereie til neste tur og kanskje vi er så heldige å få litt meir dagslys! Av og til så lager eg til eit småhundtreff slik at små firbeinte trygt kan gå turer i lag og bygge vennskap og sosialisere seg med andre :)
Denne mandagen fekk vi endelig opplettsver og det var 8 små hunder som fekk gå ein fin tur i lag. Eg trur vi tobeinte kosa oss minst like mykje og :) Nokre gonger i året så klipper eg potane på pelsklingane. Kanskje noken lurer på korleis det går føre seg? Ja men da var det jo lurt at eg blogger om det da :)
Det snør og regner om en anna så det blei en kort tur i dag. Men jentene treng av og til litt mestringstrening og kva er vel bedre enn å bruke ein våt og forlatt leikeplass?
Opp å stå, klatre litt her og undersøke litt der....godbiter og godord gjer godt for kropp og sinn. Jentene blir såååå fornøgde og med fornya sjølvtillit :) Gløymde å fortelle om det som skjedde i dag tidlig....det har blåst og storma i heile natt... Så plutselig høyrer eg det er noke som dett som steiner på taket og eg lurte på om det var ei ørn som kræsja eller kva i alle dager! Kika ut og ser DIGRE halg på størrelse med druer!!
DÅ var eg glad ingen hunder var ute!!! Endelig kom sløyfene for jentene sin flotte innsats i Rally-lydigheit!
Som nr 4 (Anemone!), 7 (Bonnie) og 8 (Ally) er dei av dei beste rallycavalierane i Norsk Cavalierklubb 2018!! Ally var så uheldig i jula å knekke ei tann.... Huff, ein god tyggejeksel er no borte men vi får håpe ho tilgir oss for det. Den var ødelagt heilt inn så dette hadde gjort så vondt at ho ikkje klarte å tygge på denne sida i heile jula, og eg fekk ikkje lov å pusse tennnene på den sida heller. Ikkje det at dette matvraket let seg stoppe av det.....ho fullførte tyggebeina sine ofte først av jentene alikevel :P Ho hadde nesten ikkje tannstein og tennene har haldt til å tygge margbein til no, men kanskje vi må vere litt forsiktige sjølv om det var altså "berre" ein tørka oksehale at tanna knakk på. Det small godt då det skjedde og Ally slutta å tygge eit halvsekund før ho knaska vidare.... rare tulla....
No ligg ho her foran peisen og er nok heilt utslått ei lita stund....stakkars lita Ally mi <3 |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
September 2024
Framheva sider:
|