Stell og utstyr
Her beskriver eg litt av kvardagsstellet til hundane våre. Ikkje alle er akkurat som våre men slik er det altså hos oss ;)
Kva ting treng du før kvalpen din kjem i hus?
Her finn du listene! |
Pelsen:
Ally, Bonnie og Anemone røyter litt heile året... Der er to perioder (vår-haust) der vi merker det ekstra godt og det kan vare i nokre veker som værst. Vi kjemmer dei ca annakvar dag lett over heile (det trengs nesten ikkje, men er godt for hud og daud pels), men ver nøye bak øyrene, hale, og beheng. Dei har sjeldan floker hvis vi gjer dette regelmessig. Det hender dei dreg med seg lyngen heim mellom beina. Det kan vere lurt å ta dette bort med ein gong så det ikkje tover seg og lager floker. Ikkje berre lurt...det er eit must ;) Bonnie har den lettaste pelsen av dei tre, og Anemone den lengste som av og til gir litt utfordringer i snø og lyng. Då kan vi bruke kondomdress (Jægerens Superdekken str 1 for tisper) som gjer at pelsen ikkje får klumper av snø- da treng vi berre sjekke labbane av og til for isklumper som kan danne seg mellom tredeputene- Ein god potesalve og/eller litt balsam(spray) er då lurt. |
Husk å sjekk pelsen for flått kvar gong dei har vore ute i skog og mark! Vi bruker en sjeldan gong Exspot ellers av og til heimelaga spray. |
Vi har hatt god erfaring med å snike litt lakseolje i frokosten til jentene. Tidligere røyta dei enormt eit par tre veker på vår og seinhaust og gjevnt over heile året. No er det litt mindre gjevnt over og røytinga i høgsesongen er mykje mindre. Anbefaler derfor denne oljen som man får kjøpt på dyrebutikker. Andre merker fungerer sikkert også, men pass på at ein ikkje gir tran meint på menneske då det er tilsatt vitaminer som hundane ikkje skal ha så mykje av som vi. |
Bading: Hundane bader med shampoo og balsam ca 1 gong i mnd eller sjeldnare. Etter ca ein mnd merker eg at spesielt håra ved øregangen kan bli meir feittete og floke seg lettare. 2 shamponeringer og 1 med balsam så frottetørking og litt føning :) Eg anbefale slik silketørkedrakter til slutt...då blir pelsen så fin og blank atte! Ved løpetid eller rulling i illeluktande ting kan det hende vi må bade/dusje oftare. Anemone er den som er "flinkast" til det... Men då tek vi ofte der det trengst, ikkje nødvendigvis heile kroppen. |
Dei tre cavalierane mine er atså litt ulike, men pelsane er nesten "sjølvrensande". Om labbane blir litt møkkete så let eg dei springe på graset og vips...det er berre å dra ein kam gjennom hvis det er mykje kvist og kvast og så når det tørker er dei like fine og kvite igjen. Hvis vi går på asfalt som er mykje støv på så må vi sende dei i dusjen for litt avspyling. Dei har ikkje noke i mot dette og når hårføneren kjem fram så syns dei det er aldeles nydelig!
~ * KOS * ~ = viktigst!
Tilvenning frå dei er små er viktig - hvis ein vil ha dette lettvindte livet seinare ;)
~ * KOS * ~ = viktigst!
Tilvenning frå dei er små er viktig - hvis ein vil ha dette lettvindte livet seinare ;)
Klørne:
Frå 3 vekers alder så er klørne blitt klippt. Det bør gjerast ca annakvar/tredjekvar veke. Ein godtbit etterpå får dei fleste til å godta slik behandling. Stikkord: ver bestemt men forsiktig og ta kun eit par klør i gangen til å begynne med.

![]() Når det er kaldt ute så får hundane ei ekstra runde med potesalve og det gjer godt for potane. Dei blir mjukare og tåler litt meir. Så kom eg jo på den glupe tingen at eg kunne filme litt... Her viser Anemone korleis ho snill og rolig aksepterer at eg steller litt, klipper klør og greier ut en floke på låret. Legg merke til at eg legg inn og avslutter alltid med kos... Eg har trua på at det er det som er kluet for å venne ein hund til å like å bli stellt. Eg begynte med å klippe klør frå ho var 2 veker...litt og litt og alltid gjere det til ei kosestund. Når ho blei ca 3-4 mnd kan det hende av og til at det blei en liten kamp. Då held eg ho bestemt, klipper 1 stk klo til og så koser maaassse og skryter maaassse. Legg merke til at eg held ho i eit trygt og godt grep slik at ho føler at ho sitt trygt og også slik at ho ikkje finn på å rykke til og kanskje skade seg. Hvis ho får låkt så lat som ingenting, masser ei lita stund og kos. Tålmodigheit er en dyd...ikkje gå for fort fram -litt kvar dag/veke er tingen. Kluet er å få hunden trygg på klosaksa! Alltid start/avslutt med kos og skryt. Ho vil då forbinde denne stunda med noke positivt :) |
Redigert: Eg har tatt fleire adferdskurs hos Emma Garlant og ho har ein god video som viser korleis du venner hunden din til klosaksa: |
Klipping? Ein Cavalier skal helst ikkje klippast! Men eg klipper litt under føtene, mellom tredeputene og rundt labbane for at det skal vere litt enklare å bli tørr, mindre klabber i snø og mindre grus/rusk som samler seg under og mellom tredeputene. Men sidan vi stiller ut så gjer vi dette ikkje rett før ei utstilling ;) Der er fleire grunner til å stusse sin cavalier, men pass på å aldri barbere eller klipp for kort. Her finn du ein god begrunnelse og forklaring kvifor det ikkje skal gjerast. Klikk på bildet: Eg har også blogga om det... LUrer du på korleis vi klipper poter og barberer rundt tredeputene? Då kan du sjå då vi blogga om det HER. |
Tennene:
Pusse tenner gjer vi ca eit par-tre gonger i veka. Det er lurt å begynne med frå dag ein (og då kvar dag for tilvenning)! Vi bruker barnetannbørste og hundetannkrem kjøpt på dyrebutikk. OPPDATERT: MAN BØR VERE FLINKARE ENN OSS OG PUSSE MINST ANNAKVAR DAG!! -det sei ekspertane! Vi skal heretter skjerpe oss på dette O:) Her får dei også jevnlig noke å gnage på, tyggepinner med "kylling" er favoritten. Elles går det i rå margbein, oksestruper, tørka oksehaler og dentastix. Men OBS: dentastix og andre tyggepinner er meir som godteri for tennene og skal ikkje brukast i staden for anna tannstell. Eg anbefaler tannpuss og margbein av okse. Etter ei runde med margbein (som eg kjøper oppsaga i passe biter hos slakteren) så er tennene gullande fine og det tek tannstein på ein naturlig måte. Men OBS: det kan vere ein rimelig stor risiko for at det kan knekke tenner.... Ally knakk tyggejekselen sin i jula (-19) då ho tagg for ivrig på ein oksehale der det var eit bein inni som ho sikkert ikkje rekna med... :( Då var det rett til dyrlege og tanna måtte ut! |
Augene:
I ny og ne får dei ein klut i ansiktet med lunka vatn. Det tek augepuss og "morgentrynet" blir reint og fint. Mange Cavalierer kan ha litt rennande auge som dei fleste andre raser med store auge. Hos Ally var det kanskje litt mens ho var kvalp (det er også visstnok vanlig) men ho har ikkje det i dag. Det kan ofte komme litt puss som ser ut som noke som legg seg som ein blank "tråd" over auge av og til- det er heilt ufarleg og er berre å gnike bort om det ikkje dett bort av seg sjølv. Ally slikker det gjerne i seg...æsj..hehe.
Pusset skal vere blankt og luktfritt -er det farga eller lukter så må det sjekkast ut hos veterinær. Eg bruker små ampuller med saltvann (apotek) som eg skyller med hvis det er behov. Det bør ein ha i hus då etter ein tur ute så kan dei ha fått litt rusk på auget.
Ellers... hvis det lukter og er mykje av augene så dra til dyrlgen for en sjekk! Det kan vere augehår som irriterer eller anna og då MÅ en til vet!
Kamille-te er fint å bruke til å vaske under augene med. Det tek også litt lukt og hindrer flekker og skit å gro. Vaske mot auget og tørk godt, det er viktigst.
Men OBS: hvis augene renner mykje så må ein til veterinær og sjekke. Det kan vere ekstra augehår eller anna som irriterer og som må gjerast noke med. Det er ikkje slik at augene skal renne mykje og heile tida, då er det noke gale.
Tips: Lurer du på når du må til veterinær for noke med hunden din? Som hovedregel kan ein tenke slik: Når du hadde følt at det var på tide for ein legesjekk på deg sjølv, likeså bør ein tenke at det er på tide med ein legesjekk for hunden.

Ørene: Ved behov renser vi ørene med ørerens. Ørerens får ein tak i hos dyrlege og dyrebutikker. Pass på at det er god lufting og tørke godt etterpå. Vi bruker litt forskjellige sorter; Espree ear care, Oxymed ear cleaner og en god en som heiter Tropiclean oxymed ear cleaner. OPPDATERT: Etter råd om å la dette vere kun ved behov har vi ikkje rensa ørene på mange månader og det går heilt fint. Når er det på tide? Hvis dei klør seg i ørene...(la oss sei kvar einaste dag eller meir enn 1 gong pr kveld) ... hvis dei lukter ekkelt! Hvis du ser noke prikker... og flekker.... Gjer det til ein vane å ta ein titt pluss en sniff inn i øyrene på godklumpane dine ofte :* |
Vårt tips mot floker i ørene : bruk hundebalsam og snik litt omega3 i dietten. Bak ørene kan det floke seg skikkelig (spesielt på halvgamle kvalper). Sjekk derfor minst anna kvar dag om der er begynnelsen på ein floke og grei den ut med ein gong.
Alt arbeidet ein legg i å kose med hundane/kjemme dei når dei er små er grunnlaget og heilt nødvendig for at hundehaldet skal bli ENKELT når dei er vaksne!
Anemone har eit tips mot floker i øyrene -> HER!

Då Ally blei rundt året vart pelsen bak ørene lettare og mindre flokete. Altså i kvalpe-tenåra var den værste perioden. Vi klippte aldri, eg har mest tru på å greie det ut og gjere det sakte og til ei kosestund slik at hunden blir vant til det. Litt kvar kveld er viktig slik at ein ikkje treng å ta alt som kan vere litt vondt på ein gong. Då vil ikkje dei vere med på slikt meir og vil vri seg unda. Å gjere det til ei kosestund er derfor viktigare enn å få ut ein floke akkurat der og då.
Samtidig, ta floken når den er fersk, då meiner eg timer etter du oppdager den, ikkje dager ;)
Samtidig, ta floken når den er fersk, då meiner eg timer etter du oppdager den, ikkje dager ;)
Bur
Her i huset bur vi fritt. Vi har vaksne hunder og då er dei vant til å sove der dei vil enten det er sofa eller bur. Når dei er kvalper må dei ha et avgrensa område om natta med buret i, men dør i buret bruker vi kun når vi kjører bil. Her er eit bilde av tre morgentrøtte frøkner som eg klarte å knipse eit bilde av før dei hopper ned frå soveplassen og helser meg god morgen <3 Det første dei gjer etter å helse god morgen er å springe ut i hagen for å tisse :) Ein hund skal ikkje ligge i eit lite bur om natta.! Den skal kunne snu seg , strekke seg, reise seg opp, vandre i ein runding, drikke vann, stelle seg og så få legge seg igjen. Den skal kunne få velge mellom hardt eller mjukt underlag. Bilbur er sjølvsagt et must og det er lurt å trene hunden til å bli trygg på det. Vi har blogga om bur her og her. VI har Herkules 4Pets Hundebur Pro 1 Falcon (D73,5 x B54,5 x H54,4) til en eller to, og 4Pets bur Pro 4 Condor Medium (D83,5 x B81,5 x H66) til alle tre. |
Grinder og beskyttelse:
Eit tips når du får deg kvalp er biltema sine kompostgrinder (kr 99,-). Dei kan du sette sammen her og der til en binge eller bruke til å stenge for ledninger og andre områder du vil at kvalpen ikkje skal komme til. Lurt å kjøpe med ein pakke strips i staden for desse snurrane som følger med for dei er skarpe i kanten og dett ofte ned ved bruk. VI har med oss slike på bobiltur for dei er lette å ta med og sette opp der det trengst.
Bruk sele!
Forskning viser at halsband kan skade hunden. En cavalier er virrete og det er direkte farlig å ha ein liten kvalp i band. Her blir band kun brukt i trening til utstilling og utstilling. Husk å ta av selen inne! Eg treng vel ikkje forklare kvifor då du sjølv sikkert liker å vifte med tærne ;P Vi bruker blandt anna Hunter sele str S. Du må sjølv måle hunden din og helst prøve sele i butikken for å sjå kva som passer best. Eg linker ikkje til noken butikker då desse stadig endrer linker og sortimang. |
Analkjertler:
Beklager å måtte ta opp dette lite delikate temaet :P Men no er det slik at mange hunder ikkje får tømt analkjertlane sine godt nok. Dette kan vere mange grunner til...kanskje største grunnen er ofte litt laus avføring som gjer at analkjertlane ikkje får tømt seg skikkelig på naturlig vis når bæsjen blir pressa gjennom der bak.
Når vi bader/dusjer (ca 1 gong i mnd) så sjekker vi derfor der bak samtidig. Vi treng ikkje gjere noke meir enn å sjekke. Dei skal vere små som erter men ikkje større enn det. Då bør ein få dei sjekka før det kan bli betent.
Men om en vil og kan så kan ein altså presse litt ut sjølv. Dette gjer ein ikkje om det ikkje er nødvendig!! og ein bør helst ha noken som viser det første gong. Det er fort gjort og ingenting så voldsomt ekkelt og gale som mange vil ha det til. Eg tek heller ikkje fingeren inn men kun masserer litt på utsida.
Vi var hos veterinær som gjorde det første gang. Det frista ikkje til gjentakelse for Ally syntes det var vondt då veterinæren stakk fingeren inn der bak. Eg lærde meg derfor kunsten å sjekke(gjere) det skånsomt sjølv. Ein bør ikkje berre sette i gang og gjere det sjølv utan å vite kva ein gjer. Det kan vere farlig om ein gjer det feil og analkjertelsekken kan sprekke!
Lurer du på kva dette er så sjekk feks på youtube med denne veldig grundige forklaringa.
Her er en link til youtube der det er ein Cavalier, og ei dame viser korleis det kan gjerast enkelt og greit.
Det er viktig med kosthald for å forebygge plager1
Litt rå margbein og kyllingbein eller margkjeks er godt syns hundane og kan gjere at dei får hardare mage. Slikt må ein prøve seg fram med så ein ikkje starter for brått om det skulle gå andre vegen... (OBS: tenner kan knekke ved tygging på bein!)
Hundane må altså ha nok fiber i dietten sin for å få fast og god avføring så skal ikkje dette vere noke problem. Oppsøk veterinær for råd om diett hvis hunden har ofte mjuk avføring for det skal den altså ikkje ha, då er dietten feil.