Kva ser eg etter i ein Cavalier? (Avlsmål)
Det er så utrulig mange flotte eksemplar der ute...langhåra, flagrande, små, store, smale, lange, firkanta, runde.. ;) Noken liker butte snuter, noken liker lange pelser, noken liker sporty typer......kva liker eg?
Når ein er (så gal...) at ein vil starte eit oppdrett må ein vite litt om kva ein vil. Eg har lenge vore i tenkeboksa og tenkt og tenkt kva er det eg er ute etter hos "min" Cavalier? Kva slags Cavalier vil eg vere med på å avle fram? Før eg ramser opp må eg berre sei...Cavalieren er verdens herligaste hund for meg. Den er uredd, glad, mjuk, tydelig i språket, nyskjerrig og allsidig. Den kan brukast til alt frå jakt til sofakos. Cavalieren kryp langt inn i hjerterota di og blir eit fullverdig familiemedlem på lik linje med alle tobeinte. Herligare hund fins ikkje spør du meg. Den er glad i alle og lett å trene, og vil følge deg der du går uansett om det er ein tusenmeter-fjelltopp eller om du vasser i ein meter med snø. - Eg har funne min hjertevenn <3 For meg er det viktigaste i denne rekkefølga, dette:
|
- Eksteriør! Hvis ein tenker avle på ein Cavalier er det lurt å ta den med på utstilling. Den bør ha Excellent eller minst Very Good (då parast med ein excellent)! Ikkje alle har interesse for dette og syns det er eit jåleri.. -ok, men det er faktisk einaste måten å få ein utdanna person (dommaren!) til å sjå på kva slags kvaliteter den har innanfor den rasestandaren som er. Så ser ein då om vinklane er gode og kroppen går harmonisk. Har ein hund ikkje gode vinkler og linjer så er det heller ikkje ein god hund som skal klare seg i årevis utan å få slitasjeskader av feil vinkling o.l. På utstilling vil ein finne ut om dei gode og svake sidene og då kan ein finne ein partner som utfyller din der din ikkje er perfekt og omvendt. Sjølvsagt er hundane våre perfekte i våre auge....men nei, ingen er perfekt ;) Derfor er altså utstilling viktig i avlsarbeid.
- Når utsjånaden så er sunn og god så liker eg den ikkje så alt for store cavalieren. Den skal ha eit smeltande uttrykk i augene og eit godt og rundt snuteparti. Eg liker dei som har eit godt hode, også bakhode skal vere så langt som mulig bakover. Det virker for meg logisk at det er den sunne typen. Gjerne at hodet er søtt men ikkje så søtt at toppen blir kona og bakhaudet forsvinn... Pelsen vil eg ha god og mjuk og helst ikkje for lang. Den skal ikkje klippast ;) (Vi stusser kun labbane og under mellom putene)
- Halen skal vifte glad att og fram og helst ikkje gå for langt opp i lufta ;)
- Stamtavler og innavl! Målet er å ha den så lav som mulig og helst 0,0% Hvis ein ikkje passer på dette kan ein snevre inn genmateriale litt etter litt og rasen kan få problemer om genpolen blir for liten. Dette er slikt som mange desverre ikkje "ser" før det er for seint. Lang historie, så her er det lurt med litt skule og kurs ;) Å oppdatere seg hos sin raseklubb på oppdretterseminar o.l er viktig her.
Alt i alt er eg ute etter den uredde nysgjerrige omgjengelige Cavalieren. Den skal vere innanfor rasestandard!
Den er sporty og lett å få med på turer og alt som er gøy. Den er kosete og elsker å ligge i armkroken og nyte livet sammen meg meg.
Av utsjånad liker eg den som ikkje har for kort snute og heller ikkje for lang. Den skal ha eit fint hode med fine passe store mørke auger som ikkje skal vere for store og utstikkande. Uttrykket er viktig...blikket skal kunne smelte dei fleste :)
Eg liker dei som ikkje har alt for lang pels. Det ser utrulig flott ut, men eg er først og fremst ute etter ein funksjonell hund som ikkje skal ha all verda med pelsstell. Så får vi sjå no då, kva som kjem og korleis det blir O:)

*******************************************
On this day of your life
Unni, I believe God wants you to know...
...that the fastest way to learn something is to teach it.
Do not wait, therefore, until you "know all about it" or
have "mastered" what you wish to share before you
begin to share it.
The world needs more of what you wish to learn
more of. So teach. Share. Help others. And do not
worry so much about what you "don't know." Worry
about what you don't do. Because you are robbing us
while you are waiting to become an "expert."
Neale Donald Walsch
****************************************************************
Eg syns dette passer meg veldig godt når eg tenker på kvifor denne heimesida blir til :)