Røntgen i dag viser 2 kvalper og det var ingen overraskelse sidan magen ikkje er så stor som sist. Håper fødselen neste veke går fint og at begge klarer seg <3
Ja det blir kvalper her men magen er nok ikkje så stor som sist. No tipper vi alt fra 1 til 3 ... skal tru kem som får rett? ;)
Eg syns det er så herlig spennande med drektigheit og kvalper. Dei første tegna på drektigheit har gjort seg synlige på Anemone som no er 4 veker og 2 dager på veg. No er eg ganske sikker på at ho er drektig.
Då ho var nesten 3 veker på veg så blei ho morgonkvalm og ville ikkje ha maten sin før seinare på dag. Etter 3,5 veker ville ho ikkje ha noke mat og åt nesten ingenting anna enn det aller beste eg kunne tilby. Jada her blir man bortskjemt når man har små foster i magen så det blei kokt kyllingfilet, leverposteiskivebiter, nokre middagsrester (kokt ris er nydelig syns Anemone) og babyfor både tørt og vått. Dermed fekk vi lurt i ho litt mat. No har matlysta begynt å komme tilbake igjen, men om morgenen får ho fortsatt litt "lange tenner" ;) Etter 3,5 veker kunne eg såvidt kjenne ein liten bulk ved forsiktig palpering, men eg tør ikkje kjenne så godt etter. Ho slimer/har litt blank utflod og det er også eit tegn. Pattane var lyse heilt til no over 4 veker, sikkert pga kvalmen og lite mat. Men dei forandra seg litt og var litt fruktige etter veke 3. No i dag har dei blitt enda meir rosa og struttande og magen er blitt litt fyldigare. No skal det seiest at man må kjenne tispa si godt før man ser denne lisje forandringa. Det er først ved 5 veker at magen blir synlig større :) Eit anna godt tegn på drekitgheit kan vere at "skrufsa" ikkje har normalisert seg i størrelse og fortsatt er litt hoven. Er du like nerd som meg så liker du kanskje denne engelske sida om drektigheit på hund. Og så eit bilde av et hundefoster som på bildet er nesten 4 veker og på størrelse med ei hasselnøtt. Det utrulige er at denne blir ca 220 gram om litt over 4 veker til :) Vi håpa at det var kvalper i magen på Anemone men desverre....
Sånn er oppdretterlivet av og til ...vanskelig, dyrt og en del skuffelser :/ Mange lurer på korleis mor har det når kvalpane reiser...
Er det ikkje trist? Blir ho ikkje lei seg? Jo, det trur eg faktisk på ein måte, men det er alikevel ikkje så trist som vi tenker oss at det kan vere, men der er adferd som gjer at det virker sånn. Heldigvis så er det ikkje så ille......for berre tenk da hvis det var sånn at mødre aldri ville av med sine kvalper....då hadde vi både hatt innavl og merkelige sammenkomster av familier... Men uansett grunn da så er vi klar over at det kan vere rart/vanskelig så vi tek nokre forhandsregla:
Anemone har nok merka det... Første kvelden uten kvalp så sov ho ekstra mykje. -kvilte ut? Så snusa ho lenge og vel blandt leikene og på teppa våre. Om natta så boffa ho nokre gonger og då var eg nede og sa rolig at no må ho gå og legge seg til å sove. Ho måtte også ut for å snuse etter dei i hagen. Så no nokre dager og netter etterpå så ser det ut til å ha gått veldig bra. Vi tek oss nok snart endå ein snartur ned for å besøke Frøya som bur i nabolaget :) Og Anemone er blitt stor og god. Det er litt sukk og stønn når ho skal legge seg ned eller kose, så det er ingen tvil at det er tungt for ho no dei siste dagane av drektigheita. No skal ho for det meste ruge, ete og kvile....
Ho er ca 55 cm rundt på det tjukkaste no på dag 53 inn i den åttande veka. Ho har lagt på seg ca 1,7 kg og røntgen viser 6 kvalper i magen. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|