|
Det er med stor sorg i hertet at eg fortell her at vi mista Anemone i går. Ho hadde langt komt aggresiv type kreft rundt urinlederen, og det utan at vi har skjønt at ho hadde det vondt. Søndag blei ho dårlig og vi såg det an til neste dag. Eg ringde dyrlegen mandags kveld då eg skjønte at dette var meir enn "noke ho hadde fått i seg", og vi skulle få kome dagen etter. Då vi kom dit var ho veldig dårlig og ho hadde full nyresvikt. Det beste vi kunne gjere for ho sa dei var å la ho få sleppe. Det var eit sjokk og heilt uventa. Ja ho hadde kanskje vorte litt roligare dei siste par månadane men vi tenkte at no har ho begynt å bli gammal ho også..... men ho blei berre litt over 9 år. Lisje prinsessa, mi stoltheit og snillaste jente. Så søt og som ho levde opp til navnet sitt til det siste: Anemone - den skjønne datter av vinden. Kystcavalierens første datter, min skatt. Du vil alltid vere med meg i minnet. No får du møte Bonnie igjen og springe i skogen slik dokke elska. Du har fortsatt to brødre og 8 barn. Takk for alt du var for oss, kvil i fred mi lisje dokke. Bilder frå det siste året med Anemone vår.
0 Comments
No er ho god att i munnen og et og tygg som ho vil... om enn litt mindre tenner enn før. Mangel på småtenner framme gjer at tunga stikk pittelitt ut framme av og til .... litt søtt men og ein påminnelse om å pusse tenna litt meir nøye ;) Her er eg og ho på dyrlegen i Ålesund og venter på det ukjende: tannkjøtsjukdommen Periodontitt hadde gjort sitt til at tenner måtte trekkast.....
Tida flyg! Denne dama er jo blitt 4 år men fortsatt minstejenta vår. Ho er snill og god, mild og søt, ho veit absoulutt korleis ho bruker stemma si, spesielt når ho er glad :)))
Gratulerer med 9 års dagen Anemone, Amarantus-Tassen og Aster ( Sofus)!!
Dagen blei feira med en fotosession i drivhuset, ein gåtur og noke ekstra godt til kvelds ;) Anemone er fortsatt frisk og rask utan eit einaste grått hår, og vi håper vi får mange fleire år med denne snille og søte jenta vår. Det er fort gjort å lage hundekjeks. Her er ei ny oppskrift eg fann på i farta:
Stein på 180 grader i 15 min og slå av ovnen. La dei stå i 10 min til så dei blir deilige og sprø utanpå. Avkjøl og gi ein kvar til dei små håpefulle :) Eg tok desse tre i å samarbeide om eit hemmelig komplott.... mulig det var mot Frøya som gjekk forbi utan å komme innom her om dagen.....
Etter kvar nyttårsaftan kjem dei same historiene… redde dyr, hundar som rømmer i panikk, dyra i fjøsen skader seg i frykt, og ville fuglar som flyg i blinde gjennom natta. Heile naturen skjelv, og eg kjenner det heilt inn i hjartet kvar gong. Nyttår har for lengst slutta å vere ei glede for oss – det er vanskeleg å feire når vi veit kva dette faktisk fører til. Dei fleste av oss er jo opplyste no. Vi veit betre. Og likevel skjer det igjen at noken skyt opp fyrverkeri i tide og utide. Fredag kveld 2. januar, etter jobb, tok eg med meg Anemone – som akkurat har starta løpetid og derfor kan tiltrekke seg hannhundar – og Cassie, og drog ut for å leite etter Cookie på Helland. Han hadde blitt så redd av rakettsmella at han sprang ut av armane på eigar og forsvann. Det vart sett i gang leiteaksjon, håp og uro i magen… men no, etter fleire dagar, er han funnen død. Det gjer så vondt. Det skulle ikkje vore slik. Og det er ikkje berre hundane våre som lir. Hestar som kastar seg mot gjerde i panikk. Hjort og rådyr som flyktar i full fart og skadar seg. Fuglar som kolliderer med vindauge og kraftlinjer i mørket. Heile økosystemet får seg eit sjokk — berre fordi vi skal “feire”. No må vi faktisk stoppe opp. Vi må slutte med dette. For dyra våre, for naturen, for alle som står igjen med tomme band, tomme stallplassar og knuste hjarter. Signer gjerne her. Vi veit betre no – alle saman. Ute og leiter etter Cookie i minus 5 grader og kaldare skulle det bli den natta.
Tenk at det er 5 år sidan Anemone fekk denne fine gjengen sin på seks kvalper. Det var lykkelige tider det..... No er dei vaksne og 5 år allereie. Frøya, Lucky, Bella, Lady Lara, Odin(Troy) og Luna.
Gratulerer med dagen, håper dokke har ein fantastisk fin bursdag :* Eg har tenkt og tenkt... sidan Cassie var påmeldt krysningsprosjektet Nck/NKK..... og har komt til at ho ikkje skal vere med....
Sidan eg no har ein blogg om avl og cavalierjenter så skulder eg dokke å skrive det "høgt". No er det sagt og då er det bestemt. Huff, dokke kan godt få vite at eg er veldig lei meg for det..... men livet blir ikkje alltid slik ein håpa.... Heldigvis er eg født optimist og veit at ei eller anna dør vil åpne seg. Kva skjuler den mon tru? :) Det var ein god oppdretter som sa til meg ein gong... "du kjenner det på magefølelsen", altså om hunden din kan vere bra avlsmateriale. Det hadde ho heilt rett i. Eg fekk jo Cassie med tanke på at eg ville ha kvalper på ho, men slik gjekk det altså ikkje. Ho er ei nydelig jente på alle måter, men det er jo meir enn det som skal til om ein vil ha godt avlsmaterialer til neste generasjoner. Sidan 3-årsdagen hennar i mai så har eg tenkt og tenkt...så det knaka. Ting eg håpa skulle bedre seg har ikkje gjort det.. Det er mange små grunner som har blitt i sum litt for stort, derfor har eg bestemt meg at ho får berre bli selskapsdame her i huset. Ikkje noke gale i det :) Men det blei nok litt for mange små ting som adda opp til et nei. Så innmari sårt og trist som det kan bli for ein som elsker cavalierkvalper, og ønska så sterkt å bli med på framtida for rasen. Kanskje ein vakker dag så kan det alikevel bli? Då skal det iallefall bli ein hund som er registrert for prosjektet. Men sånn det er hos oss no så blir det ei god stund til. Kun framtida vil vise.... |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
juni 2026
Framheva sider:
|
















































RSS-feed