0 Comments
I desse deilige vår-sommerlige dager så tenker eg at eg har lyst å skrive litt om dette med pels og barbering.
Eg vil nemlig oppfordre om at du kun stusser/klipper din cavalier hvis det absolutt er nødvendig! Barbering er nemlig ikkje så lurt av fleire grunner. Det er ein stor risk for at pelsen vil bruke veldig lang tid på å bli skikkelig att. Og viktigast: det reduserer funksjonen til pelsen slik at den ikkje held hunden varm på kalde dager og kald på varme dager. Ja faktisk – er det ikkje rart? Den hjelper hunden til å halde seg sval i varmt ver også! Cavalieren har som mange andre (men ikkje alle) hunderaser to-lags pels. Eg har hørt at noken påstår annleis men ok, så langt har ingen forska på at dette er heilt sikkert hos cavalier(så vidt eg veit pr no), men eg vil la tvilen kome til gode og eg trur at den har fleire typer hår. (på Amerikansk Cavalierklubbs heimeside har det tidligare stått at den er singel silky men det er no tatt bor og det står kun silky) Cavalierpelsen er ikkje tydelig dobbel som andre hunderaser (pomeranien og border collie for eksempel) men jo dei ulike håra er der. Overhår/pels kan vere tjukkare og striare og eller meir silky, kan vere lengre og ligg meir over(kan til og med vere meir vannavisande). Og så har vi for eksempel puddel og yorkshire terrier med ett lags/hår –pels (som må klippast men ikkje røyter så mykje/raskt) - til sammenligning. Teikninga på bildet under er frå ein husky-lignande pels og der er jo to-delinga meir tydelig. Det er ikkje så tydelig todeling hos Cavalier(ei heller så tjukk og/eller tydelig i funksjon som hos husky sjølvsagt, men til og med labradorens korte pels er todelt), eg tipper den er meir sammensatt. Men vi må alle huske at cavalierer er også forskjellige og nokre har tjukk pels og andre har tynn. Ein av grunnane til at eg meiner pelsen til cavalieren er todelt er at når dei er kvalper så har ikkje pelsen overpels, den kjem seinare. Ergo vil eg tru at ein vil finne to typer hår/hårsekker om ein Gratulerer til Kystcavalierens A-kull; Tassen, Sofus og vår egen Anemone som fyller 2 år i dag på sjølvaste påskedag! Tenk at det er gått allereie 2 år, det er ikkje til å tru. Tassen har vi møtt fleire gonger og vi har gjevnlig kontakt. Sofus bur langt av stad på Søre Sunnmøre men vi får bilder og helsinger av han og :) Tassen og Anemone er like i veremåte, koselige og leikne. Veldig mjuke og snille i sin veremåte. Dei har nokre fakter som er artig å sjå er så like sjølv om dei ikkje ser kvarandre så ofte. For eksempel så har dei like stemmer, auger og måte å labbe rundt på. Når dei skal legge seg ned eller sette seg ned for å tisse så har dei ein merkelig stil.....klask, så ligg dei der liksom...hehe...må kanskje sjåast. Når dei treffest så blir dei veldig glade og leiker seg fint i lag. Innimellom hytteturer og påskeferie blei det tid til litt våronn i dag. Hagen har trengt ei oppgradering av gjerdet i hekken og no er det (nesten) ferdig. Vi kjøper 90 cm plastlaminert gjerde på rull a 10 meter og det passer perfekt inn i hekken. Tidligare hadde vi hatt ein mindre tynnare variant men den blei for mjuk og lett for dei å pirke seg igjennom her og der. No er det berre å vente på at hekken veks seg godt inn i gjerdet og så blir det (nesten) usynlig. Slik får vi ein hundeglad hage :) I dag var det hundetreff på Hellandbana. Sunnmøre Hundeklubb avdeling Haram held til her ,og det er innegjerda (iallefall nesten no), slik at dei kan få springe og leike fritt i desse bandtvangtider. Vi var på Rallycup nr 1 for 2019 i dag :)
Bonnie imponerte mamsen og gjorde det kjempebra med 184 poeng i 1. klasse!! Anemone fekk 165 poeng og var kanskje ikkje heilt i fokus :P Ally som går i vanskelige 3.klasse blei disk...men pytt -det er moro :) Så var den her da...våren...med båndtvang. Håper alle bruker sunn fornuft og båndtvang likeså. Her er frå dagens tur ...fangst av både påskeliljer og rusk og søppel folk har slengt frå seg i naturen. Så til slutt ei lita oppfordring å bruke langline så hundane får strekt på beina av og til der det er fornuftig og ingen små rådyrkalver ligg og sole seg. God vår! |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|