Her i heimen planlegger vi og pusler med tanken på at det kanskje snart blir kvalper. Papsen har laga kvalpekasse etter denne flotte bruksanvisninga vi fann hos Kennel Arca Halu!
Ally ser fornøgd ut...berre sjå på gliset! Hadde det ikkje vore for øra så hadde det gått heilt rundt :D Det kan forøvrig også seiast for mamsen som oppdaga at pattane var mistenkelig rosa og fine i dag... :D Ally har vore veldig rolig heile veka. Ho var nok veldig sliten mentalt etter reisa til Sverige. Mamsen syns det er noke som er forandra uten heilt å sette fingeren på det. Kanskje er det at ho er veeeeldig kosete. Ho set eller ligg ofte på fanget og kiker med store brune auger....akkurat som ho har ein liten hemmeligheit......
0 Comments
I helga reiste vi heilt til Sverige for å pare Ally med Olle. Det er kanskje galskap å reise så langt, men ein skal vel følge magefølelsen sin når store avgjersler skal takast. No er det berre å vente og vere tålmodig for å sjå om det blir kvalper til påske :))) Turen med bil i 10,5 timer var uansett ein fin tur! Måneskin og kaldt og fint ver. Marielle og Fredrik tok varmt i mot oss og vi hadde det kjempekjekt og kosa oss heile helga! Tusen takk til Marielle som er så villig til å lære frå seg til ein fersking som meg. Ho er utrulig kunnskapsrik og flink så dette gjekk heilt strålande! Onsdag morgen (dag 8) tok vi progesteron-prøve hos Ålesund Dyreklinikk. Torsdag kl 15 fekk vi endelig svaret....nivået var på 25 så her var det berre å reise avgårde! Vi pakka ferdig og drog nedover så fort vi fekk til. Ei overnatting på Hamar måtte til då vi vart ganske så trøtte. Heldigvis så var veret så nydelig med måneskin og kvitt landskap. Om morgonen når vi kom fram så helste hundane på kvarandre. Det var tydelig at Ally var meir enn heiltent på Olle og omvendt. Første paring (dag 10) gjekk fint sjølv om Olle ikkje fekk heile stellet inn. Like greit syns Ally som syns det var litt småvondt/rart. Denne gongen hang dei ikkje lenge i hop. Det gjorde dei på den neste dagen (dag 11)...denne andre gongen var ho nok litt øm og syns det var litt ubehagelig. Men ho stod stolt og flott til det var over, og dei hang litt i hop. Også tredje gongen på søndagsmorgonen (dag 12) gjekk det veldig bra og dei hang i hop i 20-25 min. Etter dette så virka det som begge var mindre interessert så det var nok berre sånn just-in-case denne siste paringa. Veldig greit for Ally at den siste gongen gjekk så bra syns mamsen. Og i mens vi teller til 59 så får vi hygge oss med desse bilda og filmane frå ei minnerik helg i Sverige:
Dei siste vekene har vi hatt nokre fine fjell og skogstura. Her er bilder frå litt forskjellig i desember og januar :) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|