I dag gjekk det mykje bedre for meg og Ally. Artig at det til og med blei på pallen som nr 3 i tredjeklasse, ei kjempestor klasse med mange deltakere! Poengsummen blei ikkje så høg, men pytt, vi er kjempeglad for 3.premiering og gulesløyfa denne gongen :)
Anemone imponerte av småjentene for ho er visst som mor si, veldig "på" i trening og bane. (litt skal man ha igjen for mammadalt-oppførselen :P) Ho tok enda en 1.premiering på 179poeng i førsteklasse. Bonnie er ei meir sjølvstendig tenkande jente og vi fekk ein del trekk for stram linje i det eg måtte hanke ho inn igjen....kremt...;) Men det blei en flott 2.premiering og blå sløyfe med 167 poeng. Etter i helga så er målet no og få rallytittel på begge dei to flinke småjentene mine. Dei kan så definitivt (berre mor klarer å konsentrere seg ;)) !! Før vi deltok på stemne så laga eg godbiter til trioen. I slike høve at vi trener mykje så syns eg det er greit å ikkje berre kjøpe "junkfood". Det blir jo en del godteri desse dagane så da er det greit å vite kva en putter i dei.
Oppskrifta finn du på bildet og er utvikla av Emma i Hun Om Hund, min favoritt hundeekspert ;) Anemone tok 4.plass med 1.premie(188p) i sin rally-lydigheit debut i dag. Bonnie hakk i hel med også 1.premie (182p) på 7.plass. Ally klarte eg å diske ...alt var klart...dette skulle gå vår veg...bana var noke vi kunne klare...
....så gløymte mor å ta av bandet...hallo....ja det går an å vere så fokusert at man gløymer det sjølvsagte. Jaja...det er ny sjangse i morga :D Har det rabla for mor?
Nja...mulig det...hihi. Uansett så er det no med denne vogna god plass til tre små på utstilling, Mor får utstillingsbord og slepp å bøye seg ned for å stelle pelsen. Pluss no kan vi sykle ein tur om vi vil. Tidligare sykla mor med Ally...men med tre små var det umulig å få til. No sykler vi i allefall dit vi kan gå tur, istaden for å kjøyre bil. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|