Vi var snytheldige! Finver og sommertemperaturer, flex frå jobb og ut på tur :)
Eg, sønn og hundane for avgårde etter jobb på torsdag og parkerte bilen ved Høgsætra i Skodje Kommune. Herifrå kunne mors dårlige kne klare 20-kilos-sekken en slakk bakke oppover lia.. Høgsalen var målet før solnedgang og vi rakk det akkurat! Hundane kosa seg, vi fraus ikkje, lite søvn og bråkete telt i frisk bris, men det gjorde ingenting for soloppgangen var berre heilt fantastisk vakker!!
0 Comments
Så var løpetid nr 5 her....litt raskare enn vi håpte for vi tok sjangsen på å melde på rallylydigheit i Nordfjordeid men det må vi nok no berre gløyme :P
Då er det å krysse fingrane for at vi klarer å få til ei vellukka paring i Sverige igjen. Tvi tvi! Fekk så lyst å legge ut nokre bilder frå fine turer vi har hatt i det siste.
Kanskje seinare skal eg blogge om den kalde fjellcamp-turen vår i helga som brått endte heim i ein varm dusj...det får bli om litt...dette er ei innhaldsrik veke. Ha ei fin ei! ) Av og til får ein lyst å gjere noken sprell...som å gå opp på nærmaste fjell og ligge over i telt :)
Som tenkt så gjort! Det var berre det at når helga nærma seg så vart vermeldinga dårligare og dårligare....hmmm. Vel av og til berre må ein la ver vere ver og så gjere det ein har lyst til! Det er ingen skam å snu heller så det så.... Da klokka nærma seg 12 så fann vi ut at det vart for kaldt til å sove. Det bar heim att men ååå for ein flott tur!!! |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
September 2024
Framheva sider:
|