Årets første bobiltur gjekk til Sunndalsøras "Vårens vakraste eventyr" Hundeutstilling med Sunndal og Rindals Hundeklubb :)
Laurdag gjorde vi det kjempebra men søndagen gjekk det dårlig ...så vi fokuserer heller på det positive og tek med oss det negativet "bak øyret" ;) Anemone: Excellent med CK og juniortispe nr 1 (nr 4 av alle tispene) Bonnie: Very Good og unghundtispe nr 2 Ally: Excellent og tispe åpen klasse nr 3
0 Comments
Hurra for Anemone og brødrene Tassen og Sofus! I dag er dei 1 år!
Her blei det kakefest og kaka forsvant på ein to tre ....tre glade cavalierer jafsa i seg ferskforpakke pynta med lys, jordbær og godbiter :) Vi må berre beklage her i frå til alle som har besøkt oss/ringt oss og sendt oss mail om at dei vil gjerne ha kvalp....det blir ikkje kvalper i juni hos oss... :(
Det viser seg at Ally var enten veldig tidlig ute med å få eggløsning eller så har ho klart og lurt meg. Ho blødde nemlig nesten ikkje denne løpetida og derfor har eg nok bomma... Så har vi vore ekstra uheldig med at det kom helg i mellom der vi burde fått vite resultatet av progesteromtesten. Det hjelpte ikkje det slag at prøva vart stoppa i tollen på veg til Laboklin i Tyskland... Svaret eg fekk kl 14:15 i dag var at løpet er over og ho hadde eggløsning fredag morgen :( Å reise heilt til Stavanger blei då derfor nesten bortkasta og sjangsen blei for liten til at det var verdt det. Skikkelig surt...og eg er veldig lei meg :( Men vi skal vere meir obs på neste løpetid om eit halvt år...det er berre å vente... Då Anemone vore og tatt 1-års vaksina si hos Ålesund Dyreklinikk :)
Ho skal på utstilling og då må ein vere vaksinert og vise til det i helseboka eller passet sitt. No er ho altså vaksinert mot kennelhoste og andre lumske greier og er klar til å vere med på utstilling og møte resten av den store verda. Ein årlig liten helsesjekk er alltid lurt! No er vi klare til utstilling i slutten av april på Sunndalsøra og NKK si store utstilling i Ålesund den 5-6.mai! Av og til når vi har lyst så inviterer vi småhunder i Haram til treff her og der. Denne gongen var det ved Alvestad tursti, oppe på ei lyngslette i dalen. Alle kosa seg og hundane gjekk veldig godt i lag :)
Takk for turen! No i desse utstillingstider er det lurt å ha Snood-hetter (som eg kaller dei) tilgjengelig. Her er dei veldig villige til å ha dei på for dei veit at det betyr: MAT eller GODBIT !! Det er jo litt kjedelig å vere nybada og så ete middag og halve øra må vaskast.... Det er jo ikkje alltid at det skjer, men det skjer ;) Ally tygde av seg ein bit av øret her ein dag då den surra seg inn i ein godbitpinne. Ho let seg sjølvsagt ikkje stoppe av den grunn...momsemomse-kutt-kutt. Det skal seiest at vi hadde flaks for det la seg lange hår over så det vises ikkje godt. Så over til nyheita: Shop Mamsen kunne jo sjølvsagt ikkje nøye seg med å sy tre....neida, ei styggevershelg kom det til minst ti... Så då blei det til at vi selger til dei som vil ha :) ShopSå hvis du har lyst å kjøpe er det berre å kaste seg over dei, først til mølla :D
Hvis du har lyst å sy sjølv er oppskrifta sånn ca slik: Eg er med i gruppa Cavalier King Charles Spaniel på Facebook med over 6-tusen medlemmer. Det er ganske så representativt for cavaliernorge vil eg tru med sine ca 8-600 registrerte hunder i NKK i året
Der kan man diskutere alt mellom himmel og jord og kose seg med maaange herlige bilder og filmsnutter med cavalierer :) Av og til så kjem spørsmålet frå noken som har lyst å skaffe seg ein cavalier og lurer på det med gemytt og helse. Då svarer folk villig i nord og sør kva erfaringer dei har med rasen. Eg har så lyst å gjenta noke her av det som blir skrevet, anonymt sjølvsagt. For eg trur det er mange fleire som lurer på dette som ikkje er på FB eller som ikkje har turt seg inn på denne lukka gruppa (enda);) «Cavalieren har ikke mer sykdom enn andre raser. Noen får Syringomyelia(SM) men ikke mange. En del får bilyd på hjertet men det behøver ikke være farlig det kan de leve med i mange år. Cavalieren elsker å lære triks, som de fleste hunder. De har et fantastisk gemytt. Jeg har aldri hørt om en Cavalier som har vært aggressiv eller har bitt noen. De ser ut som
Referanser:
HunOmHund: forskning.no/blogg/hun-om-hund/en-labradoodle-er-en-dyr-blandingshund NKK si anbefaling: kvifor kjøpe rasehund -bli en del av felleskapet og støtt gode saker! Pelsutfordring-doodlepels Labradoodle-oppfinner angrer.. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
September 2024
Framheva sider:
|