Endelig kom det store kullet vi har venta på :) Anemone fødte 6 fine kvalper natt til den 11.november 2020, sjølvaste bursdagen til Brattvågen! 2 guter og 4 jenter, alle nydelig perfekt tegna. Vi vil sjølve ha att ei av tispene. No treng vi fred og ro og det er absolutt ein heildagsjobb å passe på at alle kvalpane får ein god pupp kvar. Straks legg eg ut KVALPESØKNADs skjemaet her i bloggen så alle som føler dei kan bli cavalierforeldre kan få søkt. Slik gjekk det altså: Natt til dag 59 kom dei. Vatnet gikk kl 22:30 men første rie kom ikkje før kl 02:35. Ho pesa litt og gravde litt men var igrunn ganske rolig bortsett fra minst 10 turer ut for å gjere frå seg. Men inne i varmen, rett før pressriene kom så peip ho litt, litt redd kanskje. Første, ei lita jente på 136 gram kom med rumpa til verda kl 3:00. Heile 4,5 timer etter vatnet gikk! Det var rett før eg ringte dyrlegen slik som ein bør gjere hvis ikkje det skjer noke på 2-4 timer etter at vatnet har gått. Men sidan ho var så rolig og tempen ikkje var så høg enda (37,3 kl 00:30) så venta vi tålmodig på riene. Ho gjorde igrunn alt etter boka, gravde og pesa så sov litt før ho starta på igjen å grave og pese. Skulle ikkje tru ho hadde gjort anna for ho tok seg av ho heilt profft med ein gong. Jenta blei slikka og navlestrengen bitt av. Utrulig at lisje Anemonejenta no har blitt så stor og flink mor <3 Kl 4:02 kom ein gut på 195 gram, då kom eit lite skrik også for denne var jo større enn den første! 40 min etter kom jente nr 2, også med rumpa først og med ein liten kverv i luggen. Kl 5:30 kom ein lyst tegna gut, også med rumpa til verda først, og med ein fin lang spot på toppen.
Anemone måtte deretter ut og tisse og kva trur dokke? Jau, der kom raskt ei nydelig jente med spot til verda rett i hendene på mor med lommelykt og tøfler i duskregnet. Godt var det da at vi har hørt på alle råda med å ikkje sleppe ei fulldrektig tispe ut utan full kontroll :O Kl 7:25 kom den siste tispa også ho med den etterlengta fine spotten på toppen! Alle sammen dia til slutt og klokka hadde bikka 7:45. Matmor er letta og mor er trøtt. For ei lykke i heimen <3
5 Comments
Natt til i går - tidlig morgen den 28.juni frå kl 04:00 til 08:08 kom dei fire små.
Alle guter!! Dette blir ein kort blogg for eg har ikkje vore frisk og ligg egentlig rett ut på sofa eller madrass ved kvalpane. Men Ally er så utrulig flink at dette gjekk strålandes <3 Endelig kom kvalpane! Så etterlengta kull dette har vore! No er det berre glede i heimen <3
Ally ligg fornøgd og passer på dei 3 flotte blenheimkvalpane sine. Det starta med at ho gravde og peste gjevnt heile dagen. Det hadde ho gjort litt no og då dei siste dagane.Tempen kvelden før hadde vore på 36,9*C så eg rekner med at det fall ytterligere den natta og steig gradvis til morgonen etter til 37*C. Kl 14:30 var tempen på 37,5*C. Ho hadde også hatt eit temperaturfall på søndag(36,5*C), men det kan visst vere vanlig den siste veka før fødsel. Kl 22:05 spydde ho opp att all middagen sin. Matlysta har heile tida vore stor så den vart slukt kl 16. Så starta ho og pese og grave. Pese og grave... Kassa var ein fin stad, også buret til Bonnie...og den gamle gode heimelaga senga som stod midt på golvet. Godt å ha litt gravealternativ ;) Ein liten slimpropp kom til synes på handduken og rett etterpå litt grønnlig vatn. Så kom der veer. Dei vart ikkje mange før ho ynka seg og så begynte ho å hyle. Au! Ho hoppa opp i stolen sin og pressa eit par gonger mens ho hylte litt til. Eg trøsta så godt eg kunne. Kl 22:57! Der hoppa ho så ned på golvet og med eit lite hyl til kom en fin liten prins til verda. Morkake og, heil og fin :) Dette syns Ally var litt skummelt men samtidig rart....ho lukta på vesenet og dytta på den med nasen sin. Dette visste ho ikkje heilt...mamma, hjelp? Så eg tok av hinna og prinsen trakk sitt første gisp! Herlig! Morkaka ville ho ikkje ha så den tok eg bort og knytte ein kokt tanntråd rundt navlestrengen. Oioioi så glatt og vanskelig det var. Men vi fekk det til! Frotterte og tørka han litt og la han på ei varmepute som eg har. Han virka frisk og sterk. Lik pappan sin ;) Vekta viste 237 gram! Ally fulgte med på heile greia og syns det var fole rart og spennandes. Eg la han til tatten og han fekk suge seg fast. Yess! Neste gong kom pressriane litt stillare ;) Eg kjende to føter og ein haletipp, og ikkje mange pressriene etter, ståande, så kjem lisje jenta med baken først ut i verda :) Kl 00:01 , 230 grams blenheimjente!! Ho fekk også die litt før neste omgang starta. Siste kvalpen vart også ein flott blenheimhann, litt lysare enn den første og med litt høgare røyst :) Pressriane var litt seigare og nokre av dei kanskje litt svakare....så det tok vel ca 5 min ståande frå vi såg føtene først. til heile kroppen klarte å bli pressa ut med den siste sterke ria. Dette var kl 00:28 og den største kvalpen på sine 258 gram! Ally dia alle sammen og eg la alle på varmeputa ei stund etter at eg tørka dei bak med ein våt bommullspad. Det fekk dei til å tisse. Ally var heilt utslått og låg og sov ei lita stund. Ho vakna kl 3:15 og då var ho nysgjerrig på dei små. Forsiktig så begynte ho å slikke dei og eg viste ho bakenden på en kvalp og ho slikka i seg litt tiss slik som hundemødre gjer. Då var det gjort... Dei sugde seg godt fast i kvar sin spene og det var lykke i heimen!!! Sidan røntgenbildet hadde vist 4...trudde vi...så venta eg lenge og vel på den siste...men neida, Ally viste at ho var fornøgd og ingen tegn til fleire. Tempen var normal for hendelsen og ingen tegn, berre litt småpesing av etterrier eit par gonger. No har vi sjekka godt bildet og dei kyndige sei at , neida,det er nok mulig der berre er tre ;))) Det kunne spart meg for mykje nattevåk, men slik er det no ;) Her er eit knippe bilder frå i går kveld og i dag: |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|