NO har eg ringt og gitt beskjed til alle som vi har i kikkerten for å bli våre kvalpekjøpere. Det er lov no å bli skuffa om du/dokke ikkje fekk ..... eg blir jo litt lei meg eg og for eg skulle jo så gjerne gitt kvalper til fleire då det kom så innmari mange fine søknader....
Dokke får berre leite vidare og eg ønsker dokke masse masse lykke til. Alle må dokke no få ei nydelig adventstid!
3 Comments
Då var endelig alle over 400gram. Her demonstrert av minstejenta nr 1
Tre er allereie over 500gram :) Instagram er så lettvindt så der legg vi ut små snutter og bilder ganske ofte. Just a HOT TIP for dei som ønsker kvalpespam :)
Takk for kommetarer alle sammen, det er koseligt og eg lover eg les alle sammen :*
Av og til kjem det meget gode spørsmål også og no følte eg det var på tide å svare også her i ein blogpost på dette som så mange no sitt og bevrer og venter på :) Altså når får man vite? Eg prøver så godt eg kan å lese alle søknader, passe kvalper og jobben min samt hus og heim. Dette vil ta minst ei veke til! Altså eg kjem til å kontakte dei eg vil velge ut innan kvalpane er ca 3 veker. Kor stod dette da lurer du kanskje på no? Med så masse informasjon er det ikkje rart at ting drukner i mengda...men altså, here it goes: Når du søker blir du bedt om å lese "Til vår kvalpekjøper" Der dette står: "Vi tek ikkje imot kvalpeforespørsler før vi skriv om det i bloggen og på kvalpeplaner. Du/dere må komme å besøke oss HER I BRATTVÅG så vi får helse på og pratast FØR det blir tatt fast om ein kvalp skal deg/dere. Det er viktig for oss at vi finn gjensidig tillit som oppdretter og kvalpekjøper og at kvalpen kjem til det vi føler kan vere rett heim. Kvalpen må hentast her og blir ikkje sendt noken stad. Det kan hende vi treng litt tid på å bestemme oss for om vi skal ha ein kvalp sjølv/på foravtale. Men vi prøver å få bestemt oss så fort vi klarer om kva for ein kvalp som skal kvar." Og på søknadskjemaet står dette: "Ver oppmerksom på at: Vi kan ikkje gi noke "ja" for at du /dokke kan kjøpe ein kvalp frå oss før etter vi har hatt ein eventuell kontakt etter dette skjemaet og etter at kvalpane er ein stad mellom 3 til 8 veker. Det kan vere at vi ikkje klarer å bestemme kva for ein heim det blir eller om det blir salg/forvert før etter at kvalpane er omtrent leveringsklare (8 veker). Alle kvalpekjøpere må besøke oss minst to gonger før dei kan få kvalp frå oss (ein gong før henting, og ved henting.) Ved å fylle ut dette skjemaet forplikter du deg til å gi riktig og sann informasjon. Du forplikter du deg IKKJE til å kjøpe kvalp hos oss og vi forplikter oss IKKJE til å selge til deg/dokke. Fortvil ikkje om du synes det er mykje å skrive, det fins ikkje fasitsvar, berre ærlige svar ;) Hvis du ikkje får svar på epost tilbake innan 3 veker så må vi desverre gå ut i fra at du ikkje har blitt valgt ut. Vi vil så langt det er mulig svare alle men det er så stor pågang og manglande svar vil isåfall vere fordi vi må prioritere livet i kvalpekassa denne tida. Det er utrulig stor pågang på kvalp for tida og vi har desverre ikkje kvalp til alle, naturlig nok. Vi ønsker derfor alle som ikkje får svar her lykke til med å finne kvalp ein annan stad. Vi råder alle til å kontakte dei på oppdretterlista i Norsk Cavalierklubb her: https://www.cavalierklubben.no/oppdretterlisten.html" Med over 40 søknader på 6 kvalper så blir det ikkje kvalper til alle og det synes eg er kjempeleit men realiteten. Skulle virkelig ønske eg hadde kunne gitt alle eit positivt svar fordi det er veldig mange gode søknader som har komt inn... Masse lykke til videre på dei som ikkje får svar med meg! Tvi tvi <3 Klem Unni No har eg mottatt over 40 henvedelser på kvalp og ein ting utmerker seg veldig. Det er nemlig veldig mange som ønsker seg tispe!
Kva er grunnen til det mon tru? Ja det lurer jo eg på :) Noken har grunner som for eksempel, det er tispe i nabolaget og derfor blir det en del løpetid rundt om. Ja det kan jo vere ein grunn....men det treng ikkje om å vere vanskelig for det. Ein godt sosialisert hannhund der en tek seg tida til å ta "tisseinnlæring nr 2": når hannen blir kjønnsmoden og starter å markere. Det skjer ofte etter ca eit halvt år. Då må en starte litt på scratch igjen som man gjorde då man lærte den å bli husrein. Det er ei lita periode i livet og så går det over. Men man må vere veldig konsekvent og nøye for å få gevinsten med å slappe av resten av hundelivet. Eit godt forarbeid er gull verdt! Har man tispe i heimen frå før er det sjølvsagt litt værre men husk at det jo er kun nokre få dager at tispa står for hannen og maks to ganger i året. Då er det greit å ha ein heim der ein skiller dei, eller om ein av dei kan vere på "ferie" hos svigers feks :P Er det fordi man har lyst å ha kvalper med tid og stunder så er det ei heil verd som ein må sette seg inn i. Eg starta for alvor draumen om mitt oppdrett i 2014 med skule og kurs før eg fekk mitt første kull i 2017. Sjølv i dag 6 år etterpå er eg laaaangt fra lærd. Men du skal berre ha eit kull sa du? Det hjelp ikkje, overlat dette til en oppdretter du stoler på eller gå "all in" og lær deg faget med din oppdretter som mentor og klubben i ryggen! Kva er så forskjellen på hannhund og tispe? Cavalieren er kjent for sitt herlige temperament og lynne. Den er hengiven og kjærlig mot omtrent alle. Cavalieren er derfor ein av dei hunderasane der eg vil påstå at forskjellane er minimale. Det er sjølvsagt også avhengig av individet som hos oss menneske der ingen er like. Men stort sett er desse veldig like i veremåte. Der er kanskje nokre forskjeller og eg synes den som sa dette har litt rett: ~ "Tispa elsker deg, og hannhunden er forelsket i deg" ~ Hvis du tenker over kva dette betyr så trur eg det er litt sant. Hannundane KAN vere meir stabile, kosete og rolige og tispene KAN vere meir hormonelle og "bitchy" ;) Kan jo snakke for mine tisper der spesielt Ally kan virke meir hormonell både en og to måneder før løpetid og den varer jo også i en måned ca...og så har vi tida etterpå, mange tisper oppfører seg også litt sært da. Ingen av mine men hører jo stadig om det på andre. Noken hannhunder kan bli nokre skikkelige tåper med løpetid i nabolaget, eg kjenner ein uler :P Ja det er ikkje greit desse hormonane altså... Begge kjønn vil markere men hannhunder gjer det kanskje meir i høgda så det er meir synlig. Tispene lukter ivrig på alle desse flekkane uansett så... og så må dei deretter tisse litt ved siden av.....og alle i tur og orden på samme flekk så sånn går no dagane. Noken hannhunder tisser litt på seg sjølv og det kan jo vere ei utfordring. Litt stussing av hår under magen skader ingen og ein våtserviett står uansett klar i gangen her i huset med tisper også. Kva velger du mon tru? Var det noke nytt her eller har du kanskje andre erfaringer å dele med meg? Eg er som vanlig nysgjerrig :) Eg blei ikkje ferdig med alle neglane i går så først i dag kom vi i mål med det. Og det blei nokre søte bilder av det da... :P
Det er overveldande mange som søker om å få kjøpe kvalp hos oss. Eg har lovt å gå gjennom alle men det er sjølvsagt umulig at alle får. Det vil ta minst eit par veker før eg muligens har velgt meg ut noken eg vil ta kontakt med. Ha forståelse for at går det lenger tid enn dette så er svaret negativt.
Då anbefaler eg atter igjen å prøve igjen på oppdretterlista hos klubben. Elles så koser vi oss i kvalpekassa og prioriterer tida vår der samt det å legge ut bilder her så dokke kan følge oss framover. Tvi tvi! Lille store jente nr 5 har hatt litt magevondter i kveld..... Då må matmor legge på varme og massere litt. Trur det hjelpte for no er det litt stille i kassa igjen.
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|