Restane frå i går blei enda ei lettlaga aktivitetsleike til jentene :)
Her laga eg eit rektangel og sydde på ein tjukk strikk med 4 åpninger i. Eg laga 4 andre rektangel som eg gjøymde godbiter i og snurra, rulla eller knytte og putta inn i kvart hol i strikken. Voila! #rullefirkant #rollsquare
0 Comments
Eg følte meg så kreativ i dag så dette måtte få litt utløp tenkte eg... Ja og så liker eg så godt å inspirere andre da.... Det kjem sikkert av eit eller anna linselus-gen også... mulig det :P Men ja, her kjem ei sy-anvisning for deg som klarer å sy rett fram, og ein firkant. Dette må bli 1 av 3 deler for eg har jo 3 jenter som dokke veit og dei må jo få kvar si aktivitetsleike! Men det tok berre ein time, var gøy, jentene hadde det gøy, og eg blei enda meir inspirert til å lage meir :D No håper eg DU også vil kose deg med vidoen og bli inspirert til å lage noke GØY FOR DIN HUND, JUHUUUU!!! PS! Kan godt bruke fleeze, då slepp du sikksakksy klippekantane. Det var berre det at eg hadde ikkje så fargeglad fleeze i hus akkurat i kveld :P #rullefirkant
#rollsquare Her i huset har vi litt moro når tre doruller er oppsparte ;)
Putt nokre godbiter i dorullen og brett den litt sammen. Tape endane så dei må jobbe for å få dei opp. En - to - tre - VERSEGOD!!! ...at hundetrening skal vere lysbetont og forskningsbasert!
Ja det er eg heilt sikker på at ho tenker her ho sitt. Derfor skal mor no dele 3 gode tips om kva belønningsbasert er:
Endelig kom det et program på TV'n for oss med hundedilla! Tenk et program der vi kan lære om hunden vår og få den til å oppføre seg bedre.! Eg blei såå glad då det kom og er fortsatt det men no med en smule bismak i munnen av ting som har skjedd i enkelte episoder. Diskusjonane går på Facebook for tida om kva som er rett og gale og det har desverre blitt sånn at folk er for eller i mot. Det synes eg er synd for hundetreneren gjer ein ganske god jobb... MEn det som er synd er at folk lærer av å sjå at rykk i bandet, tramp i bakken og et sint "NEI" er lurt å gjere. Eg kaller det kvikk fiks. Og det er som vi kjenner til ting som fungerer der og då men ikkje varer. Vil du ha hunden din til å slutte å vere redd/sint for noke så prøv motbetinging slik den er meint -i djupna, endre føleslen, den indre motivasjonen for å gjere det riktige. Det får vi lære av feks Emma i Hun om Hund som lærer bort vitenskapelig basert hundetrening . Då lærer du blandt anna om det Mary Cover Jones oppdaga då ho studerte det motsatte av det John B Watson studerte; "lille Albert blir redd kvite rotter". Veldig interessant, google det :) KVa oppdaga Mary? Jo motbetinging! VI vil ikkje at hunden berre skal tåle...
Tenk når du må tåle noke......kjenner stresset presse på kvar gong, men man må undertrykke det...ugh! Nei vi vil at hunden skal finne tryggheit og slutte å vere redd. Kvilepuls for både to og firbeinte er viktig <3 Det krevst ikkje mykje meir ....berre litt tid....litt avstand.....og litt kjærleik :* Mange tenker:
"Nei det er ikkje så nøye med stamtavle for vi skal ikkje stille ut"... Avlsarbeid er noke folk flest ikkje tenker over. To fine friske hunder som får kvalper er vel bra? Eg skal ikkje legge ut på ei lang forklaring her eg vil berre oppfordre til å kjøpe kvalp med stamtavle i NKK. Då har du ei rimelig god oversikt over avlsarbeid/ linjer/helseresultater osb. DogWeb er Norsk Kennelklubb(NKK) sitt verktøy er åpent for alle å sjå. Eg har laga ei kort og grei bruksanvisning for dei som vil ta ein titt: Ja det kan virke som ein jungel når ein skal vite alt kva ein skal sjå etter ved kvalpekjøp...
For å gjere det lettare så har Iren laga ein video der ho forklarer kva du skal sjå etter og kjem med nokre gode tips. Eg har spurt om å få dele. Den ligg her i gruppa Cavalier King Charles Spaniel på Facebook: |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
September 2024
Framheva sider:
|