Stakkars lisje Anemone i kveld....ho har vore på Ålesund Dyreklinikk og fått tatt bort en liten fettkul på halen. Den satt godt sa dei så det var bra vi tok den bort no før den kanskje blei større og vanskeligare. No er haletutten barbert og blitt sydd igjen. Med smertestillande innabords og en liten antibiotikakur så søv ho søtt i jakka til mor med varmeflaske på ryggen....og vi håper det går fort over <3 Oppdatering: Søndagskveld kan vi puste letta ut, halen er i god bedring og Anemone like så :)
0 Comments
Å joda :D Ally er nok drektig :))) Ho har hatt nedsatt matlyst om morgenen no omtrent heile veka. I dag ser tattisane meget så fruktige ut ;) Her er magebilde til sammenligning: Vi har fått veldig mange henvendelser om kvalper.....vi har noke ikkje kvalper til alle som har lyst på. Gjennomsnittlig får cavalierer 3,8 kvalper pr kull. Til no er det over 30 henvendelser..... :O
Sånn er jo det berre.... Vi har ikkje venteliste som eg skriv på sida om kvalpeinformasjon, men vi kjem etter beste evne til å velge ut ein god heim til kvar kvalp. Om det kjem tisper som kan vere lovande så er også forvert aktuelt for oss. Det blei litt for skummelt på vår vandringstur i dag. Håper det går lenge til neste gong vi møter på HOGGORM :O No gjekk det faktisk bra og det gjer som regel det...heldigvis! Ormen var vaksen....og derfor muligens meget klok. Han låg nemlig heilt stille då vi kom forbi. Eg hadde akkurat sleppt bandet og dei skulle få springe litt att og fram på den fine strekninga der vi ikkje såg noken andre. Dei sprang frå meg...og eg kalla inn. Heldt då tilfeldigvis kameraet klart for det blir jo så artige bilder når dei kjem fykande tilbake på innkalling....(vi trener innkalling på kvar ein tur vi tek så det sitt den dagen vi treng det!) Dei spring heller aldri frå meg sånn at dokke veit det. Om dei mister meg av syne bak nokre busker så kan eg telle til 3 og dei titter tilbake for å sjå om eg er der. Eg trener på at dei alltid skal gå sammen med meg og aldri lengre vekke, max 50 meter har vel skjedd men eg kaller dei inn om dei går meir enn 10-20 meter frå meg. (Kan ikkje hjelpe for å tenke at det kunne gått værre om vi hadde gått forbi den i flexiband. Då hadde eg rykt bandet og hundane hadde fått en unaturlig gange, kanskje byks og stess. Det kunne ført til at ormen også hadde blitt stressa....) Men altså, så.....plutselig bråstopper Ally og du ser på bildet korleis ho står. Rak og stiv viser ho meg at HER ER DET NOKE!! Eg skjønte nesten umiddelbart kva det kunne vere (for ja her er ein del hoggorm i området) KASTA meg framover og fekk ho bort derifrå! Hundane er avventande men MEGET nysgjerrige av natur...her måtte eg halde med streng tone dei to andre også vekk i frå ormen. Dette kunne gått gale men det gjorde det heldigvis ikkje. Det gjekk bra! Ormen låg klokelig heilt still....så still at eg lurte på om den var død, men neida. Eg måtte sjølvsagt bort etterpå og sjekke det og knipse et bilde før eg trekte meg stille og rolig tilbake. Håper den også lærte at det beste er å ligge heilt rolig til faren er over. PUHHHH! Når det er fortalt...ja så må eg berre sei at folk ikkje må vere redde for orm sjølv om dei er nifse å møte(tenke) på. Dei høyrer til her og det gjer oss også. Dette var midt på dag og som regel er dei å sjå tidlig eller seint på finversdager. Her vi gjekk er ein tørr stad med mykje steinur som den gjøymer seg i... normalt sett. Det er så herlig å sjå første møter mellom hunder....
Her fekk vi besøk av lisje Chiara på 10 veker som møter sine første firbeinte etter at ho har flytta til sin nye mamma i Brattvåg. 3 veker sidan paringa mellom Ally og Orlando. VI venter og håper på rosa tatter og struttemage. Det er for tidlig å sei no men eg kunne jo ikkje vente med å ta et magebilde da :P
No er eg så stolt eg held på å sprekke. Sjølv om utstilling ikkje er det artigaste som Anemone veit å bedrive tida med så fekk ho altså Excellent begge dager og CK på søndag!! Det er jo litt viktig dette å få stille ut dyra man har avla fram. Det å vite deira sterke og svake sider frå ein trent dommer er gull verdt for vidare avl. Eg var så heldig å få vere handler til gode snille flotte Orlando også. Cavanzas Djingis Kahn som berre var eit hår frå å bli Champion i dag!! Han fekk Excellent med CK og Reserve Cert for nordisk utstilling! Eg er dobbeltstolt i dag kan tru :) Orlando blir forhåpendtligvis far til Ally sitt andre kull no i sommer....<3 Først: Mamma og Pappa -gratulerer med 51 års bryllupsdag!! Etterpå: Utstillingshelg :) Tusen takk for besøket, herlige gjengen! |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|