Av og til er det berre skitver...sånn som denne helga her...og forrige helg faktisk når eg tenker meg om. Då må man sjekke YR for når det er mest sannsynlig for at regn/snø/sluddbygene tek ei lita stakkars pause slik at en kan snike seg ut og få med seg litt innsug av norsk natur på sitt (nest) beste :) I dag var ein slik dag. Herlige søte (litt plagsomme) Kevin og matmor blei med oss på tur og lunsj i det fri! PS! Takk for skivå med brunost på, namnam kor svoltne vi blei ;) Rakk akkurat nedatt til bilen då haglebygene kom over oss. Flaks sei noken, knall planleggeing og full kontroll med YR sei eg!
0 Comments
Kva er gjort i cavalierklubben dei siste par åra med tanke på å forbedre helsa til cavalieren?28/3/2019 Litt om dei største utfordringane først:
Hjertesjukdom (MVD): Det er 8 ganger større sjangse for at ein cavalier dør av denne hjertesjukdommen enn andre raser, ref Agriastatistikk. Men dei fleste cavalierer dør med denne, ikkje av den sjølv om 50 % får den i mild grad før dei når 6-7 år. Syringomyelia (SM): Ca 2 % av cavalierer er affisert og har symptomer på SM. Ca 70 % er scanna med funn av SM, men uten symptomer. altså merker ingen ting av det. Ca 98 % er scanna med funn av CM, hjerneform (lillehjerna pressa sammen) som kan henge sammen med SM. Dette gjeld også i meir eller mindre grader andre små hunderaser også som griffon, chihuaua, pomeranian osv. altså ingen cavaliersjukdom. Scanning kan gjerast to stader i norge der det koster mindre enn ca 8000 kr så dette er en stor kostnad. Hunden må ha full narkose og det er ein omfattande undersøkelse i MRI maskin. Så lenge en ikkje er sikker på om dette er måten å hindre SM på så er ikkje dette eit krav i klubben. SM har ei avansert og enno ukjent nedarving. Scanning over mange år i bl.a Nederland og Danmark har ikkje gitt det gode resultatet enn hadde forventa. Når det er sagt er scanninger viktig for at vi skal finne ut av sjukdommen. Patellaluksasjon( (PL) og hoftedysplasi (HD): Alle avlsdyr må sjekkast for PL (enkel undersøkelse). HD (narkoseundersøkelse) er ikkje så utbredt i rasen, ca 2 prosent. Augesjukdommer (Katarakt o.l): Alle avsldyr må augelysast så dei alvorlige sjukdommane blir luka ut. Kan enkelt gjerast hos dyrlege. Curly Coat Syndrome og Episodic Falling: Alle avlsdyr skal vere gentesta. P.g.a. en enkel gentest er dette no nesten utrydda, men det fins berarar av genet som fortsatt kan brukast i avl då dei ikkje gir sjuke avkom (resessiv nedarving). Avlskrav i klubben: Avlsdebut er økt til 3 år. Det vil sei at foreldre til avlsdyr er 6 år eller meir. Jo eldre hundane er jo meir fanger en opp det at dyr kan vere råka av hjerte og SM som er utviklingssjukdommer. Dette er den strengaste avlsalderdebut av andre lands klubber! Oppdrettere på klubbens oppdretterliste må delta på minst 1 kurs annakvart år. Det blir avholdt 1-2 kurs og oppdretterseminar i året til opplysning og debatt. Alle oppdrettere bør (må om dei skal stå på klubbens oppdretterliste) sende inn skjema på hunder som skal i avl og vere godkjent i.h.t ein hjertematrise. Det er avsrådet utnevnt av styret som kontrollerer at alle opplysninger er rette. Det må signerast på at avlsdyr er symptomfrie på SM og vere fysisk friske i tillegg til pålagte tester (som beskrevet ovanfor). Frå tidligare er hjerteattest og patellaattest som sjølvsagt må vere fri, det er uendra. Men nytt frå 1.1.2020 er at det er kun godkjente veterinærer av NKK som kan utføre hjerteundersøkelser og det skal inn i DogWeb. Anna styrearbeid: Styret har hatt eit stort arbeid med å sette i gang fjorårets årsmøtevedtak, dei nye avlsreglane. Dei har eit samarbeid med dei andre Nordiske landa der dei har møttest for å dele erfaringer og sette vegen vidare. Styrerepresentanter har deltatt på eit møte i England (moderlandet til CKCS) med den Engelske Cavalierklubben der det har vore diskutert helseutfordringer, utavl med anna rase o.l. RAS er blitt til og skal reviderast i 2019. Det er høgtid i heimen når medlemsblada kjem i postkassa. Her er Danske "Cavalierposten" og Norske "Cavalieren", 2 koselige blad :)
Eg anbefaler alle som har cavalier eller som tenker på å skaffe seg ein å melde seg inn i klubben vår. Då blir ein medlem i moderorgianisasjonen Norsk Kennel Klub (NKK) som også gir ut 4 blad i året: "Hundesport". Ja det er vanskelig å la vere sånne fristelser på nett... Eg har altså meldt meg på eit kurs som går på nett over eit års tid. Det er "ELITE Hundeeiger" hos Nordisk Neste- og Hundeterapiskole med 9 moduler og masse ekstra nerde-godis. No kan eg kose meg i eit år framover med mykje god lære om korleis hundens kropp fungerer og det å trene/forebygge skade mm.
I tillegg går eg (mitt fjerde; AB2) kurs hos Emma Garlandt i "Hun om Hund". Emma er adferdsbiolog og tek for seg adferden til hunden -Vitenskapelig basert hundekunnskap. Her går vi heilt i dybda på dei biologiske fenomena som styrer adferd(følelser, sanser, gener, evolusjon/seleksjon, nervesystemer osv) - Etologi. ELITE går meir på det med korleis resten av kroppen fungerer. Så da tenker eg at eg har litt å gjere framover :) Då er Anemone påmeldt 4 utstillinger om ein mnd. Først er det Sunndalsøra -vårens vakraste eventyr. Det er som vanlig årets første bobiltur til vakre Sunndal og Rindal. Så er det NKK Ålesund og den måtte vi jo alltid ha med :) Det blei berre den nette sum av 1900kr i påmelding...oioioi....ein av grunnane til at eg berre meldte på ein hund...hehe... Mange trur at utstilling er berre eit jåleri og ei skjønnheitskonkurranse. Det er eit litt feil inntrykk etter mi meining som driv med oppdrett. Dommeren er nemlig ein utdanna person som kan hund og den rasen h*n dømmer. Korleis skal vi drive oppdrett om ikkje har tilgang til objektiv kritikk av hundane vi vil avle på?
Det er viktig for hundens helse at den har riktige proporsjoner og er god i forhold til:
No er det ca 1,5 mnd sidan dei tre muskedusker har fått bada seg. Dei var ganske så seige og grå i pelsen pga grusveier så det var på høg tid. Eg sjamponerer to gonger og har i balsam før eg skyller veldig godt alle såperester ut. Eit sammenleggbart babybadekar er ganske genialt syns eg :) For tida bruker vi favoritten Chris Christensens-produkter men oss liker også Plush Puppy sine.
Denne helga har mor kursa seg igjen. Ja en kan no ikkje gå glipp av det når Turid Buvik frå Trondheim Hundeskole har komt til Sunnmøre Hundeklubb for å lære oss meir om hundeadferd!
Og gjett kem som stakk av med Ona-sjokolade-og-kaffebrenneriet-premien for beste kommentar på kurset.....hihi...nomnom :))) Og påskestrikket veks i takt med hjernecellene... :) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|