I helga var eg på Norsk Cavalierklubb sitt seminar på Olavsgård Hotell. Det var fole kjekt å møte alle andre Cavalierfrelste :) Ei god blanding av nokre ferske og nokre erfarne oppdrettara. Vi var innom fleire tema som opptek dei fleste i klubben og eg har lært mykje nyttig!
Sjølv har eg fått rolla som webmaster for klubben. Då blir det forhåpendtlavis ei ny webside til jul ;)
0 Comments
Hei og hå kor det gikk i helga! Vi reiste altså to tobeinte og to firbeinte heilt ned til Årdal i Sogn og Fordane. Med bobilen og skravletøyet i fullt gir søkte vi lykka på RALLYSTEMNET til Norsk Spaniel Klub avd Sogn og Fjordane.
Iselin og Lexie fekk det dei kom for: ein dundrande flott 1.premiering i sin debut! Eg og Ally var så uheldig å diske laurdag. Skikkelig dumt var det at dommeren ikkje såg at vi hadde ein ligg, men det hadde vi altså viste det seg på filmen i ettertid. Sjølv om eg må innrømme at det var vanskelig så skal vi vere sporty og godta at det dommeren ser, er det som blir dømt og ingenting å gjere med det :P (jada vi tek det med godt humør!!) Søndag fekk vi "kun" 2.premiering, og den må eg nok ta på mi eiga kappe for så mange dobbeltkommandoer har eg vel sjeldan hørt og sett... 169 poeng var altså då 1p for lite for å få 1.premie...då kunne vi fått RL1-tittel på stamtavla! Jaja vi får ny sjangse neste år ;) Det var eit flott arrangement -makan til flott info og service for oss deltagarar har eg ikkje opplevd! All ære til arrangørane! Bobilturen gjekk så bra og vi var heldige med at vinteren ikkje har komt enda og naturen viste si skjønne haustprakt for oss, spesielt på turen heim. Takk for turen Iselin og Lexie!
Det vart ein fin disk på oss i dag
Glømte ein dekk...ellers topp resultat med berre ein dobbeltkommando og ein repetisjon. Så fekk vi eit innfall av bakelyst. Vi googla etter oppskrift på hundekjeks...der fins ein del der ute. Men vi fann ikkje noke som passa til det vi hadde i skapa akkurat no så då laga vi likegodt ei oppskrift sjølv! Oppskrift Hundekjeks med gulrot: 1 dl mjøl 1 dl havremjøl -bland i ein bolle. 1 dl ferdig utblanda lunka hønsebuljong i eit litermål... 1 egg -pisk lett i buljongen med ein gaffel. 1 ss maisolje -bland alt i bollen. 1 lita gulrot -rasp den i deigen og bland. Tilpass ev. med meir mjøl. Dette blir ei seig klissete blanding... Eg brukte litt vatn på fingrane og forma små (10cm) bein. Steik i ovnen på 225 grader i 20 min. Åpne ovnen og lat stå i 10 min til, -avkjøl og oppbevar i ei boks nokre dager/veker. Det ser ut til at Ally likte dei godt: |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|