Etter paringa har Ally hatt fleire symptomer på drektigheit. Det hadde ho også sist gong skal seiast.
Det er vanskelig å vente på noke som ein har drøymt om så lenge... Det store spørsmålet er no: Er ho drektig eller ikkje? Etter at det har gått så lang tid og magen ser ikkje ut til å vekse noke særlig...tja, eg vil så gjerne håpe i det lengste. No på dag 46 er det berre såvidt eit par cm meir i mageomkrets sidan dag 33.... Her er nokre ventebilder:
0 Comments
Den største helseutfordringa hos Cavalierer er hjertesjukdommen Endokardiose. Den utvikler seg slik at hjerteklaffen som skal hindre blodet i å lekke tilbake når den pumper blod, blir deformert(klumpete) og ikkje heilt klarer jobben så godt lengre. Det vil kunne høres en bilyd(suselyd) på hjertet. Hunden kan få hoste og bli fortere sliten. Vidare utvikling kan føre til at hunden kan få vann i lungene og medisin må til.
Eg har derfor stor tru på at riktig avl kan bedre Cavalierens helse :) Då er det berre opp til kvalpekjøpere å vere kritiske så userøst avl ikkje vil løne seg! Det er ikkje så lett å vere kanskje-drektig når flåtten godter seg rett inn i pelsen i tide og utide.... Det er ganske skadelig med dei fleste vanlige flåttmiddel (vi bruker Exspot) og vi tek derfor ikkje sjangsen på det no.... Då vil vi teste ei oppskrift vi har hørt rykte om og sjå kor det går: Kok opp: 1 liter vatn 2 fedd kvitløk 1 bunt med rosmarin og/eller basilikum (vi tok litt av begge) 1 liten sitron La det koke i 10 min og sett til avkjøling. Fyll det på ei sprayflask og spray på før tur i skog og mark, eventuelt kvar tredje dag. Flaska kan oppbevarast i kjøleskap i eit par-tre månader. OPPDATERING: Vi har testa dette med godt resultat. Så slik vi ser det så er dette ei grei løysning for oss i slike perioder som drektigheit og kvalper. Men OBS!!! Ein må kun spraye lett/tynt på pelsen (mest under) og hald foran auge og munn. Dette skal ikkje inn på hud eller slimhinner. Ein må også følge oppskrifta så det ikkje blir for sterk blanding! Når turen er over så skyll gjerne av. Det har ikkje eg gjort for det virker som det dunster fort vekk av seg sjølv og det lukter heller ikkje etter turen er over. For den som lurer på korleis det går her i heimen etter paringa for nesten 3 veker sidan....
Ally er godtesjuk, kosesjuk, har tidvis laus mage...men fremdeles ingen tegn til drektig... Vi får berre smøre oss med meir tålmodigheit....kanskje vi kan ane noke meir om nokre veker ;) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|