I dag gjekk vi på skitur frå Fylling mot Svartløken. Det er nok med 3 km så då tok vi pause i skogholtet før vi rann nedatt. Hvis du lurer på kva dei har på så er det Jægerens superdekken str 1 for tisper. Den er super i klabbever og gjer også at dei held passe på varmen når dei tross alt er godt i bevegelse på heile turen og ikkje treng tjukke klede. Det har hendt det har vore kaldare enn -5 og då vurderer eg dekken utanpå. Desse damene er litt frostpister som mor si og frys og skjelv fort hvis det blir stopp. Det var på hengande håret vi trengde potesokker men vi hadde smurt godt på med potesalve så det blei ikkje isdannelse før litt heilt på slutten av turen for Ally og Anemone såvidt. Bonnie har ein litt annan type pels så den klabber mindre.
Vi bruker aldri flexiband i løypa for det kan faktisk vere livsfarlig, (jo eg gjorde det ein gong og aldri meir!) Vi bruker eit joggeband kjøpt på Felleskjøpet (merke Kennel Equip). Og ein tredeler av samme kaliber kjøpt på Ebay. Jentene har lært å gå til høgre for skisporet som eg går i. Det kan dei hvis det er hardt underlag som tillet det slik som i dei flotte løypene på Fylling. Hvis dei går over så stopper eg.(prøver iallefall å vere konsekvent men det er ikkje så lett på ski...hehe) Dette gjer at sikkerheita for både dei og meg blir litt bedre for det kan bli kræsj om dei spring foran meg og eg ikkje klarer å stoppe. Så er det sikkert kjekkare for dei som er redd hunder eller dei som vil skjøyte midt i løypa. Eg vil forresten herved beklage til den som måtte bremse litt ned ein bakke då eg slapp Ally nokre sekund...(vi var åleine i bakken sekuna før) Eg måtte berre sjekke om ho gjekk ok for eg mistenkte noke rart ei pittelita stund. Eg må jo heile tida passe på at dei har det bra og det er ikkje alltid like lett å sjå om alt er ok når dei går i trespann. Normalt sett er dei alltid i band i løypa men det er altså ikkje alltid så lett å garantere noke. Vil tru det gjekk veldig bra å slakke litt på farta for min baby. Det var mange andre tobeinte små unger også i løypa denne dagen. Mange seier...ååååå sjåååå mamma så søøøteeeee :)))) Fole kjekt det! Men vi kan ikkje stoppe for alle, hihi ;))))
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|