Eg har oppdatert litt i dag om kvalpeplaner...: VI har desverre ingen planer for fleire kull i 2022/2023/2024 --- kanskje 2025?
Det er desverre ikkje lov å avle reinrasa cavalier i norge etter dom i Høgsterett 11.oktober 2023. Du kan finne meir info om dette på Norsk Kennel Klub og Norsk Cavalierklubb. Vi er fortsatt medlem av Norsk Cavalierklubb da vi synes det er viktig å støtte arbeidet som no er i gang. Meir enn nokon gong treng klubben støtte til å gjennomføre utkrysningsprosjektet for å bedre helsa til cavalieren og redde den herlige rasetypen.. Kystcavalieren har meldt på våre to unghunder til utkrysningsprosjektet. Det er forhåpentligvis straks i gang hos klubben seinvinter 2024. Det er ikkje sikkert at våre hunder går gjennom nålauget for MRI-testen som må vere veldig godt resultat på for alle hunder som deltek (sjølvsagt), men tida får vise. Vi håper at det vil bli født mange cavalierblandinger i dette prosjektet tidsnok til å bli innkryssa i den reinrasa genpolen i Norge. Slik kan vi få fleire hunder i Norga av vår herlige flotte nydelige snille og glade rase cavalier king charles spaniel som vi elsker!
0 Comments
I dag var Ally (10år) på vaksine og helsesjekk. Desverre var bilyden ho fekk for eit år sidan no forsterka seg og det må medisin til for at den ikkje skal utvikle seg for fort. Ho fekk full utredning med ultralyd med Ålesund Dyreklinikk så ho er i dei beste hender. Eg har ikkje merka at ho har blitt dårligare på noke vis så det kom litt som eit sjokk sjølv om det var litt venta at det kunne skje. Det som eg kunne tenkt litt på er at ho søv jo litt meir no som ho er "godt vaksen" og i det siste har ho ved nærmare ettertanke blitt litt meir kortpusta når ho til tider stresser seg opp for noke. (måser eller om eg forlet ho er det værste ho veit) Ellers virker ho frisk og fin og er med på fjellturer akkurat som før....gamla mi <3
VI tapte i retten i dag. Uforståelig og trist... VI er uansett stolte over våre friske og fine cavalierer og går med hodet heva! Saka blir nok anka frå begge parter. Det gjer at det då ikkje er forbode hverken å eige eller å avle. Men det gjer at vi fortsatt må leve i uvissa kor utfallet av saka blir.
"Å forby avl på så vel friske som syke hunder bare fordi de kan sies å være av én bestemt rase, er ingen «seier for dyrevelferden». Link til saka og NKK Kronikk i NRK Eg bruker å sei 12-14 år men det variere sjølvsagt. No har Illustrert vitenskap funne ut at på verdensbasis blir cavalierer igjennomsnitt ca 11 år. Den eldste var 15 år, men eg veit om ein som blei 17 år (Lazycroft's Rock my world) og fleire som har blitt 16 år. Ellers finn du om gamle cavalierer her:
Visste du at cavalier king charles spaniel er heilt nede på plass nr 28 på lista over dyraste hunderase å forsikre? Jo, du kan lese meir om det HER.
Som dei fleste no har fått med seg så tapte Norsk Kennel Klub, Bulldogklubben, Norsk Cavalierklubb og dei 6 beste oppdretterane i tingretten denne veka. Det har komt som eit sjokk på oss alle.
No skal det altså ikkje vere lov å avle på cavalier i norge men det er ikkje forbudt å eige ein cavalier. Redselen er no at dei som avler utanfor registrete former og helseregler no kan styre på som dei vil. Importere kan du....så smuglere og kvalpefabrikker gnir seg sikkert i hendene for cavalierer kan vi ikkje leve uten! Dommen har kun tatt hensyn til Dyrebeskyttelsens fagvitner, og ikkje nok med det, dei har valgt å tolke dyrevernslova vår paragraf 25 heilt annaleis enn styresmakter og mattilsyndet hittil har gjort. Det er heilomveltande! Dyrebeskyttelsen vil nemlig ta mange raser :( DB meiner det ikkje er bra nok med dei avlsretningslinjene som bl.a klubben vår har hatt. Sjekker ein klubbens regler no så er dei strengast i verda på hjerte, som er største helseutfordringa rasen har. Men dei er ikkje fornøgd med måten det er handtert ein nevrologisk sjukdom på (SM). Dette har noke med at det er vanskelig nedarving på denne og forskarane er ikkje ein gong einig i kva som er rett. Uansettt om vi hadde starta flerie helseprosjekt er dei no ikkje fornøgd sei dei og går no på fleire raser med andre helseutfordringer. Eg og Kystcavalierjentene kan ikkje anna enn å jobbe enda hardare for helse og sunnheit og håpe vi kan bidra med meir av det gode. Cavalier er ein unik rase med eit aldeles herlig gemytt. Det er viktig for menneskehelse også ha ha dei rundt oss. Dei er vår lykkepille og dei er så viktig for oss. Dei gir oss oppmuntring og ubetinga kjærleik! Dei er glad i alle og elsker å dra oss på tur like godt som å ligge å kose i sofaen med oss. Cavalierer er den perfekte helsearbeiderhund, terapihund! Du finn ikkje bedre hund for å trene andre hunder til å vere glad i småhunder då dei er fredselskande og vil berre vere lykkelige :) VI vil jobbe for at vi får fortsette det gode arbeidet som NKK og NCk har gjort for denne rasen dei siste åra. JA TIL REGISTRERT HUNDEAVL! Signer et opprop! Visste du at vi har ganske strenge krav til avl i klubben vår? Norsk Cavalierklubb (NCk) snakker eg då altså om :)
Alderen for avlsdyr skal vere 3 år eller eldre. Dette blei vedtatt på årsmøtet i 2018. Kvifor? Jo rasen vår slit blandt anna med hjertesjukdom, og målet er å bli kvitt slike sjukdommer som kjem seinere i livet. Er alderen 3 år på mor så blir den minst 6 år på mormor, for å ta et eksempel. Slik blir der då avla lite på dei med sjukdommen tidlig i livet og vi håper på at hjertesjukdommen over tid forsvinn meir og meir. Så mor og far til kvalper skal altså ha hjerteattest fri ved ein alder på 3 år eller eldre. Sidan 1.oktober i 2021 (endelig kom då ny dataløysing og det blir registrert i DogWeb ) har det vore Norsk Kennel KLub (NKK) som har sørga for å oppretthalde denne regelen. Kvalpane kjem nemlig til å få avlssperre hvis ikkje mor/far er 3 år +. NKK er litt strengare fordi no må du ha ein hjerteattest frå godkjent veterinær. Dette er viktig fordi statistikker skal bygge på riktig og samme informasjon! Sidan juni i 2018 er det altså NCk som vedtok dette. Men korleis kan dei klare å favne alle? Det er umulig og der har dei ei sanksjonsrett. MEN årsmøtet har bestemt at dei som står på oppdretterlista i klubben MÅ følge denne (og fleire) regler hvis ikkje så blir dei fjerna frå lista i 2 år. Ved første gongs brudd derimot får en ein advarsel. Ved andre gong er det ut av lista. Derfor altså er det eit kvalitetsstempel å stå på lista! No er det altså NKK som syter for at denne regelen blir fulgt i tilegg til NCk/oppdretterlista. SÅnn.....no føler eg at vi er på rett veg :) Eg har ei lita oppfordring til deg: Hvis du har cavalier og vil bidra til at vi skal ha reelle statistikker for helse for rasen vår så ta hjertesjekken på hunden din og la veterinæren legge den i DogWeb (NKK) !! Sakset fra NKK: Jeg vil ha hunden min undersøkt Ønsker du en attest fra auskultasjon på din hund, finner du først frem til en veterinær som er godkjent av NKK (se dokumentboksen på denne siden). Deretter ringer du veterinæren og bestiller time. Husk å presisere at dette er en undersøkelse som skal registreres i DogWeb. Før du går til veterinæren kan du gjerne fylle ut dokumentet "Eierbekreftelse" (se under "Dokumenter" på denne siden) og ta det med til timen. Kva er gjort i cavalierklubben dei siste par åra med tanke på å forbedre helsa til cavalieren?28/3/2019 Litt om dei største utfordringane først:
Hjertesjukdom (MVD): Det er 8 ganger større sjangse for at ein cavalier dør av denne hjertesjukdommen enn andre raser, ref Agriastatistikk. Men dei fleste cavalierer dør med denne, ikkje av den sjølv om 50 % får den i mild grad før dei når 6-7 år. Syringomyelia (SM): Ca 2 % av cavalierer er affisert og har symptomer på SM. Ca 70 % er scanna med funn av SM, men uten symptomer. altså merker ingen ting av det. Ca 98 % er scanna med funn av CM, hjerneform (lillehjerna pressa sammen) som kan henge sammen med SM. Dette gjeld også i meir eller mindre grader andre små hunderaser også som griffon, chihuaua, pomeranian osv. altså ingen cavaliersjukdom. Scanning kan gjerast to stader i norge der det koster mindre enn ca 8000 kr så dette er en stor kostnad. Hunden må ha full narkose og det er ein omfattande undersøkelse i MRI maskin. Så lenge en ikkje er sikker på om dette er måten å hindre SM på så er ikkje dette eit krav i klubben. SM har ei avansert og enno ukjent nedarving. Scanning over mange år i bl.a Nederland og Danmark har ikkje gitt det gode resultatet enn hadde forventa. Når det er sagt er scanninger viktig for at vi skal finne ut av sjukdommen. Patellaluksasjon( (PL) og hoftedysplasi (HD): Alle avlsdyr må sjekkast for PL (enkel undersøkelse). HD (narkoseundersøkelse) er ikkje så utbredt i rasen, ca 2 prosent. Augesjukdommer (Katarakt o.l): Alle avsldyr må augelysast så dei alvorlige sjukdommane blir luka ut. Kan enkelt gjerast hos dyrlege. Curly Coat Syndrome og Episodic Falling: Alle avlsdyr skal vere gentesta. P.g.a. en enkel gentest er dette no nesten utrydda, men det fins berarar av genet som fortsatt kan brukast i avl då dei ikkje gir sjuke avkom (resessiv nedarving). Avlskrav i klubben: Avlsdebut er økt til 3 år. Det vil sei at foreldre til avlsdyr er 6 år eller meir. Jo eldre hundane er jo meir fanger en opp det at dyr kan vere råka av hjerte og SM som er utviklingssjukdommer. Dette er den strengaste avlsalderdebut av andre lands klubber! Oppdrettere på klubbens oppdretterliste må delta på minst 1 kurs annakvart år. Det blir avholdt 1-2 kurs og oppdretterseminar i året til opplysning og debatt. Alle oppdrettere bør (må om dei skal stå på klubbens oppdretterliste) sende inn skjema på hunder som skal i avl og vere godkjent i.h.t ein hjertematrise. Det er avsrådet utnevnt av styret som kontrollerer at alle opplysninger er rette. Det må signerast på at avlsdyr er symptomfrie på SM og vere fysisk friske i tillegg til pålagte tester (som beskrevet ovanfor). Frå tidligare er hjerteattest og patellaattest som sjølvsagt må vere fri, det er uendra. Men nytt frå 1.1.2020 er at det er kun godkjente veterinærer av NKK som kan utføre hjerteundersøkelser og det skal inn i DogWeb. Anna styrearbeid: Styret har hatt eit stort arbeid med å sette i gang fjorårets årsmøtevedtak, dei nye avlsreglane. Dei har eit samarbeid med dei andre Nordiske landa der dei har møttest for å dele erfaringer og sette vegen vidare. Styrerepresentanter har deltatt på eit møte i England (moderlandet til CKCS) med den Engelske Cavalierklubben der det har vore diskutert helseutfordringer, utavl med anna rase o.l. RAS er blitt til og skal reviderast i 2019. I dag har alle tre tøttene fått hjerteattest -uten anmerkning sjølvsagt ;)
Attestane er også sendt inn til klubbens helseliste kvart år, som ordentlige cavalierer skal ;) Ally og Bonnie fekk den årlige vaksina si også. Anemone må vente litt til for dette er ca ein gong i året. Det gjer at vi kan komme på treff og utstilling og sleppe å vere redd for kennelhoste og lignande ulumskheiter :) I helga har eg vore på oppdretterseminar arrangert av Norsk Cavalierklubb. Det var eit veldig bra seminar med foredrag av kardiolog Liva Vatne om siste nytt innan hjerte; sjukdom og forskning. Det var foredrag av veterinær Malene A Osufsen om tannhelse -gjett om eg kom heim og pussa ekstra godt tennene til mine søte små !! Så var det diskusjoner og oppretters time samt status frå styre og avlsråd. Det er gjort mykje godt arbeid dei siste par åra og eg gler meg på vegne av alle cavalierer og eigere, og håper og trur på at godt oppdretterarbeid vil bere frukter dei neste åra framover. Tusen takk for eit kjekt seminar å få vere med på!
Ally og Bonnie fekk den årlige vaksina si i dag. Kennelhoste går rundt på utstilling og hundetreff så det er greit å vere forberedt. Bonnie vart augelyst no som ho er over året. Attesten vart fri men ho fekk liten merknad på ekstra augehår. Det går heilt fint ;) Begge to hadde sterke hjerter og fekk hjerteattester som skal sendast inn til cavalierklubben :) Bonnie fekk også heilt fint på sin kne-test (ingen patella luksasjon) Den attesten kjem i Dogweb.
Så no kan vi slå oss til ro med at alt er i skjønnaste orden. Til og med snøen kom i kveld...sånn nesten i allefall er det kvitt, endelig :) Den største helseutfordringa hos Cavalierer er hjertesjukdommen Endokardiose. Den utvikler seg slik at hjerteklaffen som skal hindre blodet i å lekke tilbake når den pumper blod, blir deformert(klumpete) og ikkje heilt klarer jobben så godt lengre. Det vil kunne høres en bilyd(suselyd) på hjertet. Hunden kan få hoste og bli fortere sliten. Vidare utvikling kan føre til at hunden kan få vann i lungene og medisin må til.
Eg har derfor stor tru på at riktig avl kan bedre Cavalierens helse :) Då er det berre opp til kvalpekjøpere å vere kritiske så userøst avl ikkje vil løne seg! |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
September 2024
Framheva sider:
|