Bonnie veks og trivst. Det gjer også vennskapet mellom Ally og Bonnie... No er det fast rutine å ha en lang morgenbusing mens vi venter på frokost :)
0 Comments
8 veker: 2180g
9 veker: 2450g 10 Veker: 2900g Matlysta er kjempegod, det samme er evna til å hyppig tisse og bæsje ;) Så no når ho er litt over 10 veker går vi ned til 3 måltid om dagen. Etter tredje dagen ser det ut til å fungere fint. Då slepp vi å stresse med at ho sovna før det var tid til måltid, pluss at ho kanskje kan roe litt ned etinga så seint på kvelden. Ja no søv dei og leiker dei seg godt i lag desse to. Først var jo Ally en smule overlegen mot denne lisje raringen som kom inn i stua. Det har gått gradivs over og dag for dag så merker vi forskjell. No buser dei sammen både titt og ofte og det ser ut som dei har funne tonen. No kan dei også søve i lag og slikke kvarandre iallefall litt ;)
Til å begynne med så blei Bonnie oversett av Ally...så når Ally endelig ville leike så vart ho litt for brå og Bonnie litt forsiktig. No har Ally justert seg litt og Bonnie blitt ei skikkelig tøffe. Det er så artig å sjå kor herlig dei har det når dei leiker seg og buser og tuller i sofaen i lag. Eg syns eg merker på Ally at ho verkelig har hatt godt av å få ein liten venn i lag med seg <3 Endelig kom Bonnie heim til oss :)
Reisa gjekk strålandes! Ho tissa og bæsja på Gardermoen....hihi....leika med søster Lotta....og sov seg gjennom heile flyturen i bagen under setet. Ally fekk småsjokk av dette lisje nøstet som kom så seint på kvelden. Ho peip av ivrig nysgjerrigheit og snuste på søstsaken. Men når snusinga var over så ignorerer ho Bonnie litt...ja en kan jo ikkje vise seg for ivrig...hehe. Dagen etterpå så syns ho dette vesle vesenet var litt innpåslitent så ho sa i fra om det. Men no er dei allereie i gang med litt forsiktig leik. Bonnie er heilt eksemplarisk...ho søv, et og leiker seg. Ut å tisse går som ein draum (ja bortsett frå når mamsen gløymer seg litt da...). I dag har vi vore på ein gåtur ute der Bonnie sitt i genseren og Ally i band. Litt kaldt ute så sjølv om ho vil ut av genseren så er den god å ha. No koser vi oss glugg i hel med masse kos og leik :) Tusen takk Ellen på Kennel Cemilie for denne vakre snille søte lisje skapningen <3 |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|