I desse deilige vår-sommerlige dager så tenker eg at eg har lyst å skrive litt om dette med pels og barbering. Eg vil nemlig oppfordre om at du kun stusser/klipper din cavalier hvis det absolutt er nødvendig! Barbering er nemlig ikkje så lurt av fleire grunner. Det er ein stor risk for at pelsen vil bruke veldig lang tid på å bli skikkelig att. Og viktigast: det reduserer funksjonen til pelsen slik at den ikkje held hunden varm på kalde dager og kald på varme dager. Ja faktisk – er det ikkje rart? Den hjelper hunden til å halde seg sval i varmt ver også! Cavalieren har som mange andre (men ikkje alle) hunderaser to-lags pels. Eg har hørt at noken påstår annleis men ok, så langt har ingen forska på at dette er heilt sikkert hos cavalier(så vidt eg veit pr no), men eg vil la tvilen kome til gode og eg trur at den har fleire typer hår. (på Amerikansk Cavalierklubbs heimeside har det tidligare stått at den er singel silky men det er no tatt bor og det står kun silky) Cavalierpelsen er ikkje tydelig dobbel som andre hunderaser (pomeranien og border collie for eksempel) men jo dei ulike håra er der. Overhår/pels kan vere tjukkare og striare og eller meir silky, kan vere lengre og ligg meir over(kan til og med vere meir vannavisande). Og så har vi for eksempel puddel og yorkshire terrier med ett lags/hår –pels (som må klippast men ikkje røyter så mykje/raskt) - til sammenligning. Teikninga på bildet under er frå ein husky-lignande pels og der er jo to-delinga meir tydelig. Det er ikkje så tydelig todeling hos Cavalier(ei heller så tjukk og/eller tydelig i funksjon som hos husky sjølvsagt, men til og med labradorens korte pels er todelt), eg tipper den er meir sammensatt. Men vi må alle huske at cavalierer er også forskjellige og nokre har tjukk pels og andre har tynn. Ein av grunnane til at eg meiner pelsen til cavalieren er todelt er at når dei er kvalper så har ikkje pelsen overpels, den kjem seinare. Ergo vil eg tru at ein vil finne to typer hår/hårsekker om ein studerer huda i mikroskop. No gler eg meg veldig til denne forskninga er plass og eg er den første i køa til å lese :) Eg får vel ete hatten min om eg tek heilt feil, hehehe. Ein annan grunn er jo at det som faktisk er slått fast i forsking er at at overlaget veks saktare enn underpelsen, og er jo meeeeget mulig grunnen til at når ein barberer ein cavalier så kjem underpelsen ut først og det tek laaang tid før den kjem i orden igjen. Det er dei fleste som har erfart dette enig om. Underpelsen er meir ullen og ligg under(innimellom) overpelsen som er meir stri/glatt/olja. Håra her er tynne, fluffy, fine og er dei som kjem og sett seg på nasen din og klør deg av og til… ;) Underpelsen fungerer som eit luftig lag (altså håra held luft inne) som held på den varme eller kalde lufta. Akkurat som isolasjon gjer det i ein vegg. Er det kaldt ute så har du kanskje varma opp i ovnen inne og isolasjonen i veggen hindrer utelufta og blande seg så mykje med innelufta. Altså varmt inne og kaldt ute, med eit luftlag innimellom som isolasjon. Glava, leca-stein for eksempel er også laga slik at lufta held seg der. Men så fungerer det også omvendt! Dette isolasjonslaget/underulla stenger denne litt meir tempererte lufta inne og hindrer kroppen i å få same varme som for eksempel 40 grader i solsteiken. Ju see?? Smart ikkje sant? Du har sikkert sett eit ørkenpattedyr med pels? Nei ikkje Huskyen akkurat dah…haha, men ørkenrotta…sjakalen…kamelen…surikatane… Og ikkje nok med det, men den hindrer jo solstrålane å nå huda også…fungerer som solkrem –voila! J Så tenker du …jo…men eg veit en hund som var sååå lykkelig og glad då han blei barbert. Han fekk ein ny vår, han sprang som ein tulling, han var lykkelig og tydelig eeeelska å få barbert bort den tunge tjukke pelsen. Eg trur gjerne han syntes det var deilig det er eg ikkje i tvil om J Tenk å få bort tung og matta pels om sommeren…må vere herlig! Men så er det dette med funksjonen da….her må vi tobeinte berre komme inn og vurdere vår egen hund, vi som kjenner h*n best. Av og til kan det vere best å få bort pels, absolutt! Men er vi så sikker på at det er dette betyr at det er best? Altså misforstå meg rett. Dette er jo no mine betraktinger og tanker om det. Kva gjer ein cavalier som har bada…jo –han spring som ein tulling og ser så glad og happy ut, ruller seg i sofaen og sprett og hopper. Kvifor? Kan det vere ein naturlig reaksjon på tørking? Eg ville satsa min knapp på det ja. Han tørker seg kanskje slik til og med om han skulle hatt vondt i magen eller ei skulder. Jo for det er slik dei blir tørre. Det er slikt dei gjer. Det er ikkje eit alternativ å ligge våt og vente på kald sjøvtørking eller våteksemsopp. Nei det er slik hunder gjer for å få seg tørre. Ja klart eg trur både den eine og andre hunden synes dette er gøy og faktisk syns det er herlig forfriskande og deilig(dei fleste faktisk!!). Det er ikkje det eg sei. Eg sei berre at vi kan ikkje vite om han gjer det fordi han veit at dette var best eller blei så lykkelig, men fordi det er naturlig hundeadferd. Så tenker eg at det er ikkje sikkert at hunden elsker å vere barbert …i lengda. Hunder forstår jo ikkje sitt eige beste alltid. Dei er jo som barn, tenker ikkje vidare. Dei et jo gjerne godteri til middag kvar dag om dei hadde hatt sjangsen. Dei skjøner kanskje ikkje sjølv kva funksjon pelsen har? I lengda? Dei kjenner berre det i ettertid…når dei ligg i varmen og peser…pelsen sin funksjon virker slik den kunne ha gjort. Det kan jo vere slik at den korte pelsen gjer at dei får ein reaksjon som ligner den etter dei har bada? Det kan jo vere at ein hund naturlig nok burde ligge i ro om det er veldig varmt? Det kan jo vere at etter at den syns den fekk lettare pels, var så lykkelig og hoppa ei stund men så gjekk varm fortare alikevel? Tja, alle bør vel sjølv kjenne sin hund best men eg synes det er viktig å tenke godt etter på dette og vere kritisk og så objektiv som mulig i si tolkning til kva som eigentlig ligg bak endra oppførsel ved barbering/klipp. Hunder som blir barbert røyter muligens kortare hår men like mykje (i antal hår) viss ikkje meir enn før. Dette fordi underpelsen som nevnt veks fortare enn overpels som også har ein litt «halde-styr-på-det»-funksjon. Dei som har fått orden igjen på ein barbert pels har fortalt at det var utrulig mykje arbeid å få den fin igjen og at det tok veldig lang tid (1,5 til 2 år). Syns du pelsen ser tjukk ut sa du? Vanskelig å tru det at den kan han ein slik kjølande funksjon? Ja, det syns eg og…. Men…. Er du i tvil så håper eg du let tvilen komme til gode. Ikkje barber cavalieren din i sommer. GJER HELLER DITT BESTE I Å HALDE DEN ISOLERBAR! Grei og kjem ofte! Underulla som hunden skal naturlig miste treng litt meir hjelp hos våre inne-hunder enn dei som spring i kratt og skog og får naturlig «beskjæring». Kjem - kam, kose - greie. Få den vinter-daue underulla bort – gjer den luftig og god til hunden din i sommar :) Hunden vil elske pelsen sin! <3 Ein fin bonus er all kosen hunden din får av deg…. Du vil knytte eit sterkare band til hunden din om du tek deg tida det er å stelle h*n. Hunden vil elske deg! <3 PS! Om hunden din er kastrert eller har en spesielt vanskelig pels med mykje underull bør du kanskje rådføre deg med veterinær om det kan vere gunstig å klippe den sommerhalvåret. Kastratpels er ofte overfyllt med underull (ja merkelig dette da for dei som påstår at cavalierer ikkje har to-lagspels.. ;) ) som veks unaturlig mykje(pga det er prøvde å forklare over) og kan skape problem. Alle cavalierer er ikkje like, men eg vil påstå at mange ikkje får det bedre ved å barbere, men heller tek ein klipp på maks 2-3cm. Viss du kjem til ein hundefrisør som påstår at cavalierer skal barberes og ikkje tek skade av det så finn ein annan frisør! Ver kritisk når du les ting på nett, det gjeld vel også min blogg,,,hehe. Og når det er sagt... Eg klippe gjerne litt dei lengste faksa på mine (som kanskje henger etter røyting) og stusser rundt føttene og barberer/klipper godt rundt poter. Det går heilt fint og pelsen tek ikkje skade av det ;) Av og til har eg også klipt lengda av ørene eller ein floke := Men vi er heldige, eg har tre cavalierdamer med forholdsvis lite pels i forhold til mange andre. Men så er det uansett viktig å kjemme eit par gonger i veka over det heile. Kos kos kos :) Det med enkel eller dobbel pels er nok ikkje så svart-kvitt. Visste du forresten kvifor fargane på blenheim-cavalieren held seg så fint på stort sett dei same områda på kroppen? Altså brune øyrer, rundt augene og i rompa? Rart at dei ikkje blander seg slik at ørene blir kvite? Enkelt forklart er det fordi mørkt er dominant over kvitt og dominant plasserer seg beskyttande over viktige organ. Artig ikkje sant? :) Kjelder:
https://dogtime.com/reference/dog-grooming/65235-how-to-tell-if-your-dog-has-hair-or-fur-and-what-it-means https://whyy.org/segments/the-science-of-dog-fur-and-why-cutting-is-not-cool/ https://www.whole-dog-journal.com/issues/10_2/features/Dog-Grooming_15905-1.html https://www.msdvetmanual.com/dog-owners/skin-disorders-of-dogs/structure-of-the-skin-in-dogs https://animalsake.com/desert-animals-list https://www.vetinfo.com/dog-fur-hair-difference.html https://pawcastle.com/why-you-should-never-shave-your-dog/ http://www.lovefurdogs.com/dont-shave-dog/ Litt tullete link (om skjegg og pels) : https://sosialnytt.com/menn-med-skjegg-har-flere-bakterier-i-ansiktet-enn-hunder-sier-forskere/ En alvorlig link ( om varme og slag) : https://pawcastle.com/heat-stroke-in-dogs/ https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC2897713/ https://en.wikipedia.org/wiki/Coat_(dog) http://homepage.usask.ca/~schmutz/dogspots.html
0 Comments
Leave a Reply. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
October 2024
Framheva sider:
|