Natt til i går - tidlig morgen den 28.juni frå kl 04:00 til 08:08 kom dei fire små.
Alle guter!! Dette blir ein kort blogg for eg har ikkje vore frisk og ligg egentlig rett ut på sofa eller madrass ved kvalpane. Men Ally er så utrulig flink at dette gjekk strålandes <3
1 Comment
I dag kom søstra til Bonnie på besøk igjen. Det var fole kjekt å sjå søte gode Klara igjen. Takk for besøket og vi sjåast vel snart igjen :)
Då har bolle-Ally vore hos Nebb og Klør og tatt røntgenbilder av lisjebollane i magen! Ho er som dokke ser på bildet lagt på seg ca 1,5 kg + og er no 9 kg + (eg trur det bandet må vere tungt) :O
Veterinæren er ganske sikker på at det er 4 stk der og det trur nok eg og. No skal eg prøve meg på å tegne opp slik som ho forklarte og slik eg tur dei ligg. Vi teller hodeskaller og ryggrader. Ein kan også sjå ribbebeina ganske tydelig på dei. Beina er godt utvikla og det ser bra ut. No er det berre å vente ei veke på at det plinger i ovnsbjella :P Det kan vel hende at det kjem mykje bilder på instagram også når kvalpane blir født....eg berre nevner det ;)
No er ho tjukk og god det kan vi sjå. Skal tru kor mange som ligg og godgjere seg der inne :) No er ho 50cm rundt magen (ved hoftene) og då har ho lagt på seg 12 cm til no.
Ally er så tjukk og god at eg måtte filme litt :) Og så gjekk banda i surr da..... Flexiband er ikkje for pyser :O Men så må Ally få sleppe å gå i trioband med dei to andre virrelusene no når ho er drektig og vil gå i sitt eige tempo. Ho er forøvrig kjempesprek for tilstanden sin og hopper fortsatt opp og ned sofaen før eg får stoppa ho ;) Bonnie susa til med ein 4.plass sammenlagt på Sunnmøre Hundeklubb sin Rally-Cup 2019!! (3 cup'er i løpet av året)
Anemone 8.plass og Ally diska første forsøk men så blei ho drektig...no regrets ;) Artig på siste del av årets Rally-CUP!
Anemone tok 5.plass med flotte 183 poeng og dermed 1.premiering! Bonnie gjorde det best igjen med 4.plass, 189 poeng og 1.premiering!! Eg kom over ei informativ side på nett frå ein slovakisk kennel. Dei hadde en artig kalender som eg fekk lyst å prøve. Klikk på bildelinken og du ser kor i svangerskapet Ally er : Ally er i dag 44,5 cm rundt midja i dag og veks og trivst :)
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
October 2024
Framheva sider:
|