Tenk at denne lisje rare elskelige slikkemonster kosemose søte hunden vår har blitt 10 år!
Ho er fortsatt sprek og minst like rask til matfatet som før om kanskje til og med enda raskere, hehe. Måsene og kråkene blir fortsatt kjefta litt på med minst 5 voff som alltid. Besøkande blir alltid grundig slikka og kost med enten dei vil eller ei. I kveld skal vi feire Ally sine første 10 år, lat oss håpe vi får mange gode til.
0 Comments
På NCks Oppdretteriste finn du oversikt der også Kystcavalieren står oppført.
Det finns sjølvsagt oppdrettere som ikkje står der som alikevel følger avlsreglane. Som kvalpekjøper er det lurt å sjekke kva som trengst ved å lese reglane og sørge for at dette blir fulgt. Ved å vise at man har gjort dette vil man også kunne stå sterkere i kjøp av kvalp .... just a tip. No i desse koronavirustider har eg bestemt meg for å ta ein testomgang på eit (online) kvalpekurs eg har snekra i hop dei siste månadane. Eg tenker å gi mine kvalpekjøpere dette kurset då eg synes det er viktig å komme ut med informasjon om dei nyaste metodane for hundehald. Og ikkje minst for at mine kvalper får dei beste og mest oppdaterte matforeldre som finst i heile verda :) Har du lyst å vere med på mine første prøve-forelesninger? Det er sjølvsagt med tanke på cavalierkvalper men kan passe for alle med alle typer kvalper. Eg tenker i første omgang på at det kan vere 3 forelesninger/kvleder der dokke kan høyre meg live og sjå plansjer eg viser. Det kan vare kanskje i 20-30 min alt etter tilbakemeldinger/spørsmål eg får. Deltakarane vil få ein link med meg på mail og kan delta med spørsmål undervegs. Høyres dette ut som det kan vere noke for deg? Har du kvalp frå oss er dette kurset gratis for deg og dine. Har du eller venter du på ein kvalp i framtida så er dette kurset også for deg men du må betale meg litt, 100kr ;) Eg vil starte når det blir nokre påmeldte og prøve å få det så det passer dei som vil vere med. Kurset vil ligge online i eit par veker så du får det med deg sjølv om du skulle vere opptatt ein eller fleire av kveldane. Fyll ut skjemaet her hvis du er interessert: VI har allerede hatt besøk av kvalpekjøpere og VI ØNSKER BESØK av dei så ofte som oss alle sammen får det til!
Eg ønsker at dokke som får kvalp hos oss får følge kvalpen si utvikling, bli kjendt med den og få mest mulig informasjon frå oss. Sjølvsagt er det nokre som bur langt unda og då er denne bloggen fin å ha :) Det er så mange som fortsatt sender mail og ringer ang kvalp. No har 4 personer fått valget om at dei kan kommme hit på besøk og så får vi sjå. Mest sannsynlig er då alle 4 kvalpane solgte.
Hvis det skulle vise seg at det blir ein ledig så vil eg skrive det her på heimesida at vi åpner for nye forespørsler -ikkje før ;) Grunnen til det er kapasitet! Klok av skade så kjem eg ikkje til å åpne for å søke etter kvalp hos oss før kvalpane er fødde ved neste kull (planlagd ca mars 2020). Eg har fått til no 50 henvendelser ang kvalp.... DET er mange å sjekke ut! Eg sender altså ingen kvalper ut i den store vide verda uten at menneska først kjem hit og besøker oss. Av alle desse 50 var det 1/3 som ville ha tispe 1/3 har eg skjønt via FB har fått ein annan kvalp. Og nesten 1/3 har ikkje svart eller svart nei takk av diverse grunner. Då har eg skjønt at eg har kasta bort en god del tid på å finne ut kven folk er... Det er tid eg har lyst å bruke på andre ting ;) Så då ber eg derfor kvalpekjøpere om.....les dette sånn at dokke veit bakgrunnen. RIng meg gjerne for ein prat men det er kjekt om dokke veit korleis ståda er no for tida ;) Send meg gjerne mail og presanter dokke sjølve..... men les her og vit kva vi ønsker av våre kvalpekjøpere slik at vi begge parter sparer tid. Men vit at svaret eg kjem til å gi er det samme som står her. Eg har ikkje venteliste, det vil eg ikkje ha kapasitet til. Om du vil ha kvalp så må du vente til eg åpner for ny ledig kvalp eller nytt kull i 2020. Takk for at du gadd å lese dette og forstår at eg ikkje er ei mailmaskin men ei dame med hjerte for hunder som har lyst å bruke tida si på dei :* Artig at Ally sitt bilde vart hovedbildet på ei gruppe for Cavalier King Charles LOVERS Joining from all over the WORLD!!!
Hvis du ser godt etter så er bildet sammensatt av mange bilder frå heile verda :)))) Då vil eg gjerne stolt få presantere....*trommevirvel*...: Den nye heimesida til Norsk Cavalierklubb som er er webmaster for :)
Då har eg valgt Weebly som webløysing for denne sida da den ser enkel og grei ut. Den er gratis -ialle fall til eg velger noko anna.
I skrivande stund venter eg spent på brev om at Kystcavalierens Kennel er godkjent som kennelnavn. Det er lenge å vente på å få godkjent kennelnavn då det må gå gjennom FCI's hovedkontor i Belgia og så Norsk Kennelklubb. Det er godkjent pr i dag men eg må enda vente til klagefrist går ut (den gikk ut 2.april) før eg kan ta det i bruk :) Heile prosessen tek 4 - 6 mnd. Eg tenkte like godt at eg kunne få gjort dette i tilfelle altså då at Ally oppfyller alle krav når ho er ca 2,5 år. Ja eg veit eg er tidig ute....men dette har vore ein draum i så mange år eg kan ikkje telle lengre :D Hvis det ikkje går som eg vil og viser seg at det ikkje blir eit kull frå Ally så vil dette uansett vere starten på noko får eg håpe. Og så er det jo skrytesida til Ally vår og ei fin opplysningsside håper eg! Namnet Kystcavalieren syns eg passer så godt til oss som bur her oss bur på kysten og eg syns det er norskt og passe staut. Eg har sidan registreringa sett at andre har ordet "kyst" i sitt kennelnavn men lite ante eg då eg la inn søknaden at ein av dei også var Cavalierer. Men det er alikevel så ulikt at det går nok bra. Eg tenkte at om eg var den andre hadde eg ikkje reagert ;) Å finne eit navn er ikkje gjort på ein to tre og det er viktig at ein kjenner seg heime i det. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|