|
Tenk det......no er Ally ( RL2 Atti's Yasmin) blitt 13 år og tenåring! Ho er fortsatt sitt gamle "jeg", våken og med på alt som skjer. Ho blir med på turer og er alltid før meg på kjøkkenet om eg våger meg dit. Ho veit akkurat når det er mat-tid og tyggebein-tid så eg treng ikkje prøve meg på noke tull ;)
Resten av tida vi har i lag har krympa no føler eg... så eg nyter kvar dag vi har i lag.
Gratulerer med dagen, gamla, koseplagern, lakrisnase, kosemoseklumpen min, Ally!!
0 Kommentare
Luna rakk aldri å besøke mamma Anemone noke meir.... Men bestemor Ally og veninne Cassie tok villig imot ei som dei kjende godt frå før <3 '
Dagane har rusla sakte vidare denne sommeren som ikkje blei heilt som vi trudde. Det var ei god trøst å få Luna på besøk, ho tek etter mor si på så mange vis og er ei så søt og snill lita jente som er høgt elska av sine. Det er med stor sorg i hertet at eg fortell her at vi mista Anemone i går. Ho hadde langt komt aggresiv type kreft rundt urinlederen, og det utan at vi har skjønt at ho hadde det vondt. Søndag blei ho dårlig og vi såg det an til neste dag. Eg ringde dyrlegen mandags kveld då eg skjønte at dette var meir enn "noke ho hadde fått i seg", og vi skulle få kome dagen etter. Då vi kom dit var ho veldig dårlig og ho hadde full nyresvikt. Det beste vi kunne gjere for ho sa dei var å la ho få sleppe. Det var eit sjokk og heilt uventa. Ja ho hadde kanskje vorte litt roligare dei siste par månadane men vi tenkte at no har ho begynt å bli gammal ho også..... men ho blei berre litt over 9 år. Lisje prinsessa, mi stoltheit og snillaste jente. Så søt og som ho levde opp til navnet sitt til det siste: Anemone - den skjønne datter av vinden. Kystcavalierens første datter, min skatt. Du vil alltid vere med meg i minnet. No får du møte Bonnie igjen og springe i skogen slik dokke elska. Du har fortsatt to brødre og 8 barn. Takk for alt du var for oss, kvil i fred mi lisje dokke. Bilder frå det siste året med Anemone vår.
No er ho god att i munnen og et og tygg som ho vil... om enn litt mindre tenner enn før. Mangel på småtenner framme gjer at tunga stikk pittelitt ut framme av og til .... litt søtt men og ein påminnelse om å pusse tenna litt meir nøye ;) Her er eg og ho på dyrlegen i Ålesund og venter på det ukjende: tannkjøtsjukdommen Periodontitt hadde gjort sitt til at tenner måtte trekkast.....
Tida flyg! Denne dama er jo blitt 4 år men fortsatt minstejenta vår. Ho er snill og god, mild og søt, ho veit absoulutt korleis ho bruker stemma si, spesielt når ho er glad :)))
Gratulerer med 9 års dagen Anemone, Amarantus-Tassen og Aster ( Sofus)!!
Dagen blei feira med en fotosession i drivhuset, ein gåtur og noke ekstra godt til kvelds ;) Anemone er fortsatt frisk og rask utan eit einaste grått hår, og vi håper vi får mange fleire år med denne snille og søte jenta vår. Det er fort gjort å lage hundekjeks. Her er ei ny oppskrift eg fann på i farta:
Stein på 180 grader i 15 min og slå av ovnen. La dei stå i 10 min til så dei blir deilige og sprø utanpå. Avkjøl og gi ein kvar til dei små håpefulle :) Eg tok desse tre i å samarbeide om eit hemmelig komplott.... mulig det var mot Frøya som gjekk forbi utan å komme innom her om dagen.....
Etter kvar nyttårsaftan kjem dei same historiene… redde dyr, hundar som rømmer i panikk, dyra i fjøsen skader seg i frykt, og ville fuglar som flyg i blinde gjennom natta. Heile naturen skjelv, og eg kjenner det heilt inn i hjartet kvar gong. Nyttår har for lengst slutta å vere ei glede for oss – det er vanskeleg å feire når vi veit kva dette faktisk fører til. Dei fleste av oss er jo opplyste no. Vi veit betre. Og likevel skjer det igjen at noken skyt opp fyrverkeri i tide og utide. Fredag kveld 2. januar, etter jobb, tok eg med meg Anemone – som akkurat har starta løpetid og derfor kan tiltrekke seg hannhundar – og Cassie, og drog ut for å leite etter Cookie på Helland. Han hadde blitt så redd av rakettsmella at han sprang ut av armane på eigar og forsvann. Det vart sett i gang leiteaksjon, håp og uro i magen… men no, etter fleire dagar, er han funnen død. Det gjer så vondt. Det skulle ikkje vore slik. Og det er ikkje berre hundane våre som lir. Hestar som kastar seg mot gjerde i panikk. Hjort og rådyr som flyktar i full fart og skadar seg. Fuglar som kolliderer med vindauge og kraftlinjer i mørket. Heile økosystemet får seg eit sjokk — berre fordi vi skal “feire”. No må vi faktisk stoppe opp. Vi må slutte med dette. For dyra våre, for naturen, for alle som står igjen med tomme band, tomme stallplassar og knuste hjarter. Signer gjerne her. Vi veit betre no – alle saman. Ute og leiter etter Cookie i minus 5 grader og kaldare skulle det bli den natta.
Tenk at det er 5 år sidan Anemone fekk denne fine gjengen sin på seks kvalper. Det var lykkelige tider det..... No er dei vaksne og 5 år allereie. Frøya, Lucky, Bella, Lady Lara, Odin(Troy) og Luna.
Gratulerer med dagen, håper dokke har ein fantastisk fin bursdag :* |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
juni 2026
Framheva sider:
|

































































RSS-feed