Velkommen hit!
Så koselig at du fann heimesida vår.
Her vil du finne ut litt om draumen min (Unni) om et knøttlite oppdrett av
cavalier king charles spaniel.
Denne heimesida starta livet i april 2015 og i bloggen vår
kan du følge med på
kva vi finn på med hundane våre :)
Kven er så vi?
Vi er Unni og Kristian som bur i eit hus ved kysten på Sunnmøre. Her har vi ein innegjerda hage og fine turmuligheiter rett utanfor stuedøra. Vi fekk vår første Cavalier hausten 2013 frå Atti's Kennel og slik begynte historia vår...
Litt bakgrunn...: Eg (Unni) har hatt lyst på hund sidan eg var lita jente. Frå eg var 3 år "budde eg i fjøset" då vi var på besøk hos besteforeldra mine. Der hadde eg mitt barndoms paradis.... Då eg var tenåring maste eg høl i haudet på foreldra mine men til inga nytte for den eine søstra mi var så allergisk -til våre begges store sorg. Då ho flytta ut fekk eg ein hamster.... :) Eg leste alt eg kom over av hundebøker og gledde meg uansett til - "ein vakker dag når eg får meg hund"! Cavalieren merka seg tidlig som min favorittrase. Biblioteket i Brattvåg var godt utstyrt med hundebøker og eg kunne sitte der i timesvis å bla i dei... Så flytta eg til min egen heim her ute på Synnalandsneset og eg fekk meg ein katt. Livet bestod av sonen min, jobb, hage og hobby! Må skryte av at det resulterte i ein flott herremann, ein god jobb, ein koselig hage og 20 år med hobby-kurs-hobbybok! Og då må det komme eit par bilder... |
Livet blei litt roligare og eg tok ei lang hobbypause. I 20 år laga eg nisser og troll og reiste rundt i heile norge for å halde kurs. Eg var aktiv med heimeside og laga nettkurs for hobbyen min. Kjempekjekt! Men no trengte eg ei pause. Jobben var ikkje fullt så intensiv for helsa gjorde at eg måtte stresse litt ned. Pusilusi gjekk bort seinvåren 2013 og det slo meg at -NO....tida er inne!! Savnet etter Pusilusi var stort, ho var min fluffy lisje skugge i 17 år! Det var rart og tomt å ikkje ha noken firbeint heime meir. Eg starta å leite på nett kvar einaste dag etter ein hund i fleire månader. For å ha noke å gjere på mens eg venta så fekk eg meg akvarium og nokre fisker...det hjalp litt på ventetida ;) Så kom Ally inn i livet våra og vi (iallefall eg) har blitt heilt hundegal :) |
Det gjekk ikkje lang tid før eg starta for alvor å drøyme om at Ally kunne få et kull.... Eg kasta meg inn i det med stor iver på oppdretterskule i 2014/15. Det har blitt kurs og skule og seminarer, verv i klubben m.m...les meir her. Cavalieren har hatt eit ufortjent dårlig rykte, det er ei lang historie som eg ikkje skal gjenta her. Det eg har forstått av å ha lest alt eg har komt over av statistikker og dokumenterte vitenskapelige artikler om dette er at Cavalierer i Norden har i gjennomsnitt like god helse som andre hunderaser. Der fins derimot helseproblemer som vi er klar over, då spesielt hjertesjukdommen MMVD. Gjer ein dei riktige valga i oppdrett så kan ein minske desse. Eg har i alle fall bestemt meg for at eg vil bidra til at Cavalieren som rase får det GODE ryktet den fortjener. Det er ein aldeles herlig hunderase! |
“Until one has loved an animal, a part of one's soul remains unawakened.”
― Anatole France