Kystcavalierens Amaranthus f.21.04.2017 - navnet er lånt frå planteriket og betyr "den udødelige/uforanderlige" - han er den førstefødte i Kystcavalierens Kennel! Kystcavalierens Anemone Ho har fått navn frå planteriket som betyr "den skjønne datter av vinden" Kystcavalierens Aster
Han har fått navn frå planteriket som betyr "talisman for kjærligheit og symbol på tålmod" Sidan vi no har kvalper og har komt på Cavalierklubben si liste over godkjente oppdrettere, så får eg ein del henvendelser om kjøp av kvalp :)
Har du lyst å kjøpe kvalp hos oss så håper eg du tek deg god tid til å lese det eg har skrevet her på heimesida. Du finn link til all info oppe i menyen til høgre her og under dei ulike fanane. Er du då fortsatt interessert etter at du har lest, så fyll ut søknadsskjemaet. (Eg håper at du/dere forstår at det kan ta litt tid før eg svarer. Eg har kanskje ikkje alltid tid til å svare med ein gong men eg gjer så godt eg kan og vil gjerne gi alle eit svar.) Vi har 2 blenheimhanner ledige til den rette heimen :) Hundane våre er alle eit elska familiemedlem og eg vil tenke meg godt om før eg velger ut ein heim som eg trur vil passe perfekt. Eg har derfor ikkje… venteliste, depositum, forhandspenger, ei heller då ein lovnad om kjøp … Kan godt skjøne at det kan vere litt frustrerande, men slik er det altså… Det er tydelig at Cavalieren er ein populær rase. Men ein kan ikkje regne med å få kvalp på dagen (eller månaden for den saks skuld)… Har du flaks så får du ein til ferien du har satt av, men mest sannsynlig så får du ikkje det og kanskje må flytte den for å få det til… Sidan eg ikkje kan gi kvalp til alle som vil ha så vil eg ønske lykke til i leitinga men ver så snill å…
Endelig kom kvalpane! Så etterlengta kull dette har vore! No er det berre glede i heimen <3
Ally ligg fornøgd og passer på dei 3 flotte blenheimkvalpane sine. Det starta med at ho gravde og peste gjevnt heile dagen. Det hadde ho gjort litt no og då dei siste dagane.Tempen kvelden før hadde vore på 36,9*C så eg rekner med at det fall ytterligere den natta og steig gradvis til morgonen etter til 37*C. Kl 14:30 var tempen på 37,5*C. Ho hadde også hatt eit temperaturfall på søndag(36,5*C), men det kan visst vere vanlig den siste veka før fødsel. Kl 22:05 spydde ho opp att all middagen sin. Matlysta har heile tida vore stor så den vart slukt kl 16. Så starta ho og pese og grave. Pese og grave... Kassa var ein fin stad, også buret til Bonnie...og den gamle gode heimelaga senga som stod midt på golvet. Godt å ha litt gravealternativ ;) Ein liten slimpropp kom til synes på handduken og rett etterpå litt grønnlig vatn. Så kom der veer. Dei vart ikkje mange før ho ynka seg og så begynte ho å hyle. Au! Ho hoppa opp i stolen sin og pressa eit par gonger mens ho hylte litt til. Eg trøsta så godt eg kunne. Kl 22:57! Der hoppa ho så ned på golvet og med eit lite hyl til kom en fin liten prins til verda. Morkake og, heil og fin :) Dette syns Ally var litt skummelt men samtidig rart....ho lukta på vesenet og dytta på den med nasen sin. Dette visste ho ikkje heilt...mamma, hjelp? Så eg tok av hinna og prinsen trakk sitt første gisp! Herlig! Morkaka ville ho ikkje ha så den tok eg bort og knytte ein kokt tanntråd rundt navlestrengen. Oioioi så glatt og vanskelig det var. Men vi fekk det til! Frotterte og tørka han litt og la han på ei varmepute som eg har. Han virka frisk og sterk. Lik pappan sin ;) Vekta viste 237 gram! Ally fulgte med på heile greia og syns det var fole rart og spennandes. Eg la han til tatten og han fekk suge seg fast. Yess! Neste gong kom pressriane litt stillare ;) Eg kjende to føter og ein haletipp, og ikkje mange pressriene etter, ståande, så kjem lisje jenta med baken først ut i verda :) Kl 00:01 , 230 grams blenheimjente!! Ho fekk også die litt før neste omgang starta. Siste kvalpen vart også ein flott blenheimhann, litt lysare enn den første og med litt høgare røyst :) Pressriane var litt seigare og nokre av dei kanskje litt svakare....så det tok vel ca 5 min ståande frå vi såg føtene først. til heile kroppen klarte å bli pressa ut med den siste sterke ria. Dette var kl 00:28 og den største kvalpen på sine 258 gram! Ally dia alle sammen og eg la alle på varmeputa ei stund etter at eg tørka dei bak med ein våt bommullspad. Det fekk dei til å tisse. Ally var heilt utslått og låg og sov ei lita stund. Ho vakna kl 3:15 og då var ho nysgjerrig på dei små. Forsiktig så begynte ho å slikke dei og eg viste ho bakenden på en kvalp og ho slikka i seg litt tiss slik som hundemødre gjer. Då var det gjort... Dei sugde seg godt fast i kvar sin spene og det var lykke i heimen!!! Sidan røntgenbildet hadde vist 4...trudde vi...så venta eg lenge og vel på den siste...men neida, Ally viste at ho var fornøgd og ingen tegn til fleire. Tempen var normal for hendelsen og ingen tegn, berre litt småpesing av etterrier eit par gonger. No har vi sjekka godt bildet og dei kyndige sei at , neida,det er nok mulig der berre er tre ;))) Det kunne spart meg for mykje nattevåk, men slik er det no ;) Her er eit knippe bilder frå i går kveld og i dag: Ally er så opptatt med sitt for tida at mamsen syns det var en god idè å gi Bonnie en liten kompis! Suksess: Så kom endelig dagen vi kunne få sjå kvalpane på røntgen! Det er dag 49 (kanskje 50 om vi tell frå første parring). Etter dag 45 kan ein sjå kvalpane for no har dei fått kalk på beina sine. Vi såg først garantert 3...men så såg vi tydelig 4 ryggrader og ca 4 skaller!! :) ..... men no når eg ser bilda på PC og studerer i fred og ro...er det ikkje tydelig 5 ryggrader her da tru???? Det er ikkje godt å sei.... Det spørs om eg ringer dyrlegen i morga og ber ho også sjå ein gong til. Det kan fort gjøyme seg noke om dei ligg litt bak kvarandre. Kjekke dyrleger på NEBB OG KLØR på Skodje! Billigare røntgen får du ikkje og dei har god tid og vi som er "bekymra mødre" kan spørre om kva det skal vere. Kjempegod service! Det var dagens reklame :) Her er bilda: 5 og ei halv veke på veg.....struttetutter og liten mage. Ingen tvil lengre...her er det kvalper!! :)
Er du interessert i kvalp frå oss så sjå HER! |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|