Til vår kvalpekjøper!
|
Kvalpar frå oss leverast tidlegast ved 8 vekers alder med
si eiga mappe med:
Kvalpen vil også få med seg:
Ny eiger vil få med seg:
|
- Ingen garanti men...
Ein perfekt hund fins vel ikkje og eg vil kanskje aldri klare å avle ein perfekt kombinasjon... Men med dei måla eg har satt meg så har eg i alle fall noke å strekke meg mot og eg vil gjere det så godt eg kan for å nå dei.
- Selskapshund
Blir du kvalpekjøper hos Kystcavalieren så forplikter du deg til å bruke hunden din!
Det betyr at du bør ha ønske om å vere aktiv med hunden i enten skog og mark eller på bana (rally, agility, lydigheit, utstilling, besøkshund, jakt osv -det fins mange alternativ). La den få bruke haudet sitt (mentaltrening f.eks kvardagslydigheit, godbitsøk) og la den få sosialisere seg med andre hunder (tidlig nok og jevnlig i livet!).
- Utstilling
Det er greitt å stille ut for å få ein objektiv eksteriørbedømming i forhold til rasestandaren som er viktig for kva val ein tek i vidare avl (svake og sterke sider). Ein godt konstruert hund fungerer betre enn ein dårlig konstruert hund (for å forhindre slitasjeskader osb.). Å halde seg til rasestandaren i avl er også viktig for at du som kvalpekjøper skal vite kva du kan forvente av hunden du har valt. Det er også god trening i å handtere ein hund i sosiale samanhengar og samfunnet elles, verdifullt!
Og ... det kan vere litt gøy… ein gong er nok til å bli hekta :P
- Oppfølging
Eg krev at kvalpane blir følgt opp med ormekurer og vaksiner av ny eiger. Eit ønske er også at dei blir augelyst og sjekka for hjerte og kne i vaksen alder. Det er sjølvsagt opp til eigar, men eg vil råde til dette då det er så stor hjelp i vidare avl på rasen og ikkje minst for å kunne lage statistikker og index for NKK.. Dette er eit krav om dei skal brukast vidare i avl. *sjå forvertsavtale
- Felles forståelse
Vi ønsker oss eit forhold basert på tillit og forståelse, der gjensidige plikter føles rettferdig og riktig for alle parter. Vi ønsker å ha kontakt for eventuell oppfølging og hjelp fra oss når det trengst. Alle krav og ønsker frå oss er noke som også bør samsvare med ønsker frå vår kvalpekjøper. Håper denne heimesida er med på å forklare korleis vi ser på avl og oppdrett og at det er fornuftig i henhold til vitenskapelige tanker om hundehold. Ta gjerne kontakt og spør gjerne om noke er uklart eller føles feil.
Det er ein kosehund, ein turkamerat, ein selskapshund til glede, trøst og nytte. Den har eigne følelser med eigen personlegheit og ønsker. Ingen hund frå Kystcavalieren skal stå ute i band eller luftegård uten tilsyn. Den bur i husa i lag med oss og er der vi er sammen med oss. |
PS! Ved kvalpehenvendelser set eg stor pris på om dette er besvart pr mail eller tlf, altså tenkt gjennom før første kontakt :)
|
* "Hjelp! Jeg har fått valp!" - Råd fra en adferdsbiolog. ---ANBEFALAST Å LESE!!!! -skrevet av Emma "HunomHund" * "The rule of 12" er nokre lure huskeregler om sosialisering. * Sjekkliste ved kjøp av kvalp er nokre huskeregler eg laga til for den som vil sette krav til oppdrettere. * Trude Rugaas har gode råd om kvalpen, utvikling og trening :) |
Her er info til deg som lurer på kva cavalierklubben er og bladet du får som medlem:
(klikk på bilda)
(klikk på bilda)
Takk til Ellen for dei fine infoplakatane :)
Litt historie:
Vi reiste heilt til Hamartraktene for å helse på Attis Kennel og kullet til Ally då dei var 6 veker. Det var aldri aktuelt for oss å kjøpe ein uregisrert kvalp frå ein flyplass eller tilfeldig stad. Vi ville sjå at alt såg ordentlig ut og at dette virkelig var eit godt oppdrett. Eg kan ikkje understreke godt nok kor viktig eg syns det er å velge ein seriøs oppdretter!
Vi visste ikkje med ein gong kven av dei to tispene vi fekk for oppdretter skulle ha ein sjølv og ville sjå korleis kvalpane utvikla seg før ho bestemte seg.
Eventuelle kvalpekjøpere av oss ønsker eg skal komme på besøk så vi kan lære dei å kjenne like godt som dei sjekker at alt er bra med vårt oppdrett.
Det er viktig med god tid til kvar kvalpekjøper for å sette dei godt inn i kvalpestell og råd. Eg vil også vente til minst 8 uker er gått før eg bestemmer kvar ein kvalp skal få bu. Det høyres kanskje litt strengt ut for enkelte men vi vil at kvalpane våre skal få det godt og vil sørge så godt vi kan for å legge dette til rette. Hvis vi bestemmer oss for å finne ein kvalp som vi seinare vurderer å avle på så må vi også få lov til å sjå på utviklinga til kvalpen. Då trengs minimum alle 8 vekene for å vurdere det.
Kanskje kan vi også ha en kvalp på fôr, det vil sei eige den sjølv men la noken andre få ha den som sin familiehund. Dette får tida vise :)
Her er en liten videosnutt frå vårt første møte med Ally!
(12,9MB - må lastast ned - kortfilm på 43sek.) |
|
|
|