Juhuu! Vi klarte det igjen!!
182 poeng! Det vil sei 1.premiering i Rally klasse 2! Vi fekk også 2.plass på pallen med sløyfe og premie! I morga er det andre runde så då føler vi at vi berre kan ta det med ro for dette er knallbra syns vi ;) Her er skrytebilder og ein liten "Stikk-ut"-tur vi fekk med oss på veg heim:
0 Comments
Hallo bloggen! I dag må vi skryte litt av at vi diska på apellmerket. Vi er som du då kanskje skjøner berre kjempestolt av innsatsen vår :D Einaste grunnen til at vi ikkje klarte apellmerket (populært også kalla bronsemerke i lydigheit) var at eg tok borti Ally då ho skulle stå under marsj. Pyttpytt! Vi er så stolte uansett i dag!! Sjå berre denne fine rapporten på 124 poeng sjølv om det altså vart 0 poeng i stå under marsj.... Vi veit kva vi skal øve på til neste gong ;) Vi fekk ei fin krus som takk for innsatsen :)
Etterpå rakk vi eit par runder med rallytrening før vi stakk ein fin Stikk-ut-tur rundt på Skodjebruene: I helga fekk Ally prøve å flyge! Vi skaffa ein billig flygebag på Ebay for lenge sida som vi har vendt ho til. I veka før så tok vi ho med i bil der ho var i buret nede på golvet mellom beina mine. Litt godbit og ho la seg fint til rette.
Før ein skal ut å flyge må ein sjekke med flyselskapet kva som er godkjent. Det kan variere. Men hos både SAS og Norwgian sa dei til meg då eg ringde at så lenge bagen er stor nok til hunden og den ikkje er større enn måla. Dvs den må kunne pressast litt sammen slik at den passer måla og under setet. Og den må vere under 8 kg med hund.
Eg var ganske så nervøs for korleis dette skulle gå...så vi fekk skyss til flyplassen i tilfelle Ally måtte bli heime. Heilt ubegrunna sjølvsagt :) Ingen hverken sa eller gjorde noke som var skummelt. Buret vart sendt i scanneren og Ally gjekk med meg i detektoren. Alt gjekk flott og vi fekk berre gode blikk frå medpassasjerer og flyplasspersonell :) Ally er jo så søt ....nesten FOR søt....når 10 fremmede på ei kort stund vil så gjerne helse på ho så kan det bli litt mykje! Eg er då ikkje så lite stolt men vi går ofte fort forbi og sett oss i ei krå. Buret var fint å ha, ho kraup gjerne inn heilt frivillig å la seg. Då vi skulle boarde flyet så låg ho klar i bagen og eg bar ho ombord. Ein flytur på 40 min er ikkje lengre enn at ho låg der under heile turen. Sidan ho då hadde trent på det så var det heilt ok. Då flyet tok av så såg ho brått opp på meg...kva er dette mor??? Ho møtte blikket mitt og eg kneip sammen augene mange gonger....då veit ho at her er det berre rolig og fint og ho la seg rett ned og sov. Då vi landa litt hardt så gjentok ho samme prosedyre...og eg møtte blikke hennar på same måte...ok mams, her er det visst berre å slappe av ;) Bilder frå turen: (Klikk på dei for å gjere dei større og bla med piltastane) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|