Ikkje til å tru at mi høgt elska Ally er 9 år allereie :) Ho er fortsatt sprek og ung til sinns, glad i mat og turer. Nokre grå hår rundt augene er det einaste som røper at ho ikkje er ein liten kvalp :* Gratulerer med 9-årsdagen Ally!Då har begge to fått vaksine og chip. Kystcavalierens DryWhiskey 2 kg og Kystcavalierens DraftBear 2,2 kg. Blenheimen har ikkje fått ned begge steinane enda men tvi tvi. Begge er gode og runde og meget vakre :)
Om nokre dager reiser dei til sine nye heimer i Oslo og Ålesund. Det er alltid litt skummelt når kvalpane skal finne sin nye familie... Får den det bra? Vil den ha eit godt liv? No har eg tatt det viktige skrittet og lovd to familier få eit nytt familiemedlem.... to kvalper skal berike livet til dei heldige :)
Blenheimguten skal til Ålesund og trikolorguten skal til ein familie i Oslo. Men det er nokre dager til da.... vi nyter tida vi har igjen og gler oss til endelig å sove litt lengre på morgonen....hihi Eg er fortsatt i tenkeboksa kor desse gutane skal bu i sin forevigheim. Beklager så mykje om det tek litt tid :) Men her er dei....begge to heilt nydelige spør du meg :)))
No har dei blitt over 4,5 veker og Cassie får lov under vaktsame blikk å komme å leike litt i bingen. Her i huset har vi covid så ting går ikkje så fort. Eg er i tankeboksa om eg vil ha deleiger på desse småtassane som viser seg så innmari fine. Men det tek litt tid å bestemme seg for kva ein skal gjere, I mellomtida er det berre å søke via skjema og smøre seg med tålmod O:)
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|