|
Tenk at det er 5 år sidan Anemone fekk denne fine gjengen sin på seks kvalper. Det var lykkelige tider det..... No er dei vaksne og 5 år allereie. Frøya, Lucky, Bella, Lady Lara, Odin(Troy) og Luna.
Gratulerer med dagen, håper dokke har ein fantastisk fin bursdag :*
0 Comments
Odin har blitt ein flott gut på 4,5 år og vi er så glade for å få helsing frå Bergen :*
Gratulerer med dagen Lucky, Bella, Luna, Føya, Leo-Troy og Lady-Lara. Håper dagen inneberer leik og moro, masse kos og minst eit tyggebein i dag :)))
Her på bildet er mor med alle sine 6 små. Klem frå oss her på Synnaland Eg har oppdatert litt i dag om kvalpeplaner...: VI har desverre ingen planer for fleire kull i 2022/2023/2024 --- kanskje 2025?
Det er desverre ikkje lov å avle reinrasa cavalier i norge etter dom i Høgsterett 11.oktober 2023. Du kan finne meir info om dette på Norsk Kennel Klub og Norsk Cavalierklubb. Vi er fortsatt medlem av Norsk Cavalierklubb da vi synes det er viktig å støtte arbeidet som no er i gang. Meir enn nokon gong treng klubben støtte til å gjennomføre utkrysningsprosjektet for å bedre helsa til cavalieren og redde den herlige rasetypen.. Kystcavalieren har meldt på våre to unghunder til utkrysningsprosjektet. Det er forhåpentligvis straks i gang hos klubben seinvinter 2024. Det er ikkje sikkert at våre hunder går gjennom nålauget for MRI-testen som må vere veldig godt resultat på for alle hunder som deltek (sjølvsagt), men tida får vise. Vi håper at det vil bli født mange cavalierblandinger i dette prosjektet tidsnok til å bli innkryssa i den reinrasa genpolen i Norge. Slik kan vi få fleire hunder i Norga av vår herlige flotte nydelige snille og glade rase cavalier king charles spaniel som vi elsker! |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
oktober 2025
Framheva sider:
|




















































RSS Feed