Laurdag fekk vi besøk på hyttå etter ein liten tur i skogen....
Så då må eg jo vise nokre bilder av denne flotte herremannen som kom hit :) Takk til Ingeborg for dei artige bilda og ikkje minst videoane(som eg ikkje kan vise her for vi prata sånn på dei....haha) Tusen takk for besøket Kiro! Damene digga deg ;)
2 Comments
Når mor er blitt skikklig forkjøla så må jentene får seg noke ekstra å bryne seg på.... Her er brukt do-/tørkeruller, gamle kluter stappa oppi med godbiter....tredd på ein tråd og festa godt på begge sider i passe høgde. Tidsforbruk; 7 min. Artig :) Ein halvtime seinare har Bonnie gitt seg mens dei to andre strever enda med dei mest vridne restane, hehe. Mor kan snyte seg for ørtande gong og legge seg under teppet igjen med god samvittigheit for kvelden. Vi kom jo i avisa gitt...hihi. Det eg fekk sagt ... (etter full panikk i mitt indre av å få spørsmål av ein journalist sånn heilt plutselig) ...var igrunn noke som eg syns er veldig viktig!
Det les eg akkurat om også for eg tek endå eit kurs hos HunomHund-Emma; "Adferdsbiologi2". I heimelekse les eg bladet "Tufts Now" at Temlpe Grandin snakker om det at vi gjer hundane våre ei bjørnetjeneste. Ironisk nok ( i dobbel forstand...tok du den?, hehe) når hunden stammer frå ulven så er den alikevel ein eigen rase og ulik. Kort fortalt frå artikkelen: "Mange studier er gjort for å sammenligne ulv og hund. Ulven er opptatt med å løyse problemer mens hunden er opptatt av å få hjelp av oss. Vi har gjort hunden hyper-sosial, og med dagens strenge båndtvang-lover får ikkje hundane lov å vere det. Han meiner at hundande lir under dette og det er årsaken til mange problemer hundane får i samfunnet." Derfor var min beskjed i Sunnmørsposten at: Sunnmøre Hundeklubb sitt område er viktig for samfunnet. Uten ein plass å møtest, leike, trene og sosialisere mister hundane evna til å opptre korrekt i samfunnet ellers! Ein begivenheitsrik dag i dag :)
Vi var på Sunnmøre Hundeklubb sitt sosialiseringstreff i dag etter dyrlegebesøket. Det var kjempekjekt og mange hadde tatt turen. Eg blei til og med intervjua av Sunnmørsposten...hihi. Anemone fekk bli med på litt ringtrening og ro-trening. Bonnie blei med på ro-trening. Ally måtte vente litt så ho fekk bryne seg på litt Rally-lydigheit. Kjempekjekt! Håper at Ålesund kommune gir klubben løyve til å halde til på dette flotte området som er godt egna til mange aktiviteter for hunder og tobeinte og ikkje minst, ligg godt til rette for dei fleste, I dag har alle tre tøttene fått hjerteattest -uten anmerkning sjølvsagt ;)
Attestane er også sendt inn til klubbens helseliste kvart år, som ordentlige cavalierer skal ;) Ally og Bonnie fekk den årlige vaksina si også. Anemone må vente litt til for dette er ca ein gong i året. Det gjer at vi kan komme på treff og utstilling og sleppe å vere redd for kennelhoste og lignande ulumskheiter :) ...er det tid for å ta ut den overflødige skogen...
Altså, pelsstell. Her er nokre bilde av pelsstellet etter turen i dag. Eg bruker kam og etter ca 10 minutt er Anemone god som ny. Ein halvtime seinere er pelsen tørr att også. No merker vi tydelig at det går mot vår og dagane har meir deilig dagslys å by på. Endelig er det helg og ein tur ut der sola faktisk titter fram og det er nesten over 5 grader!!
No desse dager med diskusjoner om etisk hundeavl så mistenker eg at det er litt forvirring over kva ein cavalier er? Eg har jo lenge tenkt at eg skulle blogge om forskjellen på ein cavalier og ein king så her er den altså: Cavalier King Charles Spaniel vs. King Charles Spaniel
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|