Ja då er det berre å vente......om ca 5 veker vil eg tru vi kan gjette oss til om Anemone har blitt drektig. Det er ikkje før i veke 7-8 at vi kan ta røntgen for å få det endelige svaret på om det blir småtasser her til jul. Tvi tvi! Alle 3 var med på turen i bobil til Hamar :)
I dag har vi vore på helsesjekk hos Ålesund Dyreklinikk. Der var det rekordmange som måtte ha hjelp før ferien sin så det blei litt ventetid i dag: Alle tre fekk vaksiner og er friske og fine. Ja bortsett fra hoftene til Bonnie da, men det går heldigvis veldig bra for tida! Alle fekk sjekka seg litt her og der og alt på alle tre er uten anmerkning. Her er Ally sin hjerteattest no er ho straks seinor på 7 år og vi måtte jo få en slik på ho no når vi først var der :) Anemone sin kjem i dogWeb så snart dei får summa seg etter ein travel dag på klinikken og hos NKK som har ferie for tida ;)
Ho må få sin inn der fordi vi har planer om å pare ho. ( Ingen kvalpeforespørsler før kvalper er født!) Vi har funne ein fin trikolor hann som vi trur ganske sikkert skal bli den heldige gemalen. Meir om det kjem snart men eg kan røpe at han er 6 år og en flott fyr som har fått 6 kull tidligare. Det er bra at han er litt eldre og har litt erfaring :P Då er vi på veg til Sola flyplass! Ally er klar som et egg viser progresterontest frå i går tidlig på 28 m/mnol. Det stig dobbelt for kvar dag så no er ho på sikkert 60. Perfekt å parre seg på det :) Pondus venter i andre enden så no håpet vi på full klaff! :) Oppdatering 31.oktober: Paringa var full klaff, vi håper no på teikn etter ca 5 veker vil vi kanskje skjøne om noke er på gang :)
Når en skal reise langt og parre ei tispe så er det greit å vite om ein reiser til riktig tid.
Da er det lurt å dra til vetereinær og måle progesteron-nivået i blodet. Det gjerast ved ei enkel blodprøve som sendes samme dag til Veterinærhøyskolen i Oslo. Svaret får en først dagen etter og det koster ca 850 kr så det er greit å følge godt med på tispa når ein bør ta testen. I Oslo les dei av nivået av dette hormonet(progesteronet) som stig i tispa rett før eggløysing. Tispene har ikkje lest brukermanualen så dei kan nok finne på både det eine og det andre. Noken stig fort og noken sakte, så dette er kun ei veiledning: Det er ikkje alltid at ting går som ein forventer.... Vi tok denne gongen to progesteron-prøver av Ally som begge viste 2, altså lite eller ingen stigning som bør vere rundt 40 ved eggløsning og paring. Det er slik at det dobler seg for kvar dag når det starter å stige og 2 er "normalnivå". Vi var kanskje tidlig å ta første test på fredag....men sist gong var jo Ally ganske tidlig klar (dag 9 viste 25) så da tenkte eg at det er bedre å ta to tester heller enn å sjangse på å kome for seint. Vi skulle tross alt kjøyre 75 MIL... Joda..så på mandag viste fredagens test at ingenting hadde starta...vi tok ny test mandag som vi då skulle på vite svare på på tirsdag. Så på mandag var vi rimelig sikker på at noke kunne starta å skje så vi tok sjangsen å starte turen nedover landet.... Tirsdag var vi så på Hamar og tok eit museumsbesøk mens vi venta på å kunne ringe vetereinær for testresultata...dei skulle vere klare etter kl 12-13. Så då vi fekk svaret at det framleis var berre 2.....DÅN!!! Kva gjer vi no??? Sonen (kjøyrehjelp og støttekontakt) tok det heile med stor ro og foreslo ein tur heimatt...og vi så gjorde.....kjøre kjøre... Godt at vi kan ha godt humør og huset på hjul (bobil)!! Ally er vandt til bobil-livet og ho føler seg trygg og god der. Slik var det kanskje endå bedre for ho denne gongen..sist så kjørde vi bil og det vart kanskje meir stress for ho. ~*~*~*~ Torsdag klarte eg ikkje vente lengre...vi kjører etter jobb! No MÅ det uansett ha skjedd noko!! Vi tok derimot ting med ro og fekk med oss Peer Gynt-spelet på Gålå torsdagskvelden (ein fin plass å ta natta også)...artig oppleving! Vi var framme i Bengtsfors i Sverige seint fredags kveld. Gjett om Ally vart tullete av Olle-lengsel då ho skjønte kvar vi hadde havna! Ho ulte og peip og kunne nesten ikkje klare å vente. Marielle kjende på Ally og eg fekk også kjenne og lære korleis dette skal kjennes. Jau -ho var muligens ganske straks klar...men vi venta til morgonen sidan det var så seint på kveld. Då dei endelig fekk møtast var det smock -rett på! :) Begge var spenna klar for dette som dei jo hadde fått smaken på sist gong. Det var ikkje mange danserundene på kjøkkengolvet før dei gjorde første forsøk. Det vart med 2 forsøk der det siste var ok, dei hang i nokre minutt. Dagen etter var dei like ivrig og då klarte dei seg heilt sjølve men vi var der og passa på, samt haldt dei litt ihop til dei satt i hop. Det varte i 1 time!!! Dette vart ei flott og vellukka paring! Blir det ikkje kvalper denne gongen så veit ikkje eg...då er ikkje denne kombinasjonen liv laga. No har vi iallfall gjort vårt for å få dette til og vi må smøre oss med tålmodigheit i minst tre veker før vi no kan starte å gjette på om det har blitt noke :) TVI TVI!! ![]() Ally og Olle danser litt rundt i hagen før vi fer inn på kjøkkenet og det blir ordentlig business :P Ally er spenna klar og stiller seg opp ...Olle må snuse og sparke og snøfte litt rundt før han hopper på. Dei andre løpetispene måtte sjå langt etter populære Olle... :P PS! Sjå dei søte Russian Toy-kvalpane bak til høgre og venstre i bildet...er dei ikkje søte!! :D Eg laga eit skjema som viser oversikt over dager, progesteron-nivå og elles...greit for å huske: Etter paringa i januar så håpte vi på at det skulle bli kvalper til påske....
Ally sov og sov etter paringa. Ho var mega-kosete og godtesjuk. Ho både spydde eit par gonger og fekk auka matlyst. Ho var ikkje interessert i å leike med andre, då berre stoppa ho og viste 0 interesse. Alt dette, men pattane viste ingen rosa eller hovne tegn....var ho drektig?? Vi ønska oss so veldig at ho skulle få kvalper! Kvalpekassa var klar...feriedagane var spart opp...påskeferien var perfekt plassert. Så vi bestemte at det var tid for å sjå på ultralyd. Var der kvalper? Kunne draumen gå i oppfyllelse?? Men slik gjekk det altså ikkje....der var ingen kvalper å sjå :( Skikkelig trist syns matmor.... Kanskje var det for seint i syklusen? Kanskje var turen meir anstrengande for ho enn vi trudde? Men vi gir ikkje opp draumen!!! Til hausten kan vi prøve på nytt mellom Olle og Ally og alle gode ting kan vel også vere 2 ?? Då skal vi vere endå bedre forberedt! Ein kan berre lære meir og bli bedre i ting ein ikkje kan! I mellomtida skal vi også håpe og drømme om småtasser som spring over golvet her til jul! DET må vere årets julegave det :))) I helga reiste vi heilt til Sverige for å pare Ally med Olle. Det er kanskje galskap å reise så langt, men ein skal vel følge magefølelsen sin når store avgjersler skal takast. No er det berre å vente og vere tålmodig for å sjå om det blir kvalper til påske :))) Turen med bil i 10,5 timer var uansett ein fin tur! Måneskin og kaldt og fint ver. Marielle og Fredrik tok varmt i mot oss og vi hadde det kjempekjekt og kosa oss heile helga! Tusen takk til Marielle som er så villig til å lære frå seg til ein fersking som meg. Ho er utrulig kunnskapsrik og flink så dette gjekk heilt strålande! Onsdag morgen (dag 8) tok vi progesteron-prøve hos Ålesund Dyreklinikk. Torsdag kl 15 fekk vi endelig svaret....nivået var på 25 så her var det berre å reise avgårde! Vi pakka ferdig og drog nedover så fort vi fekk til. Ei overnatting på Hamar måtte til då vi vart ganske så trøtte. Heldigvis så var veret så nydelig med måneskin og kvitt landskap. Om morgonen når vi kom fram så helste hundane på kvarandre. Det var tydelig at Ally var meir enn heiltent på Olle og omvendt. Første paring (dag 10) gjekk fint sjølv om Olle ikkje fekk heile stellet inn. Like greit syns Ally som syns det var litt småvondt/rart. Denne gongen hang dei ikkje lenge i hop. Det gjorde dei på den neste dagen (dag 11)...denne andre gongen var ho nok litt øm og syns det var litt ubehagelig. Men ho stod stolt og flott til det var over, og dei hang litt i hop. Også tredje gongen på søndagsmorgonen (dag 12) gjekk det veldig bra og dei hang i hop i 20-25 min. Etter dette så virka det som begge var mindre interessert så det var nok berre sånn just-in-case denne siste paringa. Veldig greit for Ally at den siste gongen gjekk så bra syns mamsen. Og i mens vi teller til 59 så får vi hygge oss med desse bilda og filmane frå ei minnerik helg i Sverige:
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|