I kveld kom det to små guter til verda hos Kystcavalieren. Oppblokkinga starta vel kvelden før med graving i tepper og kasse. Første riene kom kl 19:10 og den første trikolor guten på 258 gram kom til verda kl 20:05. Han måtte ha litt drahjep ut men det gikk greit. Han kom nemlig i setefødsel, altså med bakbeina først, men ikkje nok med det, han kom "opp-ned" med magen oppover :O Godt er det når det skjer sånne rare ting at man har gode mentorer man berre kan ringe på messenger og bli guida igjennom heile prosessen. Eg kan ikkje få takka nok for det betyr sååå innmari mykje å ha støttande ord og råd .... klem til dokke mine oppdrettervenna :*
Anemone var kjempeflink og rolig heile tida og tok merkelig nok det heile med god mamma-ro og eit lite au. Den neste var ein blenheimgut som fødtes kl 21:15, han også setefødsel. Han var en stor gut på 278 gram så han måtte også ha litt drahjelp og heldigvis gjekk det veldig fint til slutt. Det tok jo si tid så han var litt blå då han kom ut og eg måtte jobbe litt for at han skulle få pusten i gong. Skal sei det er deilig å høyre nokre gode innpust etter nokre minutt med massering og fostervannsutsuginger. Puuuhhhh no ligg dei begge og drikk dei første råmelkedråpane som er så viktige <3 Røntgen i dag viser 2 kvalper og det var ingen overraskelse sidan magen ikkje er så stor som sist. Håper fødselen neste veke går fint og at begge klarer seg <3
Dyrebeskyttelsen Norge i regi av det eg oppfatter som ein veldig rigid leder har på nytt skrevet eit innlegg som har usannheiter om cavalier: Håper lagmannsretten står på hundenes side
Verda har desverre blitt veldig svart kvitt for mange og det er så trist av vi ikkje kan jobbe sammen for å nå dei samme måla som vi faktisk har: Funksjonelt friske hunder med rasetypisk konstruksjon og mentalitet, som kan leve eit langt og lykkelig liv til glede for seg sjølv, sine eigarar og samfunnet! Lånt av A.Indrebø frå NKK Ja desverre går det sakte og eg skulle ønske vi hadde komt lengre. Men å sjå at dei beste oppdretterne blir sverta og at NKK og klubb ikkje skal få jobbe for å lære opp gode oppdrettere lengre kan eg ikkje godta. Ei heller kan eg godta at dei skriv at kryssavl ikkje var aktuelt, det er løgn. Eg satt i styret den perioden og veit at vi var FOR å starte kryssavlsprosjekt. Mykje har skjedd dei siste åra... og frå å vere åleiene om å ville sette i gang med dette, til at alle var for, er eit stort skritt. No håper eg berre det nye styret jobber videre med desse viktige sakene. Finnane er allereie i gang og Danskane også i kjømda. Å forby rasene vil berre sette i gang kaos og endå meir ukontrollert avl. Nei la oss heller få jobbe sammen om hundeavl. NKK har gjort en super jobb å lære opp kvalpekjøpere og oppdrettere og det må vere vegen å gå. Cavalierer er og blir verdens beste rase for enkelte av oss og vi må arbeide hardt for å få bevare den....MEN på forskningsbasert vis! DB vil no gå på fleire raser som dei meiner skal forbys. Kva blir den neste? Vil det løyse problemet? Ja det blir kvalper her men magen er nok ikkje så stor som sist. No tipper vi alt fra 1 til 3 ... skal tru kem som får rett? ;)
Fekk ein filmsnutt av Sofus kosegutt på 5 år. Sjå kor han har vokst seg til ein staselig kar. Lik sine søsken Tassen og Anemone :*
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
October 2024
Framheva sider:
|