Puuuhhhh :D Gurimalla kor kjekt å halde kurs igjen! Litt historie: Frå 1998 til 2010 reiste eg rundt i heile norge for å halde kurs i si tid. Den gongen var det trollkurs :) I 2006 hadde eg eige opplegg onlinekurs med eiga sjølvlaga heimeside, det var lidenskapen den tida ;) No i kveld har eg haldt mitt første onlinekurs for kvalpekjøpere og andre! Det var soooo kjekt! Og no når eg har lest tilbakemeldinger frå mange så blei eg heilt varm i hjartet av glede <3 Det blei ikkje perfekt, men som eg håpa kom eg meg bra igjennom det eg ville formidle. Kjempegøy! Whohoooooo!!! D Kva gjer ein når det er så krisetider som det er.....jo tek ein test-vårtur med bobilen til fjæra og plukker rusk!
Det er så forferdelig å sjå på TV i dag kor dei slit, spesielt i Italia...:( Føler med alle som ikkje kan ta seg ein gong ein tur ut døra.... <3 Vi er så utrulig heldige, enn så lenge, å ha natur og luft rundt oss. I dag tok vi derfor bobilen på ein vårlig luftetur til andre sida av Samfjorden. Vi var heldig og det var ingen der så hundane fekk springe fritt og snuse inn spennandes dufter. Vi hindra dei så vidt å rulle seg i ein død skarv og ein død pigghå da men....guuri so spennandes altså! Mor og far plukka plast og skrot som forsøpla stranda. EIn del store plastplater frå industri, ei bøtte full og eit plastnett fullt blei det. Og enda var der nok meir. Det var godt å komme seg ut i det nydelige veret i dag!
Heimekontor og ruskever gjer at vi har lengta ut! Her er litt bilder frå turen vår og ståda i kveld. PS! Husk å vere med på onlinekurset vårt fredag :) Neste fredag vil eg starte del 1 av 3 episoder online kvalpekurs som eg har snekra i hop til mine kvalpekjøpere.
Hvis du ønsker deg, venter eller har fått deg kvalp så kan eg love deg at du har lyst å få med deg dette! Og det kan du :) Berre meld deg på HER og bli med! No i desse koronavirustider har eg bestemt meg for å ta ein testomgang på eit (online) kvalpekurs eg har snekra i hop dei siste månadane. Eg tenker å gi mine kvalpekjøpere dette kurset då eg synes det er viktig å komme ut med informasjon om dei nyaste metodane for hundehald. Og ikkje minst for at mine kvalper får dei beste og mest oppdaterte matforeldre som finst i heile verda :) Har du lyst å vere med på mine første prøve-forelesninger? Det er sjølvsagt med tanke på cavalierkvalper men kan passe for alle med alle typer kvalper. Eg tenker i første omgang på at det kan vere 3 forelesninger/kvleder der dokke kan høyre meg live og sjå plansjer eg viser. Det kan vare kanskje i 20-30 min alt etter tilbakemeldinger/spørsmål eg får. Deltakarane vil få ein link med meg på mail og kan delta med spørsmål undervegs. Høyres dette ut som det kan vere noke for deg? Har du kvalp frå oss er dette kurset gratis for deg og dine. Har du eller venter du på ein kvalp i framtida så er dette kurset også for deg men du må betale meg litt, 100kr ;) Eg vil starte når det blir nokre påmeldte og prøve å få det så det passer dei som vil vere med. Kurset vil ligge online i eit par veker så du får det med deg sjølv om du skulle vere opptatt ein eller fleire av kveldane. Fyll ut skjemaet her hvis du er interessert: Fekk lov å dele litt frå Kystcavalierens Born To Love You (Quinn) "Ozzy" (9 mnd) sitt liv!
Her viser han korleis han blir introdusert til klosaksa....først litt skepsis ... så er den dekt av deilige godbiter... så får matmor klippe klør mens han er opptatt av alle desse godbitane ;) Det er belønningstrening i praksis. Gå så sakte fram at saksa ikkje lenger er skummel, men en fin sak som får fram godbiter og godfølelsen ;) Flinke matmor og Ozzy <3 |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|