Hvis Ally er drektig er planen å behalde ei tispe på for. Eg har stor tru på denne kombinasjonen mellom Ally og Pondus. Draumen er at det kan gi ei fin tispe som vi kan ha eit par kull på når tida kjem at ho er gammal nok(3 år) og frisk(tatt alle tester). Då er det slik at vi skriv forvertsavtale med den som overtek ho. Ho blir då gitt bort til ein familie som vil ha ho som sin egen på vilkår som fins i avtalen. Det er å halde ho i god form på alle måter, stille ho ut, samt ta ho på alle helsesjekker som ho treng. Dette er ein fin måte å få ein flott hund som har potensiale i utstilling og som eg trur på vil bli ein god kandidat for rasen.
Det må vere noken som bur ikkje så alt for langt frå oss slik at vi kan halde god kontakt, passe ho her, ta ho ev med på utstilling osv. Ho må vere godt vand med oss for det er her ho eventuelt skal ha sine kull, då må ho bu her i ca 2 månader (eventuelt delvis). Du kan lese meir om det å vere forvert det her. Er dette noke du kunne tenke deg så følg med om det blir kvalper her til jul ;)
0 Comments
Endelig blei det Anemone sin tur å få deilig massasje med Monica på Ålesund Dyreklinikk!
Anemone har blitt 1 år og 7 mnd, 6,5 kilo og ei søt lita snuppe. Ho syntes det var litt vanskelig å roe seg ned til å begynne med for det er jo alltid så spennandes med alle luktene hos dyrlegen, men etter litt kjeks og "tvangs"-kosling blei det til at ho resignerte og la seg ned og nytte heile greia. Det er viktig at ho får gode assosiasjoner til både dyreklinikken og det å få massasje slik at ho klarer å slappe av. Vi starta og slutta med godbit og eg trur ho var ganske så fornøgd. Når ho måtte ligge ned så ville ho gjerne reise seg opp. Så her måtte det ekstra kos og nasesleikjer til for at ho skulle få fullt utbytte av massasjen. Ho fekk klapp, godsnakk og rolige stryk i pelsen under heile seansen. Monica skal bli massør og Anemone var så heldig som fekk lov å vere "prøvehund" for ho. Ally og Bonnie har tidligare vore her så dei har også. fått Alle tre hadde kjempegodt utbytte av det for Monica fann fort ut om der var nokre ømme punkt.
Av og til får cavalierjenene i huset ei halv gulrot eller en eplebit å knaske på. Det kan vere sundt å knaske gulerøtter også for hunder. Det gir også herlig vomfyll hvis din kjære treng å passe vekta bittelitt. Her i huset går det meste ned på høgkant. Til og med ein halv klementinbåt er stas sjølv om den kan vere sur :P
Og alt bør ein gi i små mengder, ialle fall til å begynne med ;) Det dei IKKJE skal ha er:
Druer Rosiner Løk Avokado Sjokolade Fruktkjerner/plommesteiner Varmebehandla bein Rå poteter (kan gi magebetennelse) Sukkerfrie drops/Xylotol Kryddermat (sei seg sjølv) Valnøtter og makadamianøtter (kan skade nerver og muskler) Gjærbakst (gjærer alkohol i magen) Feit mat (kan gi bukspyttkjertelen overproduksjon) Melk (laktoseintolerante er dei fleste hunder og katter) Til slutt: legg merke til ordet «kan» og bruk sunn fornuft! I dag blei Anemone augelyst og Bonnie fekk vaksine. Anemone hadde friske og fine auge og alt var heilt topp bortsett frå eitt augehår på kvart auge som var feilstilt. Så fanns det ein liten einslig liten ufarlig fold, ingen fare altså berre ho når den tid kjem får ein kavalierherremann fri for slikt. Så då ligg friattesten på auge i DogWeb :) Så til dagens herligste nyheiter: Bonnie sitt kne er friskmeldt! Hadde eg vore litt framsynt så hadde eg hatt med papirer frå klubben med meg og fått ein attest på det men pytt, det kan eg gjere seinere. No veit eg iallefall med sikkerheit at problemet med kneet som Bonnie hadde i vinter ikkje er noke arvligt og ho kanskje også ein dag kan bli mamma! :))))))
Tusen takk til Norsk Cavalierklubb for flott sløyfe til ALLY (Atti's Yasmin) 5 år. Ho har er den 5.mestvinnande rallycavalieren i 2017 og for 3.gong på rad :))))
Når ein går og venter på ting går tida litt seint...så må man finne på ting...
Måle mageomkrets feks.....det er på 39cm for tida. Så går vi ein tur i fjørå. Anemone, Bonnie og Ally: |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
September 2024
Framheva sider:
|