Da fekk vi bestått på utstillingskurset og ;)
Kjekt kurs for den som har lyst å trene til utstilling eller berre rett og slett for å trene på sosiale ferdigheiter til hunden.
0 Comments
Dette endte med 2 ganger Excellent og Ally sitt første CK. Vi er sååå stolte!!!
Fleire bilder finn du HER. Desse fekk Ally med seg då vi henta ho med oppdretter :)
1. Jeg lever bare i 15 år. Enhver atskillelse fra deg betyr sorg for meg. 2. Gi meg tid til å forstå hva du forlanger av meg. 3. Gjør meg tillitsfull - du er hele livet mitt. 4. Vær ikke sint på meg lenge av gangen, og sperr meg ikke inne som straff. 5. Du har ditt arbeide, dine fornøyelser, dine venner. Jeg har bare deg. 6. Snakk med meg. Selv om jeg ikke forstår ordene så blir jeg glad over å høre stemmen din. 7. Husk at jeg aldri glemmer hvordan du er mot meg. 8. Før du slår meg; Husk at tennene mine kan knuse hånden din, men jeg bruker ikke styrken min mot deg. 9. Når du er irritert på meg fordi du har mye å gjøre, så tenk på at jeg kanskje er syk, eller at jeg er trøtt og lei meg. 10. Ta deg av meg når jeg blir gammel. 11. Vær hos meg når jeg har det vanskelig. Alt blir lettere å bære fordi jeg har deg - Jeg elsker deg! Sunnmøre Hundeklubb arrangerer utstillingskurs med NKK Ålesund som mål. Vi måtte sjølvsagt vere med for litt åndelig og kroppslig påfyll.
På bildet ser ikkje Ally så fornøgd ut....vestavinden rett i rumpa :P Det er få gonger at det lønner seg å ha eit kvalpekull for å tjene penger. Sjå berre korleis dette regnestykket blir:
Kvalpeprisen på Cavalier er frå 2015 gått opp til 14000 kr 4 valper à 14000 kr = 56000 kr Små hunderaser får ofte mindre kull enn store hunderaser. Tispa må være vaksinert, helseundersøkt, øyenlyst og premiert. Det går ca -2000 kr til HD, AD. Vaksine og kontroll - 500 kr.- 900 kr til øyelysning. - 1500 kr til hjerteundersøkelse som Cavalierklubben anbefaler. Utstilling kan bli dyrt, spesielt for oss på Nordvestlandet då her ikkje er så mange og vi reiser langt. Men hvis vi held oss til dei lokale så er gjennomsnittet for 3 utstillinger med reise og påmeldingsavgift ca - 5000 kr. Cavalierklubben anbefaler at tispa skal minst ha excellent eller Very Good ved avl. Ein hannhundeigar vil kanskje ha 2500 kr for paring og 2000 kr pr levande kvalp etter 3 veker = - 10500 kr Tispa og oppdretter skal kanskje ha ekstra mat og utstyr i heimen. Kanskje kan dette vere ca - 5000 kr Dyrlegen skal ha sitt for veterinærkontroll og ID-merking og kennelklubben skal ha sitt for registrering. Dette kan komme på ca - 10000 kr Her under kjem det kanskje eit ekstra veterinærbesøk og ormekurer til alle kvalpane. Då har vi eit reknestykke slik: 56000 -2000 -500 -900 -1500 -5000 -10500 -10000 =26600 kr Så for moro skuld hvis ein skal regne timesbetaling kan 4 timer (ein bruker sjølvsagt meir enn dette ) kvar dag i 8 veker så blir det 224 timer. Då blir det ei timesbetaling på ca 119 kr... Og det er berre hvis ein er så heldig at alt går heilt etter boka. Eg har heller ikkje tatt med forsikring, oppdretterskulen eg har gått i Oslo osb.. Hvis ein må ha eit ekstra veterinærbesøk, fødselshjelp eller keisersnitt så kan ein jo fort sjå at det fins andre yrker ein bør vurdere.... Eg har heller ikkje rekna med progesterontester, ultralyd, røntgen ...dette kan fort komme på 3000 kr. Ei heller reise til og frå ein hannhund. Fly, hotell...? Fri frå jobb til paringstur og kvalpestell? ...der rauk overskuddet fort gitt. Min konklusjon er at dette gjer ein kun hvis ein er litt gal og heilt hekta på hund :) *** Så vil eg kome med eit hjertesukk... Håper at alle som vurderer å få seg hund ikkje støtter opp om useriøse oppdrettere slik at desse tjener penger på å spy ut kvalper etter avlsdyr som ikke har dei helseundersøkelsene dei burde ha og/eller objektive bedømmelser frå prøver og utstilling. Dersom useriøse oppdrettere får selge kvalper utan ein viss kontroll (uten stamtavler/ registrering i NKK/ skikkelige helseundersøkelser) vil dette få stadig fleire useriøse oppdrettere på markedet, mens dei som er seriøse tjener like lite som tidligere.... Då har eg valgt Weebly som webløysing for denne sida da den ser enkel og grei ut. Den er gratis -ialle fall til eg velger noko anna.
I skrivande stund venter eg spent på brev om at Kystcavalierens Kennel er godkjent som kennelnavn. Det er lenge å vente på å få godkjent kennelnavn då det må gå gjennom FCI's hovedkontor i Belgia og så Norsk Kennelklubb. Det er godkjent pr i dag men eg må enda vente til klagefrist går ut (den gikk ut 2.april) før eg kan ta det i bruk :) Heile prosessen tek 4 - 6 mnd. Eg tenkte like godt at eg kunne få gjort dette i tilfelle altså då at Ally oppfyller alle krav når ho er ca 2,5 år. Ja eg veit eg er tidig ute....men dette har vore ein draum i så mange år eg kan ikkje telle lengre :D Hvis det ikkje går som eg vil og viser seg at det ikkje blir eit kull frå Ally så vil dette uansett vere starten på noko får eg håpe. Og så er det jo skrytesida til Ally vår og ei fin opplysningsside håper eg! Namnet Kystcavalieren syns eg passer så godt til oss som bur her oss bur på kysten og eg syns det er norskt og passe staut. Eg har sidan registreringa sett at andre har ordet "kyst" i sitt kennelnavn men lite ante eg då eg la inn søknaden at ein av dei også var Cavalierer. Men det er alikevel så ulikt at det går nok bra. Eg tenkte at om eg var den andre hadde eg ikkje reagert ;) Å finne eit navn er ikkje gjort på ein to tre og det er viktig at ein kjenner seg heime i det. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
September 2024
Framheva sider:
|