Det er ikkje alltid at ting går som ein forventer.... Vi tok denne gongen to progesteron-prøver av Ally som begge viste 2, altså lite eller ingen stigning som bør vere rundt 40 ved eggløsning og paring. Det er slik at det dobler seg for kvar dag når det starter å stige og 2 er "normalnivå". Vi var kanskje tidlig å ta første test på fredag....men sist gong var jo Ally ganske tidlig klar (dag 9 viste 25) så da tenkte eg at det er bedre å ta to tester heller enn å sjangse på å kome for seint. Vi skulle tross alt kjøyre 75 MIL... Joda..så på mandag viste fredagens test at ingenting hadde starta...vi tok ny test mandag som vi då skulle på vite svare på på tirsdag. Så på mandag var vi rimelig sikker på at noke kunne starta å skje så vi tok sjangsen å starte turen nedover landet.... Tirsdag var vi så på Hamar og tok eit museumsbesøk mens vi venta på å kunne ringe vetereinær for testresultata...dei skulle vere klare etter kl 12-13. Så då vi fekk svaret at det framleis var berre 2.....DÅN!!! Kva gjer vi no??? Sonen (kjøyrehjelp og støttekontakt) tok det heile med stor ro og foreslo ein tur heimatt...og vi så gjorde.....kjøre kjøre... Godt at vi kan ha godt humør og huset på hjul (bobil)!! Ally er vandt til bobil-livet og ho føler seg trygg og god der. Slik var det kanskje endå bedre for ho denne gongen..sist så kjørde vi bil og det vart kanskje meir stress for ho. ~*~*~*~ Torsdag klarte eg ikkje vente lengre...vi kjører etter jobb! No MÅ det uansett ha skjedd noko!! Vi tok derimot ting med ro og fekk med oss Peer Gynt-spelet på Gålå torsdagskvelden (ein fin plass å ta natta også)...artig oppleving! Vi var framme i Bengtsfors i Sverige seint fredags kveld. Gjett om Ally vart tullete av Olle-lengsel då ho skjønte kvar vi hadde havna! Ho ulte og peip og kunne nesten ikkje klare å vente. Marielle kjende på Ally og eg fekk også kjenne og lære korleis dette skal kjennes. Jau -ho var muligens ganske straks klar...men vi venta til morgonen sidan det var så seint på kveld. Då dei endelig fekk møtast var det smock -rett på! :) Begge var spenna klar for dette som dei jo hadde fått smaken på sist gong. Det var ikkje mange danserundene på kjøkkengolvet før dei gjorde første forsøk. Det vart med 2 forsøk der det siste var ok, dei hang i nokre minutt. Dagen etter var dei like ivrig og då klarte dei seg heilt sjølve men vi var der og passa på, samt haldt dei litt ihop til dei satt i hop. Det varte i 1 time!!! Dette vart ei flott og vellukka paring! Blir det ikkje kvalper denne gongen så veit ikkje eg...då er ikkje denne kombinasjonen liv laga. No har vi iallfall gjort vårt for å få dette til og vi må smøre oss med tålmodigheit i minst tre veker før vi no kan starte å gjette på om det har blitt noke :) TVI TVI!! Ally og Olle danser litt rundt i hagen før vi fer inn på kjøkkenet og det blir ordentlig business :P Ally er spenna klar og stiller seg opp ...Olle må snuse og sparke og snøfte litt rundt før han hopper på. Dei andre løpetispene måtte sjå langt etter populære Olle... :P PS! Sjå dei søte Russian Toy-kvalpane bak til høgre og venstre i bildet...er dei ikkje søte!! :D Eg laga eit skjema som viser oversikt over dager, progesteron-nivå og elles...greit for å huske: Så var løpetid nr 5 her....litt raskare enn vi håpte for vi tok sjangsen på å melde på rallylydigheit i Nordfjordeid men det må vi nok no berre gløyme :P
Då er det å krysse fingrane for at vi klarer å få til ei vellukka paring i Sverige igjen. Tvi tvi! |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|