Tusen tusen takk til familien han har budd hos som har vore så flinke med han. Han kan sitt og bli og er ein høflig og fin liten herremann på 8 mnd som løfter så høgt han kan når han skal lage avis-innlegg på buskene ;)
Velkommen i gjengen Hazzel!
Då har begge to fått vaksine og chip. Kystcavalierens DryWhiskey 2 kg og Kystcavalierens DraftBear 2,2 kg. Blenheimen har ikkje fått ned begge steinane enda men tvi tvi. Begge er gode og runde og meget vakre :)
Om nokre dager reiser dei til sine nye heimer i Oslo og Ålesund. Det er alltid litt skummelt når kvalpane skal finne sin nye familie... Får den det bra? Vil den ha eit godt liv? No har eg tatt det viktige skrittet og lovd to familier få eit nytt familiemedlem.... to kvalper skal berike livet til dei heldige :)
Blenheimguten skal til Ålesund og trikolorguten skal til ein familie i Oslo. Men det er nokre dager til da.... vi nyter tida vi har igjen og gler oss til endelig å sove litt lengre på morgonen....hihi Eg er fortsatt i tenkeboksa kor desse gutane skal bu i sin forevigheim. Beklager så mykje om det tek litt tid :) Men her er dei....begge to heilt nydelige spør du meg :)))
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til Ally, Bonnie, Anemone og kvalpane i det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren Kategorier:
All
Arkiv:
September 2023
Framheva sider:
|