Eg er kjempeheldig!
Så trulig herlig å få brev frå kvalpekjøpere og få sjå kor fantastisk lisje Sofus sitt liv er <3 (fekk lov å dele ;))
0 Comments
En ca 10 minutters filmsnutt om kvalpelivet :D I dag har vi hatt det kjempekjekt! Amaranthus møtte brødrene sine for første gong!
Birk(trikolor), Eros og Noah! Dei var nok mest opptatt av Ally, men dei små var ganske så spennandes til tider :) Om eit par veker så kjem dei og henter Amaranthus så då flytter han heim til Isfjorden for godt <3 Så var dagen her....
Den yngste men største og mest lydhøre sjarmøren-no kalla SOFUS ...flytter heim :))) Eg er trist og glad på same tid.... No reiser han ut i den store verda og snart får han springe og leike med sine nye familiemedlemmer <3 Lykke til Sofus-guten og takk for at vi fekk låne deg desse 2 månadane!! Du er allereie høgt elska og mykje ønska av denne koselige familien: ![]() Då er A-kullet 8 veker gamle og leveringsklare. Amaranthus og Aster har fått nye heimer og Anemone blir her hos oss. I morgo reiser den første.... ![]() I dag har vi vore på Ålesund Dyreklinikk for ein sjekk og alt var heilt fint :) Amaranthus (som selvfølgelig er den som ikkje vises på bildet for han søv nedi vognburet) har ikkje fått ned begge steinane, men vi håper den kjem ned fort. Aster hadde perfekt kjeve men framtenne nede stod litt over dei oppe, men ingen fare, slikt retter seg heilt sikkert. Dei veg no 2,2kg (Anemone) 2,46kg (Amaranthus) og 2,7kg (Aster). Vaksina tok dei med fatning. Men gutta hylte då dei fekk chippen i nakken. Trøsta vart godbit og kos og vi vart nok tilgitt. Mange inntrykk denne dagen med tur til både veterinær og Oldeforeldre sin 70 års bryllupsdag! Ally gir dei av og til ein liten melkeskvett, men ho har avvent dei i tre veker allereie så dette er nok berre litt bonus. Ho har rikelig med melk i pattane enda og ho er ei veldig god mor. Passer dei og steller dei, og no har ho tødd litt meir opp og det er meir fart i ho når ho leiker med dei. "Tante" Bonnie tek det å vere tante veldig seriøst og leiker med dei og hjelper til med å passe på dei heile tida. Ho har vore gull verdt for Ally denne tida.
Kvalpane er så flinke og søv no heile natta (muligens litt piping av og til), og om morgonen er det rett ut på plena i full fart for å tisse og bæsje(synkront!) :) Dei et ca 40-50 gram tørrfor kvar iblanda litt våtfor(vom) på kvart måltid ca 4 gonger om dagen. No er det nesten berre RC Junior att. Vi har gitt dei RC Starter tidligare og no er det ganske utspedd med Junior. Ally et opp alle rester og får også mykje Starter og Junior-for. Ho kan godt legge på seg meir ei stund til. Pelsen hennar er nesten forsvunne (i tattane?) og vi ser heilt inn på huda...så lite pels har ho aldri hatt før... Ho får mykje ekstra snadder (egg, kjøttdeig o.l) for å bygge seg opp. Eg ser no at ho godt kunne fått meir tidligare... Ho har ete dobbelt så mykje som ho vanlig et i det siste! Ja det tek på å vere mor... Tenk at det no er berre ei veke til brødrene her får seg nye heimer...tida går alt for fort når ein koser seg. Tante Bonnie er blitt ein flink fredsmegler når to av dei slest litt....som regel er det Aster og Anemone ;) Amaranthus tek seg heller ein tur bort og undersøker noke heilt anna i fred og ro. Når dei blir plassert i bingen er det Aster som framleis har den sterkaste stemma men Anemone er hakk i hel. Like mamman sin dei ;) I dag har eg begynt å blande litt Junior RC for i babyforet slik at dei skal vere godt rusta til å ete Juniorfor når dei flytter. Kvalpepakkane har komt, men litt meir enn niste skal pakkast i dei før dei dreg ut i den store verda på eventyr. I går starta eg grasklipperen litt og det var litt skummelt... i dag berre kika dei på meg... skal tru kva som skjer i morga... Her er det framskritt kvar dag :) Det er full rulle bortover golvet når mor roper: "kommekommekomme" :D
Då er det enten full kosebehandling eller mat i fatet! Dei veks og trivst...tenk at dei er over sju gonger fødselsvekta si! Dei er så søte at mammahjertet svulmer og eg er heilt i hundehimmelen ❤ No slest dei og herjer med kvarandre...men i hendene er dei kosete og mjuke... Dei er fremdeles like flinke til å ete og sove, leike og kose. Om morgonen er det fullt hylekor helst før kl 7:00 og då er dei sååå tissetrengt at dei stuper ut av kassa for å tisse. Tante Bonnie er verdas beste tante. Det syns iallefall denne gjengen: |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|