Eg oppklever at det er ein del som lurer på kva dette er, noke eg også gjorde då eg var fersk hundeeigar. Så da tenkte eg at det kunne vere like greit å skrive litt om det eg veit om dette.
På første linken underst her fins en video av en cavalier med omvendt nysing. Det kan sjå ut som hundane blir perpleks og ikkje veit kva anna dei skal gjere og det kan sjå litt ekkelt ut då dei stivner litt til. Men det går som regel over av seg sjølv. Ally har det ein sjeldan gong men Bonnie har ikkje hatt det. Anemone har hatt ein liten opplevelse, men det var berre eit par snork og så slikka ho seg heldigvis rundt munnen og svelgde eit par gonger og det var over. Då dette skjedde var det hennar første løpetid. Noke som eg har merka meg er at det ofte er i forbindelse med løpetid at det skjer. Eg har min eigen teori om dette…det er jo då mjuke vev blir ekstra mjuke, noke som gjer at eg har hatt dei tankane. Men det er min teori ;)
0 Comments
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|