Kva er gjort i cavalierklubben dei siste par åra med tanke på å forbedre helsa til cavalieren?28/3/2019 Litt om dei største utfordringane først:
Hjertesjukdom (MVD): Det er 8 ganger større sjangse for at ein cavalier dør av denne hjertesjukdommen enn andre raser, ref Agriastatistikk. Men dei fleste cavalierer dør med denne, ikkje av den sjølv om 50 % får den i mild grad før dei når 6-7 år. Syringomyelia (SM): Ca 2 % av cavalierer er affisert og har symptomer på SM. Ca 70 % er scanna med funn av SM, men uten symptomer. altså merker ingen ting av det. Ca 98 % er scanna med funn av CM, hjerneform (lillehjerna pressa sammen) som kan henge sammen med SM. Dette gjeld også i meir eller mindre grader andre små hunderaser også som griffon, chihuaua, pomeranian osv. altså ingen cavaliersjukdom. Scanning kan gjerast to stader i norge der det koster mindre enn ca 8000 kr så dette er en stor kostnad. Hunden må ha full narkose og det er ein omfattande undersøkelse i MRI maskin. Så lenge en ikkje er sikker på om dette er måten å hindre SM på så er ikkje dette eit krav i klubben. SM har ei avansert og enno ukjent nedarving. Scanning over mange år i bl.a Nederland og Danmark har ikkje gitt det gode resultatet enn hadde forventa. Når det er sagt er scanninger viktig for at vi skal finne ut av sjukdommen. Patellaluksasjon( (PL) og hoftedysplasi (HD): Alle avlsdyr må sjekkast for PL (enkel undersøkelse). HD (narkoseundersøkelse) er ikkje så utbredt i rasen, ca 2 prosent. Augesjukdommer (Katarakt o.l): Alle avsldyr må augelysast så dei alvorlige sjukdommane blir luka ut. Kan enkelt gjerast hos dyrlege. Curly Coat Syndrome og Episodic Falling: Alle avlsdyr skal vere gentesta. P.g.a. en enkel gentest er dette no nesten utrydda, men det fins berarar av genet som fortsatt kan brukast i avl då dei ikkje gir sjuke avkom (resessiv nedarving). Avlskrav i klubben: Avlsdebut er økt til 3 år. Det vil sei at foreldre til avlsdyr er 6 år eller meir. Jo eldre hundane er jo meir fanger en opp det at dyr kan vere råka av hjerte og SM som er utviklingssjukdommer. Dette er den strengaste avlsalderdebut av andre lands klubber! Oppdrettere på klubbens oppdretterliste må delta på minst 1 kurs annakvart år. Det blir avholdt 1-2 kurs og oppdretterseminar i året til opplysning og debatt. Alle oppdrettere bør (må om dei skal stå på klubbens oppdretterliste) sende inn skjema på hunder som skal i avl og vere godkjent i.h.t ein hjertematrise. Det er avsrådet utnevnt av styret som kontrollerer at alle opplysninger er rette. Det må signerast på at avlsdyr er symptomfrie på SM og vere fysisk friske i tillegg til pålagte tester (som beskrevet ovanfor). Frå tidligare er hjerteattest og patellaattest som sjølvsagt må vere fri, det er uendra. Men nytt frå 1.1.2020 er at det er kun godkjente veterinærer av NKK som kan utføre hjerteundersøkelser og det skal inn i DogWeb. Anna styrearbeid: Styret har hatt eit stort arbeid med å sette i gang fjorårets årsmøtevedtak, dei nye avlsreglane. Dei har eit samarbeid med dei andre Nordiske landa der dei har møttest for å dele erfaringer og sette vegen vidare. Styrerepresentanter har deltatt på eit møte i England (moderlandet til CKCS) med den Engelske Cavalierklubben der det har vore diskutert helseutfordringer, utavl med anna rase o.l. RAS er blitt til og skal reviderast i 2019.
0 Comments
Etter å ha lest både ditt og datt så forstår eg litt meir men også litt mindre. Dette med arveganen til SM er veldig komplisert... Men eg har tru på at det å avle på eldre symptomfrie hunder er vegen å gå uansett scanning eller ei.
Meir tør eg nesten ikkje ha meining om akkurat no for her er det mykje som fortsatt er uvisst. Ein gentest kan vi iallefall sjå langt etter fordi det er så multipolygenetisk(mange faktorer som speler inn). Det er dog ting ein kan vere sikker på og det er at for å påvise om ein hund har SM så må det ligge ein MR-scan til grunn. Symptoma er ikkje nok for det kan vere alt frå allergi og ryggvondt til PSOM berre for å nemne noken få grunner. Og...her er viktig at det blir scanna slik at ein kan lære meir! Ein annan ting er at det ikkje er berre ein cavaliersjukdom. Fleire kortsnuta raser(brachycephalisme) kan stri med dette; cavalier-blandinger, griffon bruxellois, affenpinsher, chihuahua, yorkshire terrier, maltese, boston terriers, fransk bulldog, pug, pomeranian og brachycephaliske katter. Personlig kjenner eg enda ikkje noken med hund med SM men eg har hørt om eit par tilfeller blandt felles kjendte. Ei unødig opplysning kanskje...men vi må ikkje gløyme at det er hjerte til cavalieren som er den største utfordringa (MVD). Der trur eg også vi er på god veg til å avle oss ut av det med seleksjon, men det tek nok si tid. Eg er med i gruppa Cavalier King Charles Spaniel på Facebook med over 6-tusen medlemmer. Det er ganske så representativt for cavaliernorge vil eg tru med sine ca 8-600 registrerte hunder i NKK i året
Der kan man diskutere alt mellom himmel og jord og kose seg med maaange herlige bilder og filmsnutter med cavalierer :) Av og til så kjem spørsmålet frå noken som har lyst å skaffe seg ein cavalier og lurer på det med gemytt og helse. Då svarer folk villig i nord og sør kva erfaringer dei har med rasen. Eg har så lyst å gjenta noke her av det som blir skrevet, anonymt sjølvsagt. For eg trur det er mange fleire som lurer på dette som ikkje er på FB eller som ikkje har turt seg inn på denne lukka gruppa (enda);) «Cavalieren har ikke mer sykdom enn andre raser. Noen får Syringomyelia(SM) men ikke mange. En del får bilyd på hjertet men det behøver ikke være farlig det kan de leve med i mange år. Cavalieren elsker å lære triks, som de fleste hunder. De har et fantastisk gemytt. Jeg har aldri hørt om en Cavalier som har vært aggressiv eller har bitt noen. De ser ut som
Leder av veterinærforeninga påstår at rasestandard for vår rase gjer at vi avler sjuke hunder. Dette stemmer ikkje, det står tydelig i vår rasestandard at hunder skal ha flate hoder og ikkje for kort snute (ca 4cm)! Det er veldig viktig arbeid som er gjort med RAS da denne beskriv kva rasen skal vere …slik at f.eks dommere ikkje kan velge ut dei «søtaste», høgskalla (uten bakhaud, hjerna veks nemlig ikkje oppover!) og flatsnuta hundane. Det som er sørgelig er at dommere ofte (i utlandet...) gjer det.
Cavalierklubben og NKK vil vente på dei som forsker på SM, f.eks Nederland som no har eit nytt helseprogram for å teste dette vidare. Inntil da så er det mange oppdrettere som venter med å scanne hundane sine, men også fleire som gjer det. NRK påstod at scanning kosta 12-18000kr og at det er grunnen til at oppdrettere ikkje scanner… Altså, ja det er dyrt. Men gi meg ei scanning som garantert fungerer så vil eg scanne mine avlshunder, uten tvil! (Personlig har draumen om oppdrett kosta meg så langt over 150000kr…) Her i Ålesund koster det 8000kr å scanne. På Jeløya koster det 4000kr (for meg minst 4000kr å komme meg dit med hund). Men når det er komt fram at tester er så usikkert om det nytter, så venter også eg…litt… Kjem det ein gentest? Tvilsomt…dette er multigenetisk(usikker på riktig ord her men eg er ingen ekspert!) Samtidig når det er slik at ein må i narkose med hunden for å MRI scanne så er jo det ein risiko ein ikkje har lyst å utsette hunden for utan ein garanti … Kvalpane til A-kullet har fleire forfedre som er scanna fri (farfar, oldemor på farssida, tippoldemor på farssida, tipptipp oldefar på farfars side, og oldefar på morssida) og eg håper at det derfor er stor sjangse for at mine linjer har minst mulig grad av SM i seg. Dessverre er det altså slik at ingen uansett kan gi noke garanti. To scanna fri foreldre har nemlig gitt avkom med SM… Testprogram som har foregått har ikkje tatt bort fra avl dei som er scanna med SM men uten symptom(pga å ikkje gjere genpolen mindre) …så vi har skjønt at det går an å vere scanna med SM og ikkje har vist symptom og levd heilt som normalt… Så er det denne teorien om hodeform (CM)…den er ikkje tatt med i testprogrammet… Så er det det at ein scann kun viser eit bilde av situasjonen der og då (utviklingssjukdom) og at det kan forandre seg…ja ikkje veit eg då kva som er best å gjere… Ein viktig(are!) ting her er då å avle på eldre dyr (over 2,5 år og då para med ein på minst 4 år) då symptom på både SM og HJERTE (som tross alt er det som er Cavalieren si største utfordring!) kjem seinare i livet! Det er mykje vi ikkje veit om SM enda, det er det einaste som er sikkert. No legg eg meg ut for høgg, men inntil noken kan komme med nye innspel enn dei eg har hørt dei siste åra så er dette tanker eg har. Eg har ingen fasit men dette er det eg har lært til no. Lær meg gjerne meir! Det eg ønsker meg mest av alt er friske fine hunder av den beste rasen eg veit om ❤ |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|