Juhuu!! Eg har bestått eksamen på kurset "Adferdsproblemer hos hund" med Emma Garlant i HunOmHund!!!
Dette er tredje kurset eg går med Emma i år og eg anbefaler kursa hennar på det sterkaste!! Sjå HER
0 Comments
Bjeffer hunden din?
Tenker du at det kan vere lurt å kjøpe bjeffehalsband? (sitron,lyd,vibrasjon, ikkje strøm for det er jo no forbudt i Norge...) Ver så snill å tenk deg om! Det kan sjølvsagt høres ut som ein god ide og produktet er utrulig nok tilgjengelig i butikken… MEN: det fjerner (hvis det i heile tatt virker på din hund) kun SYMPTOM og ikkje GRUNN! Resultatet blir då ein undertrykt følelse av frustrasjon som ikkje blir fjerna (du kan sikkert klare å tenke deg DEN følelsen! ) I tillegg kan ein få uønska REAKSJONER som: …angst…. …sinne… …frustrasjon… …fortvilelse… …redsel… ...ubehag... ...gnagsår... …einsomheit… …rastlausheit… …auka stress… ...forvirring... ...panikk... …allergisjokk… ...engstelse... …slank lommebok… …time hos adferdsspesialst for å fikse nye og større problem... And the list can go on and on. So, please don’t! Framleis i tvil? Testet og forkastet! (Hundetrener Nina Haaland sin fantastiske blogg med mange tips): http://hundetreningifokus.blogspot.com/2016/03/bjeffehalsband-testet-og-forkastet.html TV2 hjelper deg har testet: https://www.tv2.no/a/8093369/ Mattilsynet henviser til lover (Hunden skal ikke med hensikt påføres frykt, skade eller unødige påkjenninger eller belastninger under trening jf. § 26 ) : https://www.mattilsynet.no/dyr_og_dyrehold/kjaledyr_og_konkurransedyr/hund/trening_av_hund__hva_er_lov.16447 Kva kan du gjere då?
Sorry –no quick fix :) Der leverte eg inn eksamensoppgåvå mi...tvi tvi :)
No har eg gått endå eit kurs med Emma igjen denne hausten. Ein kan trygt sei at en koser seg med innhaldet når ein tek seg i å flire og tenke kor heldig ein er som får lære av den beste! Det er berre ei fryd å sitte å gå gjennom presentasjonane for det går stadig opp nye lys. Kvifor gjer ikkje alle med hund dette?? Det er jo berre sjølve nøkkelen til å få eit godt forhold til hunden sin. Det er eigentlig så logisk og matematisk rett.....tenk at eg har gjort så mykje feil tidligare... Eg husker tida før eg fekk hund.....HAHAHA, det er jo heilt komisk no det ser eg. Vel no koser eg meg skikkelig, det har dokke sikkert skjønt ;) Eg anbefaler HunomHund! I dag regner det katter og HUNDER :P
Då fann eg ut at eg rydder litt her på heimesida.... Så da blei det litt ryddigare på sida mi om min faglige bakgrunn HER. Det må jo bli plass til fleire diplomer...ja for no skal eg straks på siste forelesning i kurset: "Læring – hvordan hunden lærer" med Emma Garlant i "Hun Om Hund" Eg avslutta eit i vår og har allereie meldt meg på det neste ;) Har det rabla for mor?
Nja...mulig det...hihi. Uansett så er det no med denne vogna god plass til tre små på utstilling, Mor får utstillingsbord og slepp å bøye seg ned for å stelle pelsen. Pluss no kan vi sykle ein tur om vi vil. Tidligare sykla mor med Ally...men med tre små var det umulig å få til. No sykler vi i allefall dit vi kan gå tur, istaden for å kjøyre bil. Ja det får vi sjå på no. I dag tester vi kokosolje med lavendel. Meir skånsomt flåttmiddel enn det fins vel ikkje?
Vi har kjøpt kokosolje på asiatisk butikk men den fins i fleire matbutikker. I tillegg skulle det vere lavendelolje men det hadde vi ikkje...så vi knuste ein lavendelblomst oppi og det dufter deilig. Vi varma det litt på ei skei og dryppa nokre dråper i nakken og gnikka litt ved ørene og oppunder. Herlig duft! Håper virkelig dette funker for her på hyttå så er det ein og annan ekling som hekter seg på dei. Editert; Vel, no har vi prøvd det nokre dager og desverre er det nok ikkje potte tett. Har plukka 3 lause og 2 faste på dei....jaja. Det lukta no himla godt da... :)
Eg er så heldig for eg har gått kurs hos Emma Garlandt som er superflink lærer og hundetrener/forleser/blogger - Eg anbefaler virkelig hennar kurs: HunOmHund
Då har eg sjølvsagt også meldt meg på dei neste to kursa... ;) Eg MÅ berre få skryte litt av meg sjølv og legge ut nokre av kommentarane frå Emma på del 2 av eksamen min: "Oppgave 2) Du møter en mann på bussen ... Digger svaret ditt! Så innmari gjennomtenkt! Noe som også skiller seg veldig ut er dette: “Hvis hunden absolutt ikkje trives med det så bør den slippe og alltid beskyttes fra barn”. Det er noe mange glemmer. De SKAL ha hunden til å slutte å være redd. Men man kan ikke bestemme slikt, for de er ikke maskiner. I noen tilfeller må man derfor bare innse at det er best å skjerme. BRA, Unni! Oppgave 3) Fortell dine refleksjoner når du hører utsagnet «La hunden være hund!» Dette svaret er poesi. Kombinasjonen av kloke tanker og vakkert mål. Virkelig! Kan liksom høre at det blir lest opp. Skulle jeg ha fremhevet ett eneste avsnitt, må det være dette: Ein hund er hverken ulv eller menneske, vi bør alle lære oss forskjellane for å få bedre forståelse for adferd. Først då vil vi kunne skjøne feks at ein hund ikkje glad men er stressa og eigentlig har det vondt. Fantastisk! Full skår på denne delen! Har du tenkt på å jobbe som atferdskonsulent, forresten? Eller gjør du det?" Plutselig her no i kveld så ser eg Anemone har fått to digre kladeiser med floker i kvar øyre :O Ho har ikkje bada på ein mnd så no begynne pelsen å bli litt trasig bak øyrene der det er ein plass som skit og ørevoks samler seg og lett lager floker. Vi bør halde ut for vi skal ikkje bade før om ei veke når det er utstilling i Tresfjorden :) Eg fekk eit tips via Facebook at ein kan bruke Natusan hårbalsamspray for barn. Genialt! Den funker som berre det! Då måtte vi demonstrere slik at kanskje fleire slepp å plages med denslags ;) No i desse utstillingstider er det lurt å ha Snood-hetter (som eg kaller dei) tilgjengelig. Her er dei veldig villige til å ha dei på for dei veit at det betyr: MAT eller GODBIT !! Det er jo litt kjedelig å vere nybada og så ete middag og halve øra må vaskast.... Det er jo ikkje alltid at det skjer, men det skjer ;) Ally tygde av seg ein bit av øret her ein dag då den surra seg inn i ein godbitpinne. Ho let seg sjølvsagt ikkje stoppe av den grunn...momsemomse-kutt-kutt. Det skal seiest at vi hadde flaks for det la seg lange hår over så det vises ikkje godt. Så over til nyheita: Shop Mamsen kunne jo sjølvsagt ikkje nøye seg med å sy tre....neida, ei styggevershelg kom det til minst ti... Så då blei det til at vi selger til dei som vil ha :) ShopSå hvis du har lyst å kjøpe er det berre å kaste seg over dei, først til mølla :D
Hvis du har lyst å sy sjølv er oppskrifta sånn ca slik: No er mor så stolt at det går ikkje an å vere stoltare!
Kem andre enn dei tre kosemose-turbertene er det som kjem på FORSIDA av medlemsbladet "Cavalieren"!! WOW altså... Bonnie, Anemone og Ally :D Det er høgstond i stua når dette bladet kjem i posten kan du tru. No skal det lesast frå perm til perm. Har du og lyst å lese sa du? Meld deg inn i klubben så får du bladet ;) No som det er så kaldt ute så får hundane ei ekstra runde med potesalve og det gjer godt for potane. Dei blir mjukare og tåler litt meir. Så kom eg jo på den glupe tingen at eg kunne filme litt... Her viser Anemone korleis ho snill og rolig aksepterer at eg steller litt, klipper klør og greier ut en floke på låret. Legg merke til at eg avslutter med litt kos... Eg har trua på at det er det som er kluet for å venne ein hund til å like å bli stellt. Eg begynte med å klippe klør frå ho var 2 veker...litt og litt og alltid gjere det til ei kosestund. Når ho blei ca 3-4 mnd kan det hende av og til at det blei en liten kamp. Då held eg ho bestemt, klipper 1 stk klo til og så koser maaassse og skryter maaassse. Legg merke til at eg held ho i eit trygt og godt grep slik at ho føler at ho sitt trygt og også slik at ho ikkje finn på å rykke til og kanskje skade seg. Hvis ho får låkt så lat som ingenting, masser ei lita stund og kos. Tålmodigheit er en dyd...ikkje gå for fort fram -litt kvar dag/veke er tingen. Alltid avslutt med kos og skryt. Ho vil då forbinde denne stunda med noke positivt :) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
April 2024
Framheva sider:
|