Cassie er litt småpysete og då nabojenta Nala blei så plutselig "stor" berre på nokre veker i haust så syns ho at ho vart litt skummel. Men i dag etter ei god stund der begge stod på kvar side av gjerdet og kika lengselsfult etter kvarandre så kom Nala endelig over gjerdet :) GJett om det vart gøy!
0 Comments
Nala over gjerdet igjen i dag og endelig fekk Cassie leike litt igjen med vår nye lille skjønne nabojente NALA :)
Her er frå vårt andre møte for nokre dager sidan... Tusen tusen takk til familien han har budd hos som har vore så flinke med han. Han kan sitt og bli og er ein høflig og fin liten herremann på 8 mnd som løfter så høgt han kan når han skal lage avis-innlegg på buskene ;)
Velkommen i gjengen Hazzel! Det er jo slik at når ein kjem med ei ny tispe til andre husvande tisper så er dei ofte veldig "overlegne" særlig om det er ein "plagsom" liten baby ;) Ally har vore ganske grei men streng om lisje Cassie har vore litt for nær når ho er leiken. Det er artig å sjå kor ho då føyer seg og lærer seg trikset å smyge seg koselig inntil med meir rolig framferd. No må eg presisere at eg held dei ganske adskildt og passer på som ein smed at ikkje noken plager andre. Ally får masse kos og ekstra godbiter no som lisje Cassie skal bli godtatt i flokken vår. Det har no sakte men sikkert gitt frukter og det er alltid godt å sjå :)
Med puter dandert under sofaen blei det litt sofakos i dag. Ally kan styre si begeistring for en liten kvalp men ho varmer opp litt og litt ;)
I dag har vi endelig fått heim vårt nye håp lille Cassie på 9,5 veker frå Liljeskogens kennel i Kvinlog på sørlandet. Vi er så heldige å få kjøpe denne nydelige jenta og vi har venta i 1,5 år på at ei passe tispe frå Liljeskogen skulle kunne bu her hos oss og no endelig har det skjedd :)))) Litt av teksta saksa frå NORDRE: "Fleire av desse områda i gamle Haram er stader der det ikkje er beitande dyr å ta hensyn til så det å ha hunden i band her utanom den vanlige båndtvanga er etter mi meining berre trist og rigid. Vi med hund klarer å ta hensyn til dei tobeinte hele året og det er det dei aller fleste med hund streber etter å gjere så ver så snill å ikkje gjere oss til kriminelle." No har fleire av smådamene i C-kullet starta å få den første løpetida si :)
Gutane er ofte slik som hos menneske pittelitt seinare i utviklinga men kjeme nok hakk i hel med si tenåringsfase. Denne perioda som hos små hunder gjerne varer frå 6 mnds alder til 1,5 års alder kan vere ganske travel. Kvalpen som var så god på innkalling og komandoer virker plutselig som dei ikkje "gidd" å høyre på eigar alltid. Fortvil ikkje, det er heilt normalt og artig nok ikkje så ulikt hos mennesker. Det er ikkje det at dei ikkje gidd eller vil med vilje trosser grenser, det er berre eit naturlig biprodukt av den utviklinga som foregår inni dei no og som tenåringer flest så treng dei ofte berre ein klem.... Eg fann denne artikkelen frå forskningsfronten og vil gjerne dele den med dokke: Hunder har også en tenåringsfase skriv "forskning.no" Kort sagt så hald ut, gi tryggheit, ikkje sett så strenge krav, men tren og la den ha det moro med andre. Høres ikkje så ukjent ut nei? :D Ja kvifor bruker vi belønningstrening? Det handler om kjærleik til hundane våre <3
OG det er jo meir logisk og ikkje minst mykje kjekkare for hundane våre om vi ber om det vi ønsker heller enn å skjenne bort det du ikkje vil ha.... Kva meiner eg egentlig? Det er mange som forklarer dette mykje bedre enn meg og desse her er verdt å lese: Inspirert av at eg alltid tenker på korleis hunder som kjem frå oss har det og at eg brenn for at vi skal forstå hundane våre så har eg laga denne guiden til dokke som leser bloggen vår :* PS! Ein tanke frå meg berre..... Ingen er perfekte ... ikkje meg og ikkje hundane mine! Kom berre på at eg må skrive her at alt er ikkje så gullande koselig heime alltid som det her på bloggen. kan virke. Men det er berre sånn at eg har lyst å spre glede heller enn mine sorger og gråe dager, derfor blir det mest av koselige glade bilder :) Sånn er det berre her på bloggen men IKKJE (alltid) i den virkelige verda altså. SÅnn, då var det sagt .....berre sånn at ikkje du trur det .... :) Men eg er optimist, det skal eg innrømme ;) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
August 2024
Framheva sider:
|