Cassie er ei kosejente som synes det er deilig med alt som gir massasje og kos. Kjemme seg er digg......dusje og bade er litt skummelt men deeeiiilig. Frottering er gøy og føning er det abolutt deiligste!! For den som lurer: VI bruker Chris Christensens sjampo og balsam.
Først er det greidd ut alle synlige floker. Så 2 gonger sjampo og 1 gong balsam etter grundige skyll. Så skyller vi ekstra grundig, spesielt under arma og der man kan oversjå såpe før vi frotterer lett med ein dans på gulvet. Deretter er det gøy-føning på golvet før det blir spa på bordet med føning av ører og bakpart. Om det fortsatt oppdages knuter feks bak øret eller bak armane i føninga blir desse grundig men forsiktig greidd ut. Når ørene er tørre er vi ferdig :) Her er cavalierstell-sida vår. Heldige Frøya har full underhalding med godterislikking medan mamma Monica fikser kloklipp!
Genialt eller? :) I dag har det vore badedag. Først en tur i fjæra og der ligg det jo diverse som lukter gammal fisk...
Det tek på å vere mamma for i øyrene blir det både babytiss og floker. Eg var ikkje så flink å greie ut alt før vi bada så her vil vi demonstrere kor lurt det er med å bruke ein god hundesjampoo OG balsam etterpå. For som dokke ser på bildet så brukte eg berre nokre sekund på å få ut floken etter badet med ein fintagga kam :) Mange lurer på kva dei treng til kvalpen sin når den kjem i hus. Det kan vere lurt å lese seg litt opp på ting så derfor lager eg her ei liste over det eg synes er lurt å ha. Kanskje til og med fleire lister..... skal vi sjå.... : PS! Husk det viktigaste i forberedelsen på kvalp -> les/lær deg hundespråk/ta eit onlinekurs eller lignande!
No i desse koronavirustider har eg bestemt meg for å ta ein testomgang på eit (online) kvalpekurs eg har snekra i hop dei siste månadane. Eg tenker å gi mine kvalpekjøpere dette kurset då eg synes det er viktig å komme ut med informasjon om dei nyaste metodane for hundehald. Og ikkje minst for at mine kvalper får dei beste og mest oppdaterte matforeldre som finst i heile verda :) Har du lyst å vere med på mine første prøve-forelesninger? Det er sjølvsagt med tanke på cavalierkvalper men kan passe for alle med alle typer kvalper. Eg tenker i første omgang på at det kan vere 3 forelesninger/kvleder der dokke kan høyre meg live og sjå plansjer eg viser. Det kan vare kanskje i 20-30 min alt etter tilbakemeldinger/spørsmål eg får. Deltakarane vil få ein link med meg på mail og kan delta med spørsmål undervegs. Høyres dette ut som det kan vere noke for deg? Har du kvalp frå oss er dette kurset gratis for deg og dine. Har du eller venter du på ein kvalp i framtida så er dette kurset også for deg men du må betale meg litt, 100kr ;) Eg vil starte når det blir nokre påmeldte og prøve å få det så det passer dei som vil vere med. Kurset vil ligge online i eit par veker så du får det med deg sjølv om du skulle vere opptatt ein eller fleire av kveldane. Fyll ut skjemaet her hvis du er interessert: Fekk lov å dele litt frå Kystcavalierens Born To Love You (Quinn) "Ozzy" (9 mnd) sitt liv!
Her viser han korleis han blir introdusert til klosaksa....først litt skepsis ... så er den dekt av deilige godbiter... så får matmor klippe klør mens han er opptatt av alle desse godbitane ;) Det er belønningstrening i praksis. Gå så sakte fram at saksa ikkje lenger er skummel, men en fin sak som får fram godbiter og godfølelsen ;) Flinke matmor og Ozzy <3 I desse deilige vår-sommerlige dager så tenker eg at eg har lyst å skrive litt om dette med pels og barbering.
Eg vil nemlig oppfordre om at du kun stusser/klipper din cavalier hvis det absolutt er nødvendig! Barbering er nemlig ikkje så lurt av fleire grunner. Det er ein stor risk for at pelsen vil bruke veldig lang tid på å bli skikkelig att. Og viktigast: det reduserer funksjonen til pelsen slik at den ikkje held hunden varm på kalde dager og kald på varme dager. Ja faktisk – er det ikkje rart? Den hjelper hunden til å halde seg sval i varmt ver også! Cavalieren har som mange andre (men ikkje alle) hunderaser to-lags pels. Eg har hørt at noken påstår annleis men ok, så langt har ingen forska på at dette er heilt sikkert hos cavalier(så vidt eg veit pr no), men eg vil la tvilen kome til gode og eg trur at den har fleire typer hår. (på Amerikansk Cavalierklubbs heimeside har det tidligare stått at den er singel silky men det er no tatt bor og det står kun silky) Cavalierpelsen er ikkje tydelig dobbel som andre hunderaser (pomeranien og border collie for eksempel) men jo dei ulike håra er der. Overhår/pels kan vere tjukkare og striare og eller meir silky, kan vere lengre og ligg meir over(kan til og med vere meir vannavisande). Og så har vi for eksempel puddel og yorkshire terrier med ett lags/hår –pels (som må klippast men ikkje røyter så mykje/raskt) - til sammenligning. Teikninga på bildet under er frå ein husky-lignande pels og der er jo to-delinga meir tydelig. Det er ikkje så tydelig todeling hos Cavalier(ei heller så tjukk og/eller tydelig i funksjon som hos husky sjølvsagt, men til og med labradorens korte pels er todelt), eg tipper den er meir sammensatt. Men vi må alle huske at cavalierer er også forskjellige og nokre har tjukk pels og andre har tynn. Ein av grunnane til at eg meiner pelsen til cavalieren er todelt er at når dei er kvalper så har ikkje pelsen overpels, den kjem seinare. Ergo vil eg tru at ein vil finne to typer hår/hårsekker om ein No er det ca 1,5 mnd sidan dei tre muskedusker har fått bada seg. Dei var ganske så seige og grå i pelsen pga grusveier så det var på høg tid. Eg sjamponerer to gonger og har i balsam før eg skyller veldig godt alle såperester ut. Eit sammenleggbart babybadekar er ganske genialt syns eg :) For tida bruker vi favoritten Chris Christensens-produkter men oss liker også Plush Puppy sine.
...er det tid for å ta ut den overflødige skogen...
Altså, pelsstell. Her er nokre bilde av pelsstellet etter turen i dag. Eg bruker kam og etter ca 10 minutt er Anemone god som ny. Ein halvtime seinere er pelsen tørr att også. Ja det får vi sjå på no. I dag tester vi kokosolje med lavendel. Meir skånsomt flåttmiddel enn det fins vel ikkje?
Vi har kjøpt kokosolje på asiatisk butikk men den fins i fleire matbutikker. I tillegg skulle det vere lavendelolje men det hadde vi ikkje...så vi knuste ein lavendelblomst oppi og det dufter deilig. Vi varma det litt på ei skei og dryppa nokre dråper i nakken og gnikka litt ved ørene og oppunder. Herlig duft! Håper virkelig dette funker for her på hyttå så er det ein og annan ekling som hekter seg på dei. Editert; Vel, no har vi prøvd det nokre dager og desverre er det nok ikkje potte tett. Har plukka 3 lause og 2 faste på dei....jaja. Det lukta no himla godt da... :) Plutselig her no i kveld så ser eg Anemone har fått to digre kladeiser med floker i kvar øyre :O Ho har ikkje bada på ein mnd så no begynne pelsen å bli litt trasig bak øyrene der det er ein plass som skit og ørevoks samler seg og lett lager floker. Vi bør halde ut for vi skal ikkje bade før om ei veke når det er utstilling i Tresfjorden :) Eg fekk eit tips via Facebook at ein kan bruke Natusan hårbalsamspray for barn. Genialt! Den funker som berre det! Då måtte vi demonstrere slik at kanskje fleire slepp å plages med denslags ;) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
October 2024
Framheva sider:
|