Neida...det er berre ein kosebamse trikolor og lille Cassie <3 No er dei omtrent samme størrelse :)
Cassie er ei skikkelig kosejente. Ho er lett å ha med å gjere, snill og oppmerksom. Akkurat no har Anemone løpetid og Cassie synes ho er litt dum å leike med av og til for ho skjøner ikkje alltid kva Anemone leiker.... (kremt....det er vel humpeleiken) Så derfor har Cassie lagt sin elsk på gamlemor Ally på 9,5 år og dei leiker dagen lang. Ally er kjempeglad så lenge leiken betyr at ho kan knurre litt og få det som ho vil...nemlig slikke og pusse og vaske fjeset til Cassie :P Cassie elsker oppmerksomheit uansett form så alle er fornøgd... hihi. Cassie et godt og er mykje lettare å få til å ete opp maten sin enn Anemone og Ally var. Men det er lettare å få dei til å ete når dei er fleire i lag enn ein. Når vi går tur er Cassie skikkelig flink og det har ho vore frå dag en. Anemone med si løpetid er litt skrullete og dreg i bandet for tida men det håper vi går over ganske snart :P Men no er ikkje vi kjent for å få fint i band anna enn når vi trener lydigheit og rally da..... Her får hundane snuse på det dei vil i grøftekantane når vi går tur. Naboane syns sikkert vi er skikkelig snåle som står og glor i ei grøft meir enn vi går men sånn er det når man vil få godt utbytte av turen sin....."avisa" må lesast nøye :) Lar du hunden din få snuse og lese alle dagens avisinnlegg? VI tapte i retten i dag. Uforståelig og trist... VI er uansett stolte over våre friske og fine cavalierer og går med hodet heva! Saka blir nok anka frå begge parter. Det gjer at det då ikkje er forbode hverken å eige eller å avle. Men det gjer at vi fortsatt må leve i uvissa kor utfallet av saka blir.
"Å forby avl på så vel friske som syke hunder bare fordi de kan sies å være av én bestemt rase, er ingen «seier for dyrevelferden». Link til saka og NKK Kronikk i NRK Ein god artikkel fra Buvik i dag: God hundeavl handler om god helseNorsk Kennel Klub har jobbet metodisk for bedre hundehelse på alle plan i flere tiår.
Det er så viktig at dei som lager reglane kan sine fag, venstre kan det tydeligvis ikkje. Mange trur at det handler om utsjånad, men det er feil. Det handler om å kunne få gi kvalpekjøpere ein hund dei veit vil vere slik dei såg for seg. Feks ein terrier og ein cavalier har to vidt forskjellige gemytt og behov. For å hindre omplassering av hunder er det viktig å vite at du fekk hunden som passa i livet ditt. Det er hundevelferd! NKK og mattilsynet har i årevis jobba hardt for helse, la dei få fortsette med det! At vi treng gode og strengare regler for avl er sikkert, men det må komme frå dei som kan det. |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
October 2024
Framheva sider:
|