Eg har ein kvardags - hage/hobby - tur - sakte-TV - Vlog på Youtube som heiter Sjarmhagen og i siste episode så bada eg Anemone og filma litt av det. Kanskje du har lyst å ta en titt :) PS! Det er ikkje reklame for balsamen på filmen altså men det er den vi bruker for tida og den er jo ganske grei. Etterpå får du sjå kor alle tre sett seg ned for å bli føna. Dei to minste var jo ferdige men dei elsker å bli føna så då kjem dei springande dei også når eg skulle føne ho eldste ;)
0 Comments
I dag var Ally på sjekk hos Dyreklinikken med ultralyd. Ho starta som nevnt før på hjertemedisin då ho var 10 år. No har det ikkje skjedd noke endring enda så fortsatt så er ho som vanlig like fresk som ho bruker å vere, gamle dama vår :)
Her er ho frå torsdagsturen: Tenk så heldige desse to her var da som blei så beste venner og livskamerater. Tassen hadde mista sine to eldre forbilder Noah og Eros berre månader tidligare så han var både lei seg og pjusk. Så kom nyheita om at Hazze-Anton måtte ha ein ny heim. Første prøvemøtet mellom dei to karane var først med skepsis ... men så skjedde det noke på vegen. Eit vennskap blei født og Anton flytta til Isfjorden.
To kompiser som i dag er uadskillelige venner som leiker, et og koser seg i lag. Godt var det at dei no har vore to då matfar brått blei åleine. Kvil i fred mi navnesøster og gode venninne. Vi møtast nok igjen.... i mellomtida tek vi vare på oss sjølve og dei som er igjen <3 Mamsen har det travelt med såpelaging og julemesser for tida så her kjem berre litt bilder frå november så langt. Tur og kos med paps. Badebilde av Cassie også da :)
Sommeren for oss i år er heime med hagekos og små turer rundt om.
Vi har hatt ein liten bobilferie på Bjorli og vi har besøkt Tassen og Anton i Isfjorden. Ellers blir det heime og på hyttå når veret eller oss vil :) Liljeskogens Hazel Russeprinsesse blei født på veg til dyrlegen ved et russetreff så derav navnet på denne skjønne jenta vår :) Ho er snill og søt som dagen er lang og veldig veldig pratsom jente. Elsker kos og litt meire kos. God bursdag søte Cassie <3 Hasse (snart 2 år) har skifta navn til Anton og flytta til Isfjorden til onkel Tassen (straks 7 år). Dei har funne tonen og leiker og tisser på turer om kapp dagen lang. Tassen spring etter ballen og Anton springer etter Tassen. Begge leiker seg godt i lag og no har dei også sove godt side om side.. Ein lykkelig slutt på historien om Hasse som desverre pga helse måtte finne ein ny heim. Bedre kan ein gut vel ikkje få det <3
|
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
Alle
Arkiv:
januar 2025
Framheva sider:
|