Fjelltur i hagl og regn.... Heldigvis blei det litt opphald også.
Vi fekk iallefall lufta oss godt i dag...... vi trengte det etter alt som skjer i cavaliermiljøet for tida. Mange er lei seg og treng trøst..... vi likeså...... VI minnes Bonnie i dag som hadde blitt 7 i dag om ho hadde levd <3 I dag kom dommen frå høgsterett.....
no er det ikkje lov å avle på reinrasa cavalierer i Norge ... NRK: Dom i Høyesterett Høgsterett: Avgjørelse Dommen i si heilheit NKK: Om ansvarlig raseavl Eg har no skumlest dommen..... Det blei 3 mot 2 dommerstemmer.... ..... ein domavgjerelse i dissidens! Ikkje rart at det tok si tid å få bestemt dette for det er virkelig ikkje satt kva som er det luraste å gjere i denne saka. Dei nye tala som klubben la fram frå helseundersøkelse i 2023 ville ikkje høgserett sjå på då dei tala ikkje hadde komt i noke vitenskapelig tidsskrift...enda. Desse tala er bedre enn dei tala som tidligare er publisert i utlandet (som vart lagt til grunn). Mi bekymring er no om vi let ein av dei beste cavalier-genpolane i verda gå tapt pga forbud? VIlle det ha vore bedre å få strengare regler for avl ved sida av eit utkrysningsprosjekt`? Eg meiner det siste.....så meinte også to av dommarane. I dag er ein trist dag..... No må alle oppdrettere av cavalier gå i tenkeboksa .... Vil vi fortsette å sloss for rasen vår? Kanskje kan vi gå vegen å snakke sammen med NCK, NKK og mattilsynet for å få i gang utkryssa generasjoner som vi kan ha som utgangspunkt for den "nye" cavalieren.? Det var åpning for noke slikt i dommens linje 143.. osb. Om tala er som eg og alle mine oppdretterkollegaer trur så har vi allereie eit forsprang på helsegevinsten. Vi har ikkje mange år/generasjoner på å få rasen bedre helsemessig slik som føringane ligg no.....men det er absolutt ikkje umulig! Som mange med meg, og blandt anna dyrlegane eg bruker seier så er dette verdens snillaste og finaste rase som passer dei fleste. Gemyttet er heilt fantastisk... ørene lange og søte.... vi har ingenting å tape. Eg bretter gjerne opp armane om eg får lov. OBS: Det er fortsatt lov å eige cavalier! Det er fortsatt lov å avle på blandinger av cavalier! Det er fortsatt lov å importere cavalier frå andre land der det på langt nær er samme strenge regler for avl som vi hadde i Norge!! |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|