I dag har vi hatt Molly på besøk, ho skal få seg ei lita søster frå oss. Heile familien venter spent på å få seg ei ny cavaliersøster og no er det berre ei og ei halv veke att....
No er alle sammen mellom 1150 og 1550 gram og dei har lagt på seg rundt 300gram siste veka. Dei et godt 4 gonger om dagen og innimellom tattesuper med mor Anemone.
Og så har vi prøvd å ta litt bilder igjen... Dei var forresten på sin første køyretur i går og det gikk kjempebra :) I dag har det vore badedag. Først en tur i fjæra og der ligg det jo diverse som lukter gammal fisk...
Det tek på å vere mamma for i øyrene blir det både babytiss og floker. Eg var ikkje så flink å greie ut alt før vi bada så her vil vi demonstrere kor lurt det er med å bruke ein god hundesjampoo OG balsam etterpå. For som dokke ser på bildet så brukte eg berre nokre sekund på å få ut floken etter badet med ein fintagga kam :) For tida får vi besøk av kvalpekjøpere og andre som hjelper til med å sosialisere småttisane. Her fekk vi god hjelp frå Thomas :)
I dag er dei 5 veker!
Dei starter no på den 6.leveveka og ny ormekur (Panacur pasta 3dager x 3) Dei et oppblautt tørrfor 4 gonger pr dag og får tattesuper med mor omtrent både før og etter ;) No er dei også straks registrert ferdig i DogWeb! PS! Kem som skal kor er ikkje bestemt enda...beklager å måtte halde dokke på pinebenken så lenge men her må det tenkast O:) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|