Plutselig her no i kveld så ser eg Anemone har fått to digre kladeiser med floker i kvar øyre :O Ho har ikkje bada på ein mnd så no begynne pelsen å bli litt trasig bak øyrene der det er ein plass som skit og ørevoks samler seg og lett lager floker. Vi bør halde ut for vi skal ikkje bade før om ei veke når det er utstilling i Tresfjorden :) Eg fekk eit tips via Facebook at ein kan bruke Natusan hårbalsamspray for barn. Genialt! Den funker som berre det! Då måtte vi demonstrere slik at kanskje fleire slepp å plages med denslags ;)
0 Comments
Hadde dette vore en offentlig konkurranse så hadde Anemone fått 1.premiering i 1.klasse med 2.plass! Wohoo! Det er "berre" Sunnmøre Hundeklubb sin Cup da men gjett om vi er stolte!!!
Første gong Anemone prøver ei heil bane uten godbit og det gjekk så det suste :D Mor er lettare sjokkskadd HAHA. Bonnie og Ally var også kjempeflinke! Ally diska mor desverre ved å ta ein ekstra og unødvendig gjentagelse,...aj aj... Bonnie tok desverre en sitt bak mors rygg,elles ganske bra men litt ukonsentrert :P Vi har berre å øve til Cup del 3 :) ...og det kan for enkelte vere veldig veldig behagelig... :) Kiropraktor Harriet har massert og kjent på alle tre. Anemone demonstrerer nytelse på massasjebenken ;) Alle tre skal no gjere nokre øvelser slik at dei blir sterke og gode i kroppen sin der dei treng litt ekstra oppmerksomheit. Bonnie som hadde vore med Harriet før ein gong hadde allereie store endringer og vi håper at kneet som ho fekk låkt i blir like sterkt som det var. Ally hadde også litt stivheit i ryggen og skal tilbake for ein sjekk litt seinare.
Alt det beste for mine tre søte små <3 No for tida er det cup 1,2 og 3 i Sunnmøre Hundeklubb. Bonnie og Ally blei med i Cup-runde 1 og begge fekk førstepremiering (over en viss poengsum) i si klasse :)
Mor er mektig stolt og imponert og no bestemte vi oss for at NO skal lisje Anemone også til pers! Då øver vi (nesten) kvar dag i ei veke så får vi sjå kva ho kan klare ;) Førsteklasse er jo med band og slettes ikkje skummelt og berre gøy så kvifor ikkje!? Har du lyst å bli med kanskje? Møt opp og sjå :) Du finn info på FB. Dei siste vekene har vi vore litt rolig i heimen for Bonnie var nemlig med kiropraktor Harriet hos Ålesund Dyreklinikk her om dagen. Ho har "tråkka seg litt skeiv", og takka vere oppdretter og venner på utstilling kunne vante auge sjå at det var "noke med ho". Ho hadde jo skada kneet sitt i vinter og no trur vi at det kan ha komt av nettopp dette. Å joda, kiropraktor kunne både sjå og kjenne at ho trengte litt hjelp. Ho blei knaka og knirka og massert litt på plass og mor har fått mange øvelser som vi no skal gjere framover. Det snåle er at no syns vi aller her at vi ser ein forskjell :O Tenk det!
Av dette har vi lært meir om haldning, gange, muskler og skjelett...ikkje så gale at det ikkje er godt for noke. Ved neste sjekk hos kiropraktor Harriet skal no derfor alle tre cavalierjentene sjekke seg. Først då kan mor sove godt om natta og vite at her er alt i skjønnaste orden. Så litt turbilder :) |
Unni skriv......litt om det som skjer i livet til 3 søte små cavalierdamer og det som var det knøttlisje oppdrettet Kystcavalieren... Kategorier:
All
Arkiv:
November 2024
Framheva sider:
|